I dag hadde eg heilt gløymt ut at det var boktema hos Anette. Første gongen på fleire veker at eg har gløymt det og ikkje sjekka dagens tema, men uansett: I dag er temaet denne boka les eg akkurat nå og for å få meir info, gå her. I tillegg er det ein liten minigiveaway på bloggen hennar i dag, der de kan vinne ei av tre bøker som er med i giveawayen.
Men over til boktemaet:
Men over til boktemaet:
Nå driv eg på med den usynlige broen av Julie Orringer. Den er både fascinerande og spennande og gir god innsikt i korleis jødar hadde det åra før krigen. Me blir her kjent med Andras Lévi og Klara Morgenstern, ei balettdanserinne som Andras blir saman med i tida når han studerer arkitetur i Paris. Det blir stadig farligare å vere jøde, noko som både han og vennene hans oppdagar. Sjølv om dei er vant til å bli hetsa med på grunn av religion, er tida i denne boka den tida då det blei fleire og fleire valdelige episodar mot jødar.
I tillegg til å bli kjent med Andras og Klara, blir me kjent med broren til Andras, Tibor Lévi, som skal studere medisin i Italia.
Til nå har eg ikkje kome så veldig langt i boka, men den er allereie spennande og gild å lese og veldig interesann. Eg gler meg til å lese vidare i ho og sjå kva som skjer. Eg har sett meg eit mål om ca. 50-75 sider for kvar dag føreløpig, for det er lita, men mykje skrift på kvar av dei 714 sidene som eg skal gjennom før eg blir ferdig, men eg har forventningar om at sidene blir fort lesne jo lenger eg kjem i boka.
I tillegg til å vere imponert av det historiske perspektive, er eg imponert av forfattaren som har skrive boka. Den er ekstremt godt skriven.
Har du lese den usynlige broen?
