mandag 13. august 2012

Kva skjer a'?



 

Ei lita oppdatering frå meg her på Jæren. I dag er det sol (eller det var i alle fall sol til i kveld), i tillegg til at eg har byrja på lydboka det du ikke ser, og eg fortel om festivalen eg har gløymt å nevne. 

Ja, me kan vel ta festivalen først. Skulle eigentlig seie noko FØR eg reiste, men så gløymte eg det. Kan fortelje litt nå. Frå måndag 06. august 2012 til laurdag 11. august 2012. Nesten ei veke på Åpta, som forresten var høgdepunktet i sommar.

Me kom fram i circa tretida på måndag, i høljande regn. Bagasjen blei boren inn i kapellet på Åpta, for at kleda ikkje skulle bli våte. Så var det å setje opp teltet i regnvêret, og det var ikkje lett. Med gjengen i anboteltet sine høgrøysta stemmer i bakgrunnen var det å putte i stengene, sette i pluggane og strame bardunane, før det endelig blei ferdig. Kleda mine var tørre, og veninna mi sine var våte. Heldigvis hadde me "tørkesnor." By the way, det var eit forrykande opningsshow og kjempebra lovsong. Heile veka. Og me hadde sol onsdag, torsdag og fredag, og det var skikkelig herlig. Det beste var dele - og lovsangskveld. Eg las dessverre ikkje i noko bok utanom bibelen, og det endra litt fokus frå Dickens til Gud. Skikkelig herlig.

La forresten merke til eit bibelvers eg aldri har lese skikkelig før. Det står heilt i byrjinga av Johannes evangeliet, og det er skikkelig fint.

For lova vart gjeven ved Moses,          nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.
Eg har nokre få bilete frå TMF eg kan dele. 




Dei første biletet er av då det regna og kleda måtte henge til tørk. Det tredje er av radioen på onsdag kveld, og det fjerde er av meg i Hawaiikostyme. Og på det femte hadde me laga kunstverk. Eller i alle fall i følge oss. 

Nå høyrer eg på det du ikke ser av Katherine Webb på lydbok. Leeeeeeeenge sidan eg har høyrt lydbok, men det er ganske gøy. 
Ein prest sa i lydboka at "vinden er Guds stemme." Då snakker Gud i alle fall mykje til oss på Jæren!!

Eg har òg fått litt dilla på å ta bilete og redigere dei. For å vise dykk nokre av desse bileta har eg lagt dei ut i dette innlegget. 






Særleg det siste biletet liker eg godt. Tok det med sjølvutløysar og la så på efektar og rammer. (Sepia) Det nest siste er av den finaste rosa i hagen vår. Liker å legge på sitat eller bibelvers som de kanskje ser.

 Så det har skjedd hjå meg i det siste. 

1 kommentar:

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten