onsdag 14. august 2013

Bok/biografi: Bra nok! av Lene Alexandra Øien

I anledning bokbloggarprisen fann eg òg ut at eg ville lese nokre norske biografiar, og blant dei var denne boka av Lene Alexadra Øien, vinnar av Skal vi danse (2008), deltakar på Robinson-ekspedisjonen og Idol. I denne boka fortel ho om ei turbulent ungdomstid og jakta på mediamerksemd seinare, då ho slo gjennom med låta My boobs are ok, som sikkert dei fleste av oss har høyrt, frivillig eller ufrivillig.

Det står klart for meg etter å ha lese denne boka at Øien har opplevd langt meir enn det eg hadde trudd, etter å ha blitt både utsett for gruppevaldtekt og prøvd ulike rusmiddel. Ho skriv om dårleg sjølvtilig, "spiseforstyrrelser"og andre alvorlege hendingar i livet. Likevel er det noko litt distansert over det. Eg trur det er få lesarar som sit med lommetørkler og snytepapir. Det er ikkje nødvendigvis detaljar om absolutt alt eg vil ha, men eit språk med fleire kjensler. Det er ikkje noko veldig personleg over språket, sjølv om ho viser til nokre av dei mest personlege hendingane i livet hennar, noko som er litt kræsj.

Det er ikkje veldig mykje refleksjon. Det er faktisk minimalt med refleksjon og spørsmål til ettertanke. Litt er det sjølvsagt, men det er meir ei forteljing som ikkje stiller spørsmål. Det verker som om forfattaren prøver å skrive ned alt på fortast mogleg måte utan å dvele ved noko. Det går veldig raskt, og sjølv om boka er om henne og på litt over 150 sider, går alt frå side 95 på mental trening, trening og kosthald, og lesarane les jo for å vite meir om Øien og ikkje om mental trening. Mental trening kan vere sunt, og ho skriv mykje bra om sjølvtilit, men alt gjekk så frykteleg fort, og i slutten kom det noko eg aldri hadde lese om det stod i ei bok for seg sjølv. Sjølvsagt kan det vere forskjell på lesarane, men etter mi meining kunne ho ha skrive meir om livet og seg sjølv enn å vie over 1/3 av boka til mental trening.

"Velskrive" er ikkje ordet eg ville brukt om sjølvbiografien, dessverre. I motsetning til Lippestads biografi har Øiens ikkje den same fengane skrivemåten, og det er ein veldig oppsumerande måte å skrive på.
Jeg avbrøt stadig i timene, og dessuten hadde jeg problemer med å sitte stille. Jeg var rastløs og utålmodig - og likte at det hele tiden skjedde ting. Dessuten elsket jeg som sagt oppmerksomhet. 
Bra nok! av Lene Alexandra Øien, side 19
På desse tre setningane blir dessuten gjennteke to gonger, og det var slik at eg reagerte veldig på det, og hadde eg skrive dette i ein norsktekst hadde eg fått beskjed av læraren min om å variere språket meir og ikkje bruke same ord ofte. Slik var det òg andre stader i boka, og mange setningar startar med jeg. Dette gjer språket langt mindre fargerikt og variert, og som eg sa, det gjer det veldig oppsummerande. Likevel har Øien laga ein veldig oversiktleg biografi, og det er greitt å følgje med på namna til personane, sidan det ikkje er så mange namn, og du forstår nesten alltid, ikkje heilt alltid, kor i historia du er. Ein bruker ikkje lang tid på å komme seg gjennom boka, og viss ein synes at boka er tvers gjennom dårleg, noko eg ikkje gjorde, er det ikkje slik at du trenger å vere redd for å "bruke opp tida" på denne. Bra nok! er delt opp i kapittel og "underkapittel", slik at det stadig er nye overskrifter. Kvar gong det er eit heilt nytt kapittel er det pryda med eit bilete av forfattaren og eit engelsk sitat som har noko med sjølvbilete å gjre. Det er sikkert gjort i beste meining, men det er noko med det som gjer at eg synes dei kunne ha hoppa over bileta til kapitteloverskriftene. Saman med dei engelske sitata er det noko tenåringsaktig over det, som for meg trekker ned. 

9 kommentarer:

  1. Nok en god og grundig omtale fra din hånd! Viktig påminner til meg selv også om at jeg må sørge for å få lest litt norsk sakprosa i år. Veldig flott, nytt design på bloggen din nå også!

    SvarSlett
    Svar
    1. Og der gjentok jeg "også" et par ganger gitt, hehe.

      Slett
    2. Takk for skryt for både omtale og design :)

      Slett
  2. Takk for fin omtale! Det er nok ikkje ein biografi eg hadde valgt sjølv ;) Ynskjer deg ein glad dag :)
    Pia xx

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg forstår at det kanskje ikkje er den mest interessante biografien ein kan lese :) Trur ikkje eg hadde valt boka sjølv hadde eg visst korleis ho var på førehand.

      Slett
  3. Så ett intervju på tv av denne damen, og da fikk jeg litt lyst å lese boken. Men når hun prater mye om mental trening, dalte litt iveren med å lese den. Høres ut som en ok bok, men ikke en man går så mye glipp av å ikke lese. Finnes jo så mye andre gode biografier. Kjempefint skrevet om boken forresten, godt jobbet, du er bare så flink synes jeg!:) Ha en toppers dag, Mai Lene!:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det med mental trening er heilt klart eit stort minus spør du meg. Og du har rett, det gjer ikkje noko å gå glipp av denne boka. Takk for skryt og fine ord forrensten. Du òg må ha ein toppers dag :)

      Slett
  4. Jeg hadde nok heller ikke valgt denne, selv om jeg i anledning biografisirkelen stadig er på utkikk etter spennende biografimatriale. Du kan kanskje delta med denne omtalen i neste runde - kategorien er staute kvinnfolk -)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kanskje eg skal delta med denne i biografisirkelen ja :) God idé :)

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...