fredag 7. september 2012

boktema hos Anette, framtidige favorittar og litt anna som eg ikkje har fortalt om...

Hei, hei. Akkurat nå sit eg sjuk og slakk i godstolen i stova og prøver å mikse saman eit innlegg, bare for å vere litt pliktoppfyllande i alle fall. Nå har eg jo tid. Nå har eg vore borte i frå skulen i to og ein halv dag og føler liksom at eg ligg milevis etter klassa på mange område, sjølv om eg sikkert ikkje gjer det, for eg har lese litt då. I tillegg har vore på forskot før, så nå er eg kanskje "a jour" eller ein smule på etterskot. Trur det skal bli lett å ta igjen.

Eg er bare superglad for at det var denne veka og ikkje neste eg blei sjuk. Uff, då hadde det vore gale. Neste veke er det ein naturfagsprøve som ventar, ja då, og i tillegg skal eg til Oslo på bokfestival. Dessverre ikkje på bokbloggartreff, men det er mykje anna som blir gøy. Til dømes at Hislop kjem og signerer bøker, og det same gjer Linda Olson. Derfor har eg valt to framtidige favorittar i dag ut frå kva bøker eg MÅ kjøpe neste veke!!

framtidige favorittar denne veka:
Synes denne boka høyres ekstremt bra ut. Fin og kanskje litt trist. Tapte minner, venskap og Sverige høyres som ein fin kombinasjon. Boka skal vere om ein lege, Marion, på New Zealand som blir kjent med ein liten gut, og det utviklar seg venskap. Veremåten til guten vekker minner hjå Marion frå Åland og bestefaren. For å finne ut meir kan du trykke på biletet.
Synes boka høyres fantastisk ut, og har hatt lyst til å lese henne sidan eg gav henne bort i giveaway. Og giveaway, hehe, trekninga kjem i løpet av helga, så følg med!


Tråden er den siste boka til Victoria Hislop som til nå er utgitt, og denne gongn føregår handlinga i Hellas i Tessaloniki. Ein gresk student i London kjem tilbaket til byen kor besteforeldra bur, og saman fortel dei historia si til han. Forr å finne ut meir kan du trykke på biletet.

Eg gler meg så utrulig mykje til å lese tråden. Romanane til Hislop er veldig fengande og interessante, og ingen skriv som henne. Hjemkomsten var bra, øya var betre enn hjemkomsten, då blir kanskje tråden best?

Framtidige favorittar er ei spalte på bloggen til bokelserinnen kvar veke der du skriv om bøkene du vil lese og gler deg til å lese.

Boktema hos Anette er eg ein dag for seint ute med denne veka, men eg blir med likevel, og temaet denne veka er min favorittforfatter på bokstaven J.

Favorittforfattarar plar vere ganske enkelt, men på J er det ikkje det. Eg har lese bøker av forfattarar på J, men kanskje bare ei bok av kvar av dei, og det er kanskje ikkje nok til å gjere dei til forfattarar. Derfor blir det ei lita samling av forfattarar eg i det minste har lese ei bok av som har vore gode.

Lisa Jewell
Lisa Jewell blei født i London i 1968 og står bak mange populære "chick lit"-bøker. Nå bur ho i London med mannen og to barn.

omslaget på boka er fantastisk!

Boka eg har lese av Lisa Jewell er the making of Us, ei engelsk bok om tre vidt forskjellige mennneske som bare er knytta saman gjennom ein ting, rettare sagt gjennom ein mann, for det dei har til felles er faren som har gitt sæd for at dei skulle bli født, gjennom ein klinikk. Me får lese historier gjennom alle tre sine synsvinklar, og det er bare romantikk og kjærleik innblanda.
Les min omtale på den engelske bloggen min her.

Jostein Gaarder
Jostein Gaarder er ein norsk forfattar som står bak fleire romanar og barnebøker, blant desse kabalmysteriet, Sofies verden, appelsinpiken, i et speil i en gåte, det spørs og julemysteriet.

nydelige ilustrasjonar, Vil ha!!

For meg er det julemysteriet som er viktig av denne forfattare, Kabalmysteriet ligg klar til å lesast, men eg har bare lese julemysteriet til nå. Til gjengjeld elsker eg boka, og kvar advent må ho fram, utan unntak. I alle fall dei siste åra. Det er ikkje julemysteriet som er boka i frå advent i barndommen. Det er framtidslandet, men likevel er det ikkje jul utan julemysteriet. Det er noko heilt særeige med boka som gjer at ein bare må like henne. Dessverre har me ein uilustrert versjon, men eg har så lyst til den illustrerte det er bilete av ovanfor. Hadde me bare sett denne boka før me kjøpte den andre...

Jane Austen
Eg har bare lese ei bok av Jane Austen, men det var nok til å gi meirsmak. Etter den eine boka gjekk ho rett opp blant favorittforfattarar på denne bokstaven!


Stolthet og fordomvar ei fantastisk bok. I byrjinga var eg litt skeptisk og trudde eigentlig det var noko romantisk tøv, men så var det ikkje det. Historia om dei fem Bennet-søstrene, mr Darcy og resten av overklassa på den tida er ei flott bok som eg er så heldig at eg har i bokhylla mi, men på engelsk. Eg kan framleis namnet på søstrene på rams frå eldst til yngst (las henne jo i juli, men eg trur det kjem til å sitje.) Jane, Lizzy (Elizabeth, som er hovudperson), Mary, Kitty (Kathryn) og Lydia. Synes nok at Elizabeth er den beste og flottaste personen i boka, bortsett frå Jane. Jane er så god og snill og vil ikkje dømme nokon, men Elizabeth er kanskje ein meir realistisk karakter på mange måtar. Uansett, skal ikkje byrje å tolke karakterane til Jane Austen nå.

Kan jo fortelje at boktema hos Anette er ei spalte på anettes bokboble kvar veke. Me får utdelt eit tema og skriv ut frå det.

Ha ein fin fredag vidare og ei god helg folkens.

5 kommentarer:

  1. Kjedelig å høre du har vært syk....som regel ikke noe særlig morsomt. Fine bøker du gleder deg til:) Gleder meg også til tråden og din godhet er veldig bra:) Fine forfattere du har på bokstaven J. Lisa Jewell har jeg ikke lest noe av, men liker Jostein og Austen, flotte valg:) Ha en riktig god helg! Kos deg masse!

    SvarSlett
  2. Kjedelig å være syk. God bedring. Fine bøker du gleder deg til:)

    SvarSlett
  3. God bedring, Mai Lene. Har selv også vært litt dårlig noen dager, men har kommet seg nå.

    SvarSlett
  4. Din godhet er kjempegod så den kan du glede deg til, ellers gleder jeg meg også til Tråden. De andre har jeg ikke lest noe av enda. Masse god bedring til deg:-)

    SvarSlett
  5. "Tråden" kan jeg godt tenke meg å lese!
    Ellers er jo Gaarder og Austen forfattere jeg liker godt, skjønt jeg ikke har lest så mye av dem - men det jeg har lest har vært bra.

    God bedring, håper du føler deg bedre i løpet av helgen :)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...