tirsdag 3. april 2012

påske er KOS!!

Kvikk Lunsj, hytterur med snø, gul pynt, påskeegg av sjokolade fullt med kvit luftig krem og kos. Det er påske. Nå har eg nettopp kome heim i frå ein kort ferie på onkel og tante si hytte. Det var kos å vere saman med to tanter, ein onkel, lillesøss og søskenbarn på hytta. Johnny English, skiturar, sjokolade og millionær. Det er vel for mange slik påsken skal vere. Dessverre må eg ærlig innrømme, at sjølv om det var god påskestemining der oppe, appelerer ikkje hyttelivet veldig til meg. Kaldt å gå på do, spare på vatnet og å bruke fleire timar på å varme opp hytta. Har ikkje tolmod til det. (har funne ut at feriehus på Gotland passar for meg)
Uansett, nå er eg heime igjen og klar for å gjere meir i påsken. Har prøvd snøbrett for første gong og har sabla mange blåmerker på kroppen. I tillegg var det skare og ploging hjelpte ikkje mykje på festet.  I går måtte eg kaste meg rett ned på hard snø for å ikkje kjøre over søskenbarnet mitt og litlesøstera mi. På snøbrettet trur eg det var viljen min som styrte meg vidare, for litt knall og fall må ein rekne med når ein kjører ned ein humpete bakke utan vern av noko slag. Var ikkje i trekket, men rett utanfor hytta. På ski var eg meir forsiktig, for eg har gått såpass mykje på ski at eg greier å bremse. Derfor bar eg skia ned til parkeringsplassen då me skulle heim. Med ei veske på magen (med to verdifulle bøker) og ein sekk på ryggen var eg litt meir forstiktig.

Nå gler eg meg til resten av veka og satsar på ein fin påskeferie vidare. Og så har eg fått åtte nye krimbøker i bokhylla. Dei venta på meg då eg kom heim saman med ein pakke godteri og to søte påskekort . TUSEN TAKK! Nå har eg lektyre utover våren i alle fall i tillegg til ei bok eg fekk til jul av ei besteveninne som eg må få lese. (hehe)

For å minne på noko anna med påsken legg eg ut eit bibelvers eller delar av eit bibelvers i frå Matteus eg synes er nydelig. Det er ein offisar som seier dette om Jesus når døyr og det er skikkelig fint sagt. es dette:

«Sanneleg, han var Guds Son!»
<3<3<3<3<3

mandag 2. april 2012

bok å lese i påsken: 13 gode grunner av Jay Asher

Ei sterk bok om sjølvmord, minner og skyldkjensle


Du kan ikke stoppe framtiden. Du kan ikke spole tilbake fortiden. Den eneste måten å avsløre hemmeligheten på er å trykke play ... På vei hjem fra skolen finner Clay Jensen en pappeske med kassetter utenfor trappa si. Kassettene er fra Hannah Baker, en jente i klassen hans som døde 14 dager før. Han vil ikke ha noe med disse kassettene å gjøre. Hannah er død. Og hemmeligheten hennes bør bli begravd med henne. Men så hører han Hannas stemme si at han er en av de 13 grunnene til at hun er død. Gjennom hele natten lytter Clay til Hannas stemme, han blir guidet rundt i den lille hjembyen ... og oppdager på veien noe som forandrer livet hans for alltid

Eg gråt ikkje då eg las boka. Eg snufsa ikkje og kjente ikkje at det sveid bak augelokka. Det var ikkje den typiske grineboka der tårene mine renner. Eg grin lett og særleg med ei bok eller ein film, men denne gongen gjorde eg ikkje det. 

Likevel var historia veldig godt fortalt. Me høyrer Hannas stemme gjennom heile boka, mens me i mellomtida òg veit kva Clay gjer og høyrer hans kommentarar til det ho seier. Spenninga er i heile boka, på kvar side, kvart avsnitt, kvar setning og kvart ord. Det er ei litt uhyggjelig spenning, men samstundes er ho god. Når du les denne boka får du den der kjensla av at dette er bra, dette er eg inni, dette er noko eg vil lese vidare på. 

Både Clay, Hanna og alle dei andre boka er om er det interessant å lese om og "bli kjent med." Det var god påskelektyre og ei bok som er til ettertanke. Banneorda hopa seg absolutt ikkje opp i det heile tatt og i motsetning til andre ungdomsromanar har denne eit veldig viktig bodskap som får tankegangen til å ta ein anna veg enn dei typiske ungdomsromanane. Det er sunt med bøker som dette, heilt sant. Ungdommar treng noko anna enn alkohol, sex, festar, kjærastar og banning å tenke på. Dette er ei bok utanom det vanlige.

Vil ikkje kalle det for krim, meir ein psykologisk thriller. Får tankane til å kverne! 

Det var dessverre ikkje noko klimaks i boka, men det trengtes ikkje. Boka var spennande nok i seg sjølv. Og så er omslaget så NYDELIG og spesielt og på ein måte litt einsamt. Bitte litt trist og søtt. Eit omslag som kunne fått meg til å plukke opp boka bare pga det. ANBEFALES!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

søndag 1. april 2012

palmesøndag

bibeltekst 01. april 2012

Jesus rid inn i Jerusalem

Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar i veg  2 og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der skal de straks finna eit esel som står bunde og har ein fole hos seg. Desse skal de løysa og leia til meg.  3 Og om nokon kjem med spørsmål, då skal de svara: ‘Herren har bruk for dei.’ Då sender han dei hit med ein gong.»  4 Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten:
        
   
  5  Sei til dotter Sion:
           Sjå, kongen din kjem til deg,
           audmjuk er han og rid på eit esel
           og på folen til eit trekkdyr.
 6 Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt.  7 Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå.  8 Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen.  9 Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:
           Hosianna, Davids son!
           Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
           Hosianna i det høgste!
10 Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» 11 Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.» 


fredag 30. mars 2012

krim å lese i påsken: vårlik av Mons Kallentoft

Ny spennande, men hjarteskjærande krim av Mons Kallentoft. Den får deg til å tenke. 


Vårsolen skinner over Linköping og de vinterbleke menneskene som har våget seg til uteserveringene rundt torget. Svalene kretser over dem, fargerike tulipaner lyser fra bedene og en mor med to små barn går mot minibanken. Men plutselig rives idyllen i filler av en kraftig eksplosjon. Etterforsker Malin Fors er på vei til et syn hun aldri kommer til å glemme. Knust glass og ødelagte blomster overalt. En liten barnesko. En due som pikker i noe rødt i den øredøvende stillheten.
I byrjinga av denne boka møter me mora og dei to små barna som går mot minibanken. Det er vår og våren er plar vere det som vitnar om noko nytt og noko med liv, men dessverre blir det ikkje slik dette året. Malins mor er død, ho står ved grava saman med faren og dottera Tove og prøver å føle savn eller lengsel eller kva som helst som binder henne til mora. Likevel greier ho det ikkje, og ho forbinder bare masse arbeid og ting som må ordnast med dødsfallet. Slik som faren har ho ei kjensle av skyld for den lettelsen ho føler på seg nå som mora er død.

I mens skjer det skjebnesvangre, det som forandrar våren i byen. Ei tragedie på torget, rett ved minibanken. Ei mor og to døtre har blitt drepne. Kven var angrepet retta mot? Banken, familien eller var det for å skremme? Kven gjorde det? Islamistar? Høyreekstremistar? Nokre som var i mot banken?

Politiet i Linköping er inne i ein ny periode med konfliktar, løgner og nye mord. Dei koplar inn Tryggleikspolitiet (Sikkerhetspolitiet på bokmål), men samarbeidet går ikkje heilt slik som det burde. Media er ville etter nytt og borgarane i Linköping tårer så vidt å gå ut. Svenska bankar blir stengde på grunn av eit mogleg trusselbilete og på sjukehuset ligg mora og kjemper for livet.

Malin må nok ein gong prøve å lytte til stemmene som leiar henne på riktig veg, og nok ein gong gjer ho alt for å finne ut av det. Samstundes tar hennar privatliv nye vendingar og frykta for å miste Tove heng som ei grå sky over henne.

Greier Malin og politiet å finne mordarane og kva skjedde? Les boka så får du sjå.

Eg er veldig nøgd. Synes ikkje det var fullt så mykje diskriminering i denne boka som i sommerdøden. Boka startar ikkje med at hovudpersonen blir full (takk og pris) og den startar ikkje med ei sex-scene. Rett og slett ein mykje betre start. Hendingane i boka er sjølvsagt heilt forferdelige og denne er på ein måte mykje mørkare enn den andre med alle løgnene og løyndommane. Bokstavelig talt òg med undergrunden i Stockholm og arestasjonar om natta. Spenninga held seg oppe til siste setning og det er ekte krim.

Språket i boka er bra utanom alle banneorda. Har forfattaren dårlig ordforråd? Synes det burde gå an å uttrykke seg på andre måtar, men deg var ikkje veldig overraska, sjølv om det verka som om banneordforrådet til forfattaren har eksplodert.

Viss du vil lese ein god krim så anbefales vårlik på det sterkaste. Og særleg i påsken, for med den tittelen bør boka passe for denne årstida.

Oppsumering: Litt for mykje banning og stygt språk, men ein vaskeekte krim!!

torsdag 29. mars 2012

Boktema hos Anette

Tid for boktema hos Anette igjen på bloggen Anettes bokboble og som vanlig henger eg meg på. I dag er temaet min påskelektyre og for å sjå kva andre skal ha til påskelektyre i år kan de trykke her.

Nå har eg vore kjempeheldig og vunne ein pakke med bøker hjå bokelserinnen og to hjå my first, my last, my everything og mørkets ansikt på Gråbekka's blogger. Så nå får eg mange ny bøker i hylla, men nå står det andre bøker for tur.

faller fritt som i en drøm av Leif GW Person
Den 15. august 2007 bestemmer Rikskriminalens sjef, Lars Martin Johansson, seg for at tiden er inne til å oppklare Palme-mordet. I all hemmelighet innkaller han landets skarpeste etterforskere og oppretter en uformell Palme-gruppe. Sammen begynner de å se på verdens mest omfattende politiutredning med friske øyne. Det tar ikke lang tid før gruppen avslører de mest forbløffende ting, og at Christer Pettersson ikke drepte Olof Palme, slår de snart fast. Men hvem var det så? Og hvis sporet de sakte, men sikkert avdekker fører dem til Palmes morder – er det mulig å offentliggjøre sannheten?


I Venezia 1681 er den venetianske republikkens hovednæring glassblåsing, og venetianske speil er mer verdt enn gull. Glassblåserne på Murano er praktisk talt fanger på øya, strengt bevoktet av det livsfarlige "timannsrådet", Consiglio dei dieci. For å beskytte sin hemmelige datter selger Corradino Manin, glassblåsernes største kunstner, sine forretningshemmeligheter og sin sjel til Ludvig XIV av Frankrike, Solkongen.
Flere hundreår senere flykter hans etterkommer, Nora Manin, fra et ulykkelig liv i London, for å gå i lære som glassblåser i sine forfedres by. I Venezia finner hun en ny tilværelse og ny kjærlighet. Men hun er både temperamentsfull og talentfull, og det berømte etternavnet setter henne i fare når tidløs rivalisering kommer til overflaten i de eldgamle glasshyttene. Og når de forræderske hemmelighetene i Corradinos liv avsløres, blir Noras skjebne uløselig knyttet til forfaderens. 



På vei hjem fra skolen finner Clay Jensen en pappeske med kassetter utenfor trappa si. Kassettene er fra Hannah Baker, en jente i klassen hans som døde 14 dager før. Han vil ikke ha noe med disse kassettene å gjøre. Hannah er død. Og hemmeligheten hennes bør bli begravd med henne. Men så hører han Hannahs stemme si at han er en av de 13 grunnene til at hun er død.

Gjennom hele natten lytter Clay til Hannahs stemme. Han blir guidet rundt i den lille hjembyen, og oppdager på veien noe som forandrer livet hans for alltid.




Samtidig med at politiførstebetjent William Wisting gjenåpner en gammel forsvinningssak, blir liket av en kvinne funnet under gravearbeid. Etterforskningen avdekker et nett av løgner og fortielser og skjebnesvangre tildragelser, og selv om saken er gammel, får den dramatiske følger i nåtiden.
Wisting kjemper mot klokka og foreldelsesfristen, og ikke minst: mot morderen som trodde han hadde sluppet unna 
Dette er det eg skal lese. Kva har du tenkt å lese??

søndag 25. mars 2012

krim å lese i påsken: sommerdøden av Mons Kallentoft

Hei, nå har eg tenkt, og det eg har tenkt på er at eg skal lese krim inn mot påske og når det er påske og litt etter påske, så eg kan anbefale dykk litt. Så alle bøker som er krim blir merka krim å lese i påsken i staden for bok.


Det er den varmeste sommeren noensinne. Linköping dirrer i heten, og i skogene omkring rager skogbranner. Tidlig en morgen blir en fjorten år gammel jente funnet naken og voldtatt i byens største park. Jenta selv husker ingenting, og etterforsker Malin Fors og kollegaen Zeke må spinne mye ut av de få ledetrådene de har. Hvordan havnet jenta i parken, og hvem er overgriperen? Malin, som har en datter på samme alder som offeret, kjenner at saken går mer enn vanlig innpå henne. Samtidig nlir en annen jente meldt savnet, og kort tid etterpå gjør noen en grusom oppdagelse på en strand like utenfor byen. 
Dette er andre bok i Mons Kallentofts serie om drapsetterforsker Malin Fors ved politiet i Linköping. Serien blei innledet med den kritikerroste boken Midtvintersblod, som kom på norsk i 2008. Sommerdøden er en rystende fortelling om overgrep, fortvilet kjærlighet og hat. 
Dette er første gongen eg har lese krim for vaksne, sånn skikkelig krim, men eg skal innrømme at eg litke det, ja rett og slett elska det. I byrjinga av boka forhaldt eg meg litt tvilande til kor fengande det ville bli, men det blei ei flott oppleving, sjølv om ikkje alt var heilt på topp alltid.

Historia har ei dårlig byrjing som eg syntes var litt vel rar måte å presentere hovudpersonen på. Alt begynner med at etterforskar Malin Fors er på baren og tenker på dattera Tove og eks-mannen Janne som er i Bali i Asia. Ho blir full og blir med ein journalist ho kjenner i frå før, Daniel trur eg, med heim. Når eg skal skrive bøker, skal eg ikkje begynne boka med ein full person og ein sex-scene. Litt kritisk til det der.

Det går litt tid før heile boka kjem i gang med jenta som er valdtatt, men ikkje så mykje at du kjeder deg. Og scena der jenta blir funnen er spennande. Det må vere eit sjokk å bli valdtatt på den måten, og seinast i dag var det på dagsrevyen at over 50% jenter er edru og normalt kledd når dei blir valdtatt. Det kan skje alle. Eg tenkte mykje på jentene som har blitt valdtatt i Oslo dette året då eg las boka nå. Eg synes at det var ei veldig sterk scene sidan jenta i boka var eit år yngre enn meg og heilt vanlig, men veldig sjokka etter hendinga, og som det står bak på boka, ho hugsa ingenting.

Eg synes det var litt vel mykje diskriminering av både lesbiske og utanlandske menn med namn i frå muslimske land. Det var litt sex-fiksert, men eg syntes etterforskinga og alt det andre var ekstremt bra for det om. Håpte sjølvsagt på at mange av tinga dei antok som i følge meg er diskriminering ikkje førte til noko, men eg vil ikkje seie om eg blei letta eller ikkje, for då avslører eg for mykje.

Det var ein del groteske ting, men ikkje sånn at eg ikkje greidde å lese om det. Heldigvis. Eg har nå vårlik, den fjerde boka i serien, oppe på loftet og har planar om å lese boka veka som kjem nå. Elsker bare krim, det er ein fin sjanger.

Noko som var litt negativt var banninga. Det var litt i overkant av det eg liker, men ikkje overraskande mykje, for eg er alltid litt forberedt på det når eg les svenske bøker. Føler det er litt meir banning av dei av ein eller annan grunn, så eg kan ikkje seie eg blei forundra over det stygge språket, som òg var veldig direkte.

Samla sett var det ei fantastisk bra bok utanom dei få tinga eg ikkje likte så godt.
For å lese meir om boka kan de sjå kva foralget har skrive her.

Eg må seie at det å lese krim rundt påske gir ei heilt uvanlig stemning. Det er første gongen eg har forstått det der med påskekrimmen, og eg har tenkt å lese litt etter påske òg. Einaste boka eg absolutt aldri kjem til å lese nå er lobotomisten. Eg trur ikkje eg er tøff nok, men det finnes ein haug med andre bøker.

Kva bøker skal du lese nå rundt påske?





mandag 19. mars 2012

bok: primtallenes ensomhet av Paolo Giordano

Mattia og Alice bærer begge på en mørk hemmelighet. 
Mattia er en superintelligent gutt med sabs for tall. Han har en psykisk utviklingshemmet tvillingsøster som forsvinner sporløst mens han har ansvar for henne. Alice har en ambisiøs far som ønsker hun skal bli alpintstjerne. Hun utsettes fpr en alvorlig skiulykke som gir henne livsvarige skader. 
Når Alice og Mattia møtes, gjennkjenner de straks seg selv i den andre. Men selv om deres skjebner virker sammenvevd og de blir lett knyttet til hverandre, når de ikke riktig frem. De står hverandre nær, men ikke til virkelig å berøre den andre. De er som primtall, kun delelig med en og seg selv, og passer liksom ikke sammen med noen andre. 
Primtallenes ensomhet er en sterk oppvektsroman om lojalitet, vennskap og kjærlighet mellom to unge mennesker. 
Dette er første gongen eg les ei bok med handling i frå nesten bare Italia, eller i det minste med itaienske folk, og det var heilt greit. Det var ikkje akkurat kor dei kom frå som var litt feil, men meir noko anna eg skriv om snart.

Alice blir tvungen ut av faren sin i alpinløypa, etter å ha blitt tvungen til å ete akkurat det ho må ha for å ha eit godt nok næringsinntak. Det er på ein måte litt skremmande å bli kjent med denne vennelause, syltynne jenta, men òg veldig fascinerande. Det er i begynnelsen av boka me kan lese omm skiulykka. Det er ikkje veldig dramatisk skrive i boka, og det kunne kanskje kome litt tydeligare fram, samstundes som det var veldig fine skildringar akkurat der. På måten Alice tenkte på forstod me at noko måtte ha skjedd. Kva  hadde eg ikkje peiling på, noko som irriterte meg litt, for sjølv om det er greit å halde litt på spenninga, bør me kunne gjette oss til det.

Mattia verker som ein litt einsam gut med ei tvillingsøster som er psykisk utviklingshemma. Med akkurat kva får me aldri vite, men ho får anfall og klarer ikkje å snakke. Ho ser for seg ting som ikkje er der, og har ikkje same utvikla hjerne som mange andre på hennar alder. Her er det litt meir å henge det på, og er har ein kjennskap til psykisk utviklingshemma, er det kanskje lettare å gjette seg til. Likevel forstod eg såpass at eg har høyrt om det før, og det var interessant å lese om henne. Det triste er å lese om korleis ho forsvinner for Mattia. Og her er det på ein måte hans skuld òg, sjølv om han var mykje mindre enn andre gong i boka. Likevel vil eg ikkje legge heile skulda på han, men òg foreldra som ikkjer ser at det kan vere litt flaut for ein åtteåring å ha med seg ei tvillingsøster i selskap som kan finne på kva som helst. Ein tungtvegande grunn til at han ikkje hadde venner var søstera og hennar langt i frå normale tilstand. Det er litt trist at psykisk utviklingshemma er eit litt tabu tema som ikkje mange har kjennskap til og at det er personar mange ser ned på. Dette trur eg kan vere eit lite glimt i frå det verkelege livet. Mange synes at folk med Downs syndrom er okay, og ungar respekterer dei, men når ein person ikkje er som dei andre i det heile trur eg det er vanskeligare å akseptere og viss de les smakebiten i frå i går, ser de korleis dei reagerte på søstera til Mattia.

Etter dette går me fleire år fram i tid til Mattia og Alice er femten. Mattia har noko eg ville klassfisere som psykiske problem utan å røpe for mykje. Han har bare gode karakterar, men langt i frå bare gode venner. Alice er misunnelig på Viola, den mest populære jenta i klassen, som har tatovering, pene klede, har hatt sin seksuelle debut og fått i seg både nikotin og alkohol og narkotiske stoff etter det ho skryt om til vennene sine. Alice vil òg ha tatovering, sjølv om ho er veldig utanfor gjengen og det er fleire leie episodar, men Viola bestemmer seg plutselig for å vere "venn" med Alice likevel. Det er gjennom dette Alice treff Mattia. Mattia som bare har ein venn, som ikkje ein gong er ein nær venn, men nesten bare ein sidekamerat på skulen.

Etter dette møter me dei når dei går på universitetet. Alice er drit lei heile greia og alt faren har planlagd for henne. Mattia, som framleis elsker tal og kan rekne ut fleire sider med reknstykke, er skikkelig glad for at han går på universitetet og kan jobbe med tall og mattematikk.
Desse to er venner, sjølv om begge kanskje skulle ønske dei kunne vere noko meir, men måten å nærme seg på er komplisert og begge har ting dei ikkje vil den andre skal vite. Åra går, vegane deira skilles før dei igjen krysses, og så skilles.

Dette er ei bok med eit flott tema, men utan noko klimaks, ikkje noko stort i alle fall. Den hoppe ganske langt fram i tid om gongen, men likevel er det lett å henge med og den er ikkje kjedelig, men heller ikkje heilt super og ekstremt god. Eg vil seie at boka er mykje om å ha det psykisk vanskelig og ikkje ha venner og det vanskelige å nærme seg andre. Det er to ungdommar som på kvar sin måte føler seg heime ein stad, men likevel er forkomne og som gøymer seg. Eg trur ein av grunnane til at dei blir samanlikna med primtal, i boka er det Mattia som finn den samanlikninga, er at dei er så forskjellige at dei ikkje passar perfekt saman, sjølv om dei har problem. Likevel har begge for mange problem til at nokon andre kan forstå og orke å vere saman med dei lenge om gongen.

Boka var heilt grei og var om eit tema som er litt tabu, men fengande. Me hadde ein dag på skulen før jul om folk med psykiske sjukdommar og dei forskjellige måtane det får an å vere psykisk sjuk på. Eg hadde det veldig i bakhovudet då eg las boka, og eg forstod, sjølv om det ikkje stod direkte, at dette ikkje var folk som tenkte som andre og som hadde problem med seg sjølv. Eg anbefaler boka på grunn av temaet og dei to spesielle menneska me blir kjent med her. Sjølv om det ikkjer er noko veldig stodt klimaks, noko som eg òg frykta, sit du ikkje igjen med ein oppfatning av at boka var kjedelig. Boka er ikkje veldig ny, ho er utgitt i 2008, men like aktuell i dag. Anbefales.

Gitt ut på Bazar forlag og er på 285 sider.

Krimbøker i påsken?

Både Elida på My first, my last, my everything og bokelskerinnen og Gråbekka har nå krimbøker du kan vinne, men på litt forskjellige måtar.
Elida har ein liten giveaway som går ut nå på onsdag. Der kan du vinne hypnotisøren og paganinkontrakten av Lars Kepler. Viss du vil vere med kan du kommentere under innlegget her. 

Bokelskerinnen intervjuer nå krimforfattarar på bloggen sin, og for kvar forfattar har ho eit spørsmål du må svare på. Send inn alle spørsmåla innen torsdag neste veke på mailen hennar. Til nå har ho intervjua Eirik Huseby Sæther med boka lobotomisten og Merete Junker med boka pumasommer. Eg skal ærlig innrømme at boka til Eirik Huseby Sæther høyrtes rett og slett markaber ut, men det er eit flott intervju. 
Gå her for meir info om konkurransen!

Gråbekka har giveaway der ho lodder ut mørkets ansikt, det søte i bunnen av kaken og Askepott som alle er krimbøker. For å sjå meir om korleis du skal melde deg på kan du gå her. 



søndag 18. mars 2012

bok: syersken fra Madrid Maria Duenas


Samtidig som Sira Quiroga, den unge datteren til en syerske fra Madrid, forelsker seg hodestups i den karismatiske forretningsmannen Ramiro Arribas, blir hun kontaktet av faren, som hun aldri har møtt. Den aldrende Gonzalo Alvarado viser seg å være både rik og gavmild – og med ett er Sira en formuende kvinne, med en mann hun elsker.
Men da den samvittighetsløse Ramiro etterlater henne alene og pengelens i Tanger, er det slutt på hellet til Sira. Snart er hun tvunget til å ta opp sitt gamle yrke som syerske, for å få endene til å møtes. I mellomtiden har den spanske borgerkrigen brutt ut, og den flittige Sira får stadig nye kunder. Blant dem er Rosalinda Fox, en verdensvant engelsk kvinne med mange kontakter, og det tar ikke lang tid før Sira lever et risikabelt dobbeltliv, som syerske og britisk spion – i et Europa som vakler på randen av verdenskrig.
Tekst og bilete frå Gyldendal
Dette er historia om Sira med ei mor som er syerske i Madrid. Sira er ei dame som eg likte heilt i begynnelsen, sjølv om ikkje alle slutningar er gode slutningar. Å reise i frå sin første kjærleik for Ramiro var aldri noko eg hadde gjort, men Ramiro beskrives jo som ein som kan kunsten å sjarmere og å love vekk. På baksideteksten beskrives denne mannen som savittighetslaus, og det er vil eg seie er ei passande beskriving. Han gjer ikkje bare gode ting for Sira, og å etterlate henne i Tanger Marokko må vere ein av dei verste tinga han kunne ha gjort. Dette synes eg var ein av dei meste spennande delane av boka. For kva gjer Sira nå ho er gravid, blakk og utan husrom? Ho begynner å sy igjen, og historia i frå å vere utan nokon ting til å ha ein stad og sy og stoff å sy i, er overraskande spennande. Denne prosessen får deg til å sitje med hjartet i halsen, for det er ikkje bare pengar som skal til her. 
Rosalinda, som Sira treff etter å ha opna systova, er ei smilande og koselig dame, men det viser seg at ho har sine løyndommar. Vanlig kundebehandling strekker seg til å bli eit vennskapelig forhold og Sira får  open veg inn til høgkommisæren Beigbeder via den nye veninna si. Først er ikkje vennskapet meir enn alle andre vennskap, og Rosalinda hjelper Sira både i familiesaker og er ein god kunde. 
Etter kvart går Sira i frå å vere ei vanlig dame til og bli ein engelsk spion. Ho reiser tilbake til Madrid og lever eit farlig dobbeltliv i den spanske hovudstaden, og det er både spennande og kjekt å følge henne gjennnom alle desse fasane. 
Eg likte boka, sjølv om det av og til var litt tunge setningar og rare beskrivingar. Av og til gjekk det litt fort fram, men andre gonger alt for seint. Likevel kunne denne boka å halde på spenninga. Av og til då Sira møtte personar i boka, må du lese ei halv til ei side før du veit kven det er. I frå personen kjem til døra og boka avslører kven som kjem inn døra følger ei lang stund der tankane spinner og mange gonger tenkte eg: "Er det.... Er det ho/han? Nei, men det kan vere. Og om det her ho/han, kva gjer ho/han her? Det same er med nokon av handlingane. Av og til kom hovudpersonen på noko, men kva der er får du ikkje vite før handlinga skjer. Det er sånn det blir laga spenning av og boka greide å fenge ved hjelp av sånne verkemiddel. 
Forfattaren av boka heiter Maria Duenas 

María Dueñas (født i Spania i 1964) har en doktorgrad i engelsk fra Universitetet i Murcia. Hun har undervist ved nord-amerikanske universiteter og har et langt faglitterært forfatterskap bak seg. Syersken fra Madrid er henne første roman og er blitt oversatt til over 30 språk. Hun skriver for tiden på sin andre roman.
Kjelde: Gyldendal






ein smakebit på søndag

Ein smakebit på søndag er henta i frå bloggen flukten i fra virkeligheten. Her tar du fram boka du les og deler eit avsnitt i frå ho, som ikkje avslører alt for mykje, men pirrar spenninga litt. Viss du vil sjå fleire smakebitar kan du gå her.

I dag er min smakebit henta i frå denne boka:

Mattia og Alice er på hvert sitt vis annerledes, og faller dermed utenfor. Mattia er en lynskarp gutt som håndterer tall med langt større letthet enn sosiale settinger. En dag blir hans psykisk utviklingshemmede tvillingsøster sporløst borte etter at Mattia forlater henne i parken for å gå alene i en barnebursdag.
Alice har en far som har store ambisjoner om at hun skal bli alpinstjerne. De planene blir det imidlertid satt en stopper for den dagen Alice blir utsatt for en skiulykke som gjør at hun blir halt.
Så skulle man tro at når disse to skakkjørte skjebnene møtes, så oppstår det både gjensindig forståelse og søt musikk. Så enkelt er det ikke. De har viljen, men ikke evnen. Akkurat dette er den unge italienske forfatteren – og fysikeren – en mester i å få fram. Han får meg til så inderlig å ønske at Mattia og Alice skal gå opp i hverandre. Men så er det det med primtallene, at de bare er delelige med seg selv og én. Dermed er Alice og Mattia tilsynelatende dømt til å være alene – også i tosomhet.

Tekst og bilete henta frå bok og samfunn

Smakebit

Om ikke Mattia allerede hadde skjønt at det var noe galt med søsteren hans, gjorde klassekameratene sitt ytterste for at han skulle bli klar over det. Da læreren i førsye klasse sa til Simona Volterra, for eksempel, at denne måneden var det hennes tur til å sitte ved siden av Michela, protesterte Simona med å legge armene i kors og si at ved siden av hun der vil jeg ikke sitte. 
Til nå er boka heilt greit, med eit lett språk å komme inn i og ei grei handling. Likevel er eg litt bekymra og skeptisk til at slutten ikkje er veldig spennande og fengande, men ein skal aldri dømme ei bok før me har lese henne.

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...