Val McDermid er ein sensasjon som etter mi meining det er alt for få norske lesarar som har oppdaga. Ho er ei imponerande dame med ein skarp penn, og ikkje berre var The Vanishing Point ei fantastisk bok, velskriven med gode kakraterar og eit utspekulert plott. Det var òg The Mermaids Singing. Slik det ser ut, når eg ser på Wikipedia har ho skrive tre kriminalseriar om ein annan, og slik det ser ut var The Mermaids Singing den første boka i den tredje serien ho hadde byrja på. Den første var altså om Lindsay Gordon-serien som vart byrja på i 1987 og avslutta i 2003, den andre om Kate Branigan som vart byrja på i 1992 og avslutta i 1998 og den tredje om Tony Hill og Carol Jordan vart byrja på i 1995 og avslutta i 2011, så ho har hatt nok å henge fingrane i, og i tillegg har ho gitt i fleire enkeltståande bøker i mellomtida. Jojo, minner litt om Lahlum, sett frå eit norsk perspektiv.
The Mermaids Singing er altså første boka i serien om Tony Hill og Carol Jordan. Tony Hill er ein psykolog som jobbar spesielt med å kartlegge adferda til kriminelle, i denne boka ein seriemordar. Carol Jordan er ein etterforskar som tek seg av den praktiske delen med å finne ut kven det er. Nei, Hill finn ikkje nøyaktig kven, men greier i det minste å minske utvalet av mistenkte ved å kartlegge personen på andre måtar. Han gir tydeleg uttrykk for at det ikkje er hans jobb å ta over for politiet.
Når boka byrjar har tre menn blitt funne drepne, to av dei dumpa i eit område kor homofile vankar. Den fjerde blir funnen i byrjinga av boka, rett etter at Tony Hill har blitt spurt om å bistå. I byrjinga ser det ut til at mennene kanskje er drepne, fordi dei er homofile, og at det er ein seriemordar som siktar seg inn mot homofile menn, men det ser ikkje ut til at nokon av dei har hatt tilknytting til eit slikt liv. Kva er det då seriemordaren er ute etter, og greier Hill å lage ein passande profil?
Seriemordarar er eit tema eg har lese om før. Sommerdøden av Mons Kallentoft, X av Helge Thime-Iversen og fleire andre kriminalromanar har liknande plott, og sommerdøden har litt av det same i seg, utan at det er det same likevel. Serienmordarar høyres heilt frykteleg keisamt ut for mange. Det er jo såååå klassisk og lite gjennomtenkt. Eg må berre seie at boka var overraskande god til å ha med ein seriemordar. Vinklinga er ei litt anna i denne boka. For det første er boka vel så mykje ein pyskologisk thriller som ein kriminalroman. I kvart andre kapittel er det seriemordaren som fortel, utan å røpe noko som gjer at me tenkjer at der var det ein glipp og der forstod me alt. Det geniale ved desse kapitla var at me fekk sjå tenkjemåten til seriemordaren utan å vite noko anna. Kapitla er fortalt i første person, noko som gjer at verken namn eller kjønn trenger å bli nemnt av forfattaren. Dei andre kapitla har ein autoral synsvinkel. Det vil seie at me får følge fleire personar, blant anna Carol Jordan, Tony Hill, John Brandon og Tom Cross. Ved å bygge opp boka på denne måten lagar forfattaren ei spenningskurve. Karakterane er viktige, og korleis McDermid har skildra dei er eit viktig kjenneteikn ved bøkene hennar.
Ho fortel mykje om dei gjennom deira eigne tankar eller dialogar. Det står ikkje svart på kvitt at "Tony Hill is pykolog with education from Manchester". No hugsar eg ikkje heile utdanninga til verken han eller Carol, men det kjem i alle fall fram gjennom ein samtale mellom dei to. Han fortel òg mykje gjennom handlingar og tankar om seg sjølv, akkurat slik som Carol. Det står ikkje at Carol er slik og slik, men det kjem fram gjennom hennar måte å tenkje, handle og snakke på. Dette er noko av det som gjer at ei bok er av god litterær kvalitet. Viss forfattaren byrjar med ei utgreiing der han eller ho skildrar karakterane frå A til Å blir det keisamt, lite fargerikt og dårleg litterær kvalitet.
På mange måtar er McDermids bøker for dei som har lese Gillian Flynn. Sjølv om Flynn ikkje har mykje politiarbeid med i bøkene sine, har ho likevel med mykje av den psykiske spenninga. At The Mermaids Singing er ein psykologsik thriller viser igjen på mange måtar. For det første er det ikkje ei bok der ein blir med gjennom ei kriminalsak frå A til Å, men det startar med at det fjerde liket blir funnen. Seriemordaren følgjer me frå det første drapet, noko som gjer at handlingane ikkje blir heilt paralelle. I tillegg kjem tankane og motiva til seriemordaren betre fram, noko som går veldig mykje på det psykiske. Du kan òg sjå det på relasjonane mellom karakterane. Den psykiske thrillaren som føregår mellom seriemordaren og Tony Hill, den psykiske thrillaren mellom seriemordaren og Carol Jordan og den psykiske thrillaren mellom de to hovudpersonane. Det er psykologi overalt i boka, utan at det blir gjort til store faguttrykk og ei bok for dei som kan faget. Du merker det på at du får god tilgang til tankane deira.
Det beste med det heile er at svaret er tilfredsstillande. I nokre kriminalromanar sit du igjen og tenkjer: "Å, var svaret så keisamt. Det forstod eg jo frå side ein." I andre bøker tenkjer du: "What? Korleis kjem forfattaren fram til dette svaret. Det er ikkje logisk, det burde heller vore den karakteren." I nokre få bøker sit du og tenkjer: "Hah, genialt. Dette var slik det skal vere!" Begge dei to bøkene til McDermid eg har lese til no har vore slik. I denne siste visste eg såpass mykje om hennar skrivemåte og romanar at eg forstod kven det var, eller eg trudde at eg visste det, sjølv om eg vart svært usikker ved nokre anledingar, og då meiner eg svært usikker. Men eg ville gjerne at det skulle vere den karakteren eg trudde det var, og då gjorde det ikkje noko om eg visste det, fordi eg visste at det var eit genialt trekk av forfattaren og at mange lesarar ville bli tilfredsstilte av dette svaret. Dei ville føle at romanen var ferdig og at alt var fulltstendig. Det er ikkje alltid du sit igjen med den kjensla etter å ha lese krim.
McDermid er i ein klasse for seg, og dette er bøker som faller i smak hos dei fleste som er fans av psykologiske thrillarar eller kriminalromanar.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare