Pelle har sorg, han har mistet lillesøsteren sin. En morgen lå hun i senga si og var død. Boka forteller hvordan Pelle kommer seg gjennom vanskelige dager og blir glad igjen. Ja, for det er lov å være glad selv om man har mistet lillesøsteren sin.Denne boka las me mykje då eg og litlesøstera mi var små. Ho er verkeleg fin og eit ekte verk av Kari Vinje. Pelle og de to hanskene er om guten Pelle som har ein familie som består av mamma Malla, pappa Kalle og litlesøster Susanne. Dei har det ganske fint, sjølv om Pelle synes at Susanne kan vere litt plagsom av og til.
I tillegg til mamma, pappa og Susanne har Pelle ein kamerat som heiter Jonatan, og i tillegg er han Pelles nabo. Mora til Jonatan, fru Finkentopp er veldig god til å bake boller, og endå betre til å snakke om Jesus og forklare Pelle ting som står i bibelen.
Kvar søndag står Pelle opp tidligare enn mamma og pappa. Dei liker å sove litt ekstra lenge på søndagar, og derfor har han ikkje lov å vekke dei. Likevel veit han korleis han får dei opp av senga, nemlig ved å vekke Susanne, for viss Susanne vaknar, så må ein av dei komme og trøyste henne.
Når Pelle vil vekke Susanne klyp han henne eller kitlar henne. Det gjer han ein søndag i mai òg. Til vanlig liker ikkje Susanne at Pelle vekker henne, men denne gongen skrik ho ikkje. Ho ligg heilt stille.
Susanne er død, og Pelle veit ikkje korfor. Kva har skjedd? Kløyp han henne for mykje? Var det derfor ho døydde? Og er det lov å vere glad når Susanne er død? Og kor er ho? På sjukehuset eller i himmelen? Og kvifor seier ei dame til mamma at Susanne skal leggast nedi jorda?
Her blir spørsmål om himmelen og gravferdar besvart, og hjelpemidlet er to hanskar.
Dette er boka for barn som har mista nokon dei er glade i, og som undrar seg over kva som eigentlig har skjedd. Verkeleg nydelig og tankevekkande barnebok med meining.
Dette tipset skriver jeg ned. Er pedagog i barnehage, og dette ser ut til å være en nyttig bok å ha. Vi har kjøpt endel lignende bøker i det siste. Veldig godt utgangspunkt for å snakke med barn som har opplevd noe vanskelig
SvarSlettTakk for flott tips!:) Førskolelæreren i meg skriker at den må jeg jo ha!:) Kjempefin skrevet anmeldelse:) Ha en herlig søndag:)
SvarSlett