torsdag 20. oktober 2011

boktema hos Anette Boka eg les nå

Anette er ferdig med at me skriv om favorittbøker på bokstavane i alftabetet og har denne veka eit tema som heiter Boka eg les nå.

For tida les eg to bøker som eg liker veldig godt. Den eine har eg sjølvsagt lese før fleire gonger. Har ikkje teljinga på kor mange og det er Harry Potter og dødstalismanene eller nå når eg les den på engelsk: Harry Potter and the deathly hallows. 


I staden for å reise tilbake til Galtvort reiser Ronny, Harry og Hermine ut for å leite etter dei siste malakruxane til Voldemort. På vegen finn dei òg ut andre ting om mysteriet Humlesnurr etterlot dei og dei finn snart ut at det er ei farlig reise dei har begitt seg ut på. Eg har ikkje kome så veldig langt ennå. Hehe, faktisk ikkje lenger enn til bryllupet, men eg skal lese mykje i helga tenkte eg, fordi det har vore ei travel veke og eg må slappe av.

Den andre boka er bumerang av Tatiana de Rosnay. Har så vidt fått "smakt" på boka, men ho verkar veldig bra. Gler meg til å lese vidare i henne.



4 kommentarer:

  1. Supert! Gled deg til å lese ferdig Bumerang, den er kjempebra :)

    SvarSlett
  2. Den siste er et bra tips! Den første har jeg lest mange ganger. ;-)

    SvarSlett
  3. Harry Potter er genialt gode bøker :)

    SvarSlett
  4. Anette: Ja, det trur eg på etter den litle smakebiten eg har fått.
    SigridfraEnget: Bra at det ikkje bare er eg som har lese den boka fleire gonger.
    Melusine: Heilt enig. Fattar ikkje korleis J. K. Rowling kan kome på alt.

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...