onsdag 17. oktober 2012

bok: tråden av Victoria Hislop

Hellas er igjen staden kor Hislops roman foregår, og denne gongen er det Tessaloníki, ein by aust i Hellas. Dimitri er student i Tessaloníki der besteforelra, faren og tanta hans vaks opp og budde, før tanta og faren flytta vekk til USA og England. Kathaina og Dimitri "senior" er over nitti, men endå veit ikkje Dimitri "junior" historia om fortida deira, og ein dag byrjar dei å fortelje.

I 1917, året då Dimitri vart fødd av mora Olga Komninos, braut det ut ein stor brann i Tessaloníki. Hus og byggningar både på den "fattige" og den "rike" sida brant ned og fekk store skadar. Faren til Dimitri, Konstantinos Komninos, mista heile bedrifta si. Han tek ingen notis av sonen han nettopp har fått eller at kona er i stor fare, men bryr seg berre om å få redda stoffa og bedrifta så ikkje heile økonomien og ryktet hans går sund. På andre sida av byen flyktar Olga Komninos med den nyfødte sonen og hushjelpa til strøket der ho vaks opp. Her møter ho igjen gamle kjente, og både jødar, kristne og muslimar bur i same strøket.

I Tyrkia nokre år seinare kjem ei lita jente kalla Katharina bort frå mor si når dei flyktar frå landet etter krigen. Ho treff ei mor og tvillingande deira, og saman reiser dei over til Hellas og Tessaloníki. Den "nye" familien får bu på sida av Olga og Dimitri ettersom muslimane som budde der før blei tvungne til Tyrkia. Saman veks Katharina, Dimitri, nabogutane Elias og Isak opp og tvillingane Sofia og Maria opp i gata, og den gode tonen mellom jødar og kristne er spesiell for akkurat denne staden. Likevel er det alltid noko som trugar, og det er store utskiftningar i Hellas. Kven som styrer eine dagen og kven som styrar neste er uvisst. Om det er monarkiet eller republikken som regjerer er usikkert, og barna veks opp i eit land der krigen herjar.

Handlinga i boka er ein god ide, men ideen er skriven ned på ein god nok måte. Skildringane til Hislop har ein tendens til å bli litt vel overdådige, og det blir for mange adjektiv. Eg lærte ein gong då eg skreiv at du skal ikkje skrive veldig mange adjektiv, men heller bruke verb eller substantiv som hjelpemiddel. I staden for å skrive: "Den flotte, kjekke mannen var veldig snill og høg", går det heller an å skrive "Mannen var så høg at han måtte bøye seg for å komme inn døra" osv. Eg synes Victoria Hislop sine karakterar får litt for mange adjektiv putta på seg, og dei kan vere svært stereotype. Eg reagerte spesielt mykje på Konstantinos Komninos. Eg tvilar på at ein mann som han finnst. Det ville overraska meg stort om ein mann som bare bryr seg om bedrifta og økonomien finnst, og at barnet bare er ein veg for å vidareføre familiebedrifta er vel ikkje akkkurat noko han har til felles med mange andre. Den manglande interessa hans for sonen og kona går alt for langt etter mi meining. Eg meiner ikkje at fødselen til Dimitri skulle ha forandra han fullstendig, for det hadde blitt for langt andre vegen, men ein mellomting.

Det andre eg reagerte på var kor lettvindt ho hadde gjort mange ting. Det var inga spenning knytta til noko slik som i dei andre bøkene hennar. Det verka som om fantasien hennar hadde stoppe og visse ting som var vanskelig for karakterane i løpet av boka blei løysa av forfattaren på ein måte som rett og slett var alt for lett til eit slikt skrivetalent. Viss de les boka ein gong forstår de nok kva eg meiner.

Noko som var positiv, var sjølve den historiske historia. Den var interessant, og eg visste ikkje at noko slikt hadde skjedd i Hellas. Det at ho brukar nesten gløymte eller nokså godt gjøymte historiar gjer bøkene desto meir interessante enn viss det bare hadde vore frå andre verdskrig eller ei anna veldig kjent hending i historia. Boka var lærerik nok, og bare på det grunnlaget kan det vere ei bok eg anbefalar å lese.

I Dagbladet måndag 24. september skreiv Cathrine Krøger ein omtale med tittelen hvor dumme tror "Øya"-forfatteren at vi er? Vidare seier ingressen Elendig språk i bok som kunne hatt alt. Dessverre er eg einig. Noko av det artikkelen seier noko om er gjentakingane i boka om kor fine, flotte, sjølvopptekne eller modige karakterane er. Det er rett og slett slik at ein kan byrje å tenke: "Dette har eg lese før" eller "Har eg gløymt å legge bokmerket rett stad. Har eg ikkje lese om det same tidligare?" Det er noko ein kan bli oppgitt av. Eg synes ho har rett i ingressen òg: Elendig språk i bok som kunne hatt alt. Elles var boka heilt grei. Eg skal innrømme at eg vart fenga, og det var greit lesestoff når du ligg på ei solseng i Hellas (Rhodos) med 25 graader.

3 kommentarer:

  1. Flott bokomtale! Denne boken står i bokhylla, men jeg har ikke valgt å lese den enda fordi jeg har følelsen av at den er veldig lik det forfatteren har skrevet før. Ut fra bokomtalen din ser det nok ut som at magefølelsen min stemmer...
    Ha en super dag, klem fra Anette :)

    SvarSlett
  2. En fin omtale! Denne står i hyllen min og venter på å bli lest. Jeg har også tenkt å gi den bort i julegave så jeg håper den er bra nok :-)
    Jeg må innrømme at jeg ikke har så veldig lyst til å lese den selv, og det blir ikke bedre av ting du skriver... :-)

    SvarSlett
  3. Jeg synes boka var god, men absolutt ikke så bra som Øya. Det var mye klisjeer, men det var interessant med all informasjonen om det som skjedde. Selv om det til tider var litt mye fakta, følte jeg at jeg lærte en god del!

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten