søndag 11. august 2013

"Man skal ikke plage andre, men skal være grei og snill og for øvrig kan man gjøre som man vil" ?

Eg har merka meg at dei siste dagane har diskusjonen rundt seriøsitet, habilitet og truverd. Eg laga òg eit innlegg om dette i fjor rett etter bokbloggartreffet som eg kalla "Kva er ein god bokbloggar?" Mykje av det eg skreiv om utvikling er eg framleis einig med meg sjølv i, og det at me har forskjellige meiningar er eg òg einig i. Likevel er det nokre tankar som eg har endra på, og noko eg er ueinig med meg sjølv i. Så kvifor har eg ikkje sletta innlegget? Hm, rett og slett fordi eg har vore viss på at ein dag vil det kome eit nytt innlegg om det der eg kanskje skriv på ein annan måte og viser fram andre meiningar. Å slette det innlegget kan verke feigt osv, og eg har heller tenkt å legge igjen linken til dette under slik at dei som les det forstår dei meiningane eg no har om temaet. Litt snuoperasjon, ja, men det er lov å ombestemme seg litt, berre ein er ærleg om både tidlegare meiningar og det ein meiner no.
Eg burde kanskje ha laga eit innlegget om dette tidlegare, sidan det er litt lang tid sidan eg har endra meiningar om saker og ting, men eg har prøvd å skrive litt om det i nokre blogginnlegg, utan å seie heilt tydeleg at noko av det eg skreiv den gongen, ville eg ha skrive i dag. No skriv eg det!
God litteratur, men ikkje
heilt min smak.

Den gongen skreiv eg at me burde ha rett til å meine kva me ville om ei bok, og at ingen kunne skrive
at noko litteratur var av dårleg kvalitet, for det var opp til kvar enkelt. Jo, ein skal ha rett til å meine kva ein vil om bøker. Eg kan sjå på meg sjølv nokre gonger at eg har lese ei dårleg skrive boka, og at eg har reagert på skrivemåte, historie, struktur eller noko anna, men likevel likt boka og difor latt vere å skrive om det negative og nærast framstilt det som god litteratur. I ettertid har eg tenkt at finn eg feil i boka, uansett kor godt eg liker henne, må eg skrive om det, for det er forskjell på gode leseopplevingar og god litteratur. Ein må kunne klare å skrive ærleg om ei bok og skilje mellom litteraturkvalitet frå leseopplevinga. Sjølvsagt er me ikkje alle einige om kva som er god og dårleg litteratur, der òg er det sprik, men viss eg ikkje eg liker ei bok, men likevel merker at ho velskriven og dette er av god kvalitet, kan ikkje eg dra boka ned i søla for å vere heilt forferdeleg dårleg. Då blir det meir truverdig at ein faktisk skriv at det ikkje er etter vår smak, men likevel poengterer dei gode sidene ved boka. Leseoppleving henger veldig ofte saman med kvaliteten, men ikkje alltid, som til dømes i Rileys bøker, som eg dessverre har skamrost fleire gonger, og difor trur eg at ein skal prøve å tenkje litt før ein postar ein omtale om det var noko som svekka eller styrka boka trass i at me likte henne eller ikkje.

Eg skreiv òg om å utvikle seg som bokbloggar, og eg har tru på at alle har godt av litt konstruktive kritikk av og til. Sjølvsagt skal ein ikkje høyre på kritikk som er direkte angrep og useriøs, men av og til trur eg at ein kan  ha godt av å høyre på lesarane når det gjelder konstruktiv kritikk. Det har ingenting med at me ikkje kan skrive på vår eigen måte å gjere. Det er ingen som fråta oss det unike ved oss, men kanskje heller betre det. Om ein skriv korte eller lange innlegg, har med litt om forfattaren eller ikkje, skriv mest om handlinga eller om dei litterære kvalitetane eller leseopplevinga, kan me alltid vere open for nye tankar frå andre, og eg trur snarare dei vil gjere ein betre enn å trekke ein ned i søla. Useriøs kritikk utan grunnlag er slik som ein ikkje skal ta til oss. Dei som berre kritiserer for å provosere og trekke oss ned er heilt andre folk, og til no har eg ikkje opplevd ein einaste bokbloggar som gjer det. Det har eg til gode. Alle kan utvikle seg og forbetre seg. Me kjem aldri heilt i mål på alle område, trur eg. Og viss ein skal sjå seg sjølv om ferdige me å betre seg sjølv ein dag, og at ein har nådd målet, kan me jo hugse på det Aristoteles sa:
Står man ved målet, angrer man ikke reisens møye og besvær
 Og som Yogi Berra sa:
Vær forsiktig hvis du ikke vet hvor du skal, for det er ikke sikkert at du kommer dit.
 Når det er sagt synes eg at dette med useriøse og seriøse bloggar, og elitebloggar og lågkvalitetsbloggar, er noko ein skal passe seg for. Eg skreiv om dette med forskjellen på god leseoppleving og god litteratur over her, og eg ser sjeldan bloggarar som går i den fella at dei blandar dette saman, sjølv om det hender, og eg har gjort det fleire gonger. Det med useriøse bloggar er det òg mange forbinder med for gode kontaktar med forlag, og eg vil seie til alle bloggarar der ute at uansett kva bøker ein les, og om det er frå forlag eller om ein har kjøpt det sjølv, bør ein vere ærlege, og det trur eg dei alle fleste er òg. Saka er den at forlaga spør i epostar kva slags bøker ein er interessert i, og i tillegg kan bloggarar velje ut sjølv dei synes verker interessante, og mange får kanskje tilsendt heilt rett bok då, som dei falt veldig for. Til no har eg ikkje motteke mange bøker frå forlag. Eg får litt epostar frå nokre med ei liste over bøker, men til vanleg kan det vere at eg spør dei etter eit spesielt leseeksemplar, noko som heller ikkje hender veldig ofte. Eg plar å skrive, når eg spør om desse leseeksemplara, at eg kjem til å skrive ein ærleg omtale av boka ut frå mine synspunkt. Likevel plar dei fleste bøkene eg les å vere frå biblioteket eller butikken, og ikkje frå forlag. Eg føler meg ikkje knytta til noko spesielt forlag i det heile, sjølv om eg synes nokre generelt sett gir ut betre bøker enn andre. På mange måtar liker eg at eg ikkje er ein sv dei mest profilerte bokbloggarane, for eg synes allereie at tilboda byrjar å bli mange, og eg misunnar ikkje dei som får fleire spørsmål enn meg. Eg føler meg veldig fri frå forlaga på denne måten. Når det gjelder andre bloggarar, som har koblingar til ulike forlag, synes eg personleg at det er greit dei er ærlege om dette, men eg synes det er betre at dei spør meir "rutinerte" bloggarar om kva dei synes om slike habilitetsspørsmål, for eg er så lite inni det at eg veit ikkje korleis eg ville ha forholdt meg til det, sjølv om eg meiner at bøker dei er sjølv er med på å utgi trenger dei ikkje å omtale.

Eg kjenner blant anna at eg ikkje er heilt der at eg vil like å lese bloggen til Cappelen Damm, Forlagsliv. Eg synes det kan bli veldig mykje Cappelen Damm der, og veldig mykje deira bøker. Likevel er det nokre gode innlegg med heilt andre saker enn Cappelen Damm, og dei er interessante nok. Det er flott at forfattarar bloggar og slikt, men at Cappelen Damm skal samle ein gjeng slik for å blogge for forlaget er noko anna, for då er ikkje forfattarne uavhengige på same måte, og habilitetsspørsmålet blir eit heilt anna, spør du meg.

Dette er mine meiningar om bokblogging. Kort sagt:
- Det er forskjell på ei god leseoppleving og god litteratur
- Alle bloggarar kan utvikle seg og har godt av å få kontruktive tilbakemeldingar
- Ein skal passe seg for å sortere bloggarar i grupper som "seriøse" og "useriøse" (Det er noko anna med forskjellen på useriøse og seriøse innlegg, men det kan forekomme hos alle og seier ikkje noko om heile bloggen)
- Ein skal passe seg for å ha for gode kontaktar med eit forlag, og viss ein er med på å vurdere for forlaget eller noko liknande, bør ein vere ærlege om det og ikkje skrive om bøker ein sjølv har vore med på å vurdere.

Heilt til slutt, viss nokon har kommentarar til dette innlegget eller spørsmål dei ikkje vil legge igjen i kommentarfeltet er dei velkomne til å sende ein epost til bokverdami@outlook.com Elles er eg glad for tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Det er mange sider i denne saka, og eg har ingen intensjonar om å såre nokon, men synes at truverd er viktig når ein driv på med dette. Mange meiner at me vil ta frå dei lese- og bloggegleda, men det er ikkje min intensjon, og eg trur heller ikkje det er noko andre sin. Ein vil ikkje ta frå andre deira stil, men konstruktiv kritikk må vere noko ein kan komme med. Eg håpar eg har gjort det tydeleg og klart. Det er utruleg mange flinke bloggarar der ute. Eg er dårleg på å kommentere, men eg les det dykk skriv! Og ta til dykk komplimentene de får, for de er unike!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...