tirsdag 3. april 2012

påske er KOS!!

Kvikk Lunsj, hytterur med snø, gul pynt, påskeegg av sjokolade fullt med kvit luftig krem og kos. Det er påske. Nå har eg nettopp kome heim i frå ein kort ferie på onkel og tante si hytte. Det var kos å vere saman med to tanter, ein onkel, lillesøss og søskenbarn på hytta. Johnny English, skiturar, sjokolade og millionær. Det er vel for mange slik påsken skal vere. Dessverre må eg ærlig innrømme, at sjølv om det var god påskestemining der oppe, appelerer ikkje hyttelivet veldig til meg. Kaldt å gå på do, spare på vatnet og å bruke fleire timar på å varme opp hytta. Har ikkje tolmod til det. (har funne ut at feriehus på Gotland passar for meg)
Uansett, nå er eg heime igjen og klar for å gjere meir i påsken. Har prøvd snøbrett for første gong og har sabla mange blåmerker på kroppen. I tillegg var det skare og ploging hjelpte ikkje mykje på festet.  I går måtte eg kaste meg rett ned på hard snø for å ikkje kjøre over søskenbarnet mitt og litlesøstera mi. På snøbrettet trur eg det var viljen min som styrte meg vidare, for litt knall og fall må ein rekne med når ein kjører ned ein humpete bakke utan vern av noko slag. Var ikkje i trekket, men rett utanfor hytta. På ski var eg meir forsiktig, for eg har gått såpass mykje på ski at eg greier å bremse. Derfor bar eg skia ned til parkeringsplassen då me skulle heim. Med ei veske på magen (med to verdifulle bøker) og ein sekk på ryggen var eg litt meir forstiktig.

Nå gler eg meg til resten av veka og satsar på ein fin påskeferie vidare. Og så har eg fått åtte nye krimbøker i bokhylla. Dei venta på meg då eg kom heim saman med ein pakke godteri og to søte påskekort . TUSEN TAKK! Nå har eg lektyre utover våren i alle fall i tillegg til ei bok eg fekk til jul av ei besteveninne som eg må få lese. (hehe)

For å minne på noko anna med påsken legg eg ut eit bibelvers eller delar av eit bibelvers i frå Matteus eg synes er nydelig. Det er ein offisar som seier dette om Jesus når døyr og det er skikkelig fint sagt. es dette:

«Sanneleg, han var Guds Son!»
<3<3<3<3<3

3 kommentarer:

  1. Eg likar veldig godt hytteturar! Spesielt på fjellet uten straum, vatn og med utedo. :P Eg har aldri kjørt snowboard før, men slalåmski har eg og det er gøy! :) Ha ein fin påske!

    SvarSlett
  2. Åhh.. høres ut som om du har hat det kjempe koslig. På tross av hytte liv ikke er noe for deg..
    Wow.. tøfft du prøvde deg på snowboard. Har ikkje eg turt enda..

    Liker sjølv veldig godt hytteturer. Sjølvom eg gir deg rett i at det er kjipt når det er kaldt og gå på do xD hehe Men men..

    Håper du får ein fortsatt fin påske :)

    SvarSlett
  3. Hehe, der er jeg og du litt like. Jeg er heller ikke noe hyttemenneske, men jeg misunner de litt som er det:)Snowboard kjøring, det er sporty. Har prøvd det en gang selv, og jeg greide ikke å vennne meg helt til å ha begge føttene fast. Det var ikke jeg som styrte snowboarde heller, det styrte meg. Så synes du er modig:) Kos deg med påskebøkene og takk for fint sitat:)God påske!:)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten