torsdag 4. oktober 2012

bok: lobotomisten av Eirik Huseby Sæther


Om hånden lokker deg til synd, så hogg den av. Det er bedre for deg å gå vanfør inn i livet enn å ha begge hender og komme til helvete.
Mark 9,43
Dette er bibelverset pastorsonen Johannes byggjer si overbevsining på, saman med psykologibøkene han les. Johannes har vokst opp med ein far som er pastor med krav om eit syndfritt liv. Ikkje bare har Johannes blitt hjernevaska av dette, han er òg oppteken av å redde andre frå helvete og bli kvitt synda deira. Det viktigaste for han er å kurere personar som har seksuell apetitt, og litt før jul 2010 finn han medisinen: lobotomering. For å gjennomføre det kidnappar han Kine, ei jente utan grenser, som han trur treng at nokon kurerer henne.

Politimannen som skal etterforske saka er Daniel Vinge. Første gongen me lesarar treff han i boka er på ein kafé i Oslo med kameraten Tom Stohl. Venskapet dei i mellom synes eg er veldig spesielt, men derimot interessant. Daniel er open, mens Tom er meir inneslutta. Eg fekk eit inntrykk av at tilliten Tom får av Daniel er betre enn tilliten Daniel får av Tom. Fleire relasjonar og personar i boka er prega av ulike tankar og livshistoriar, og det gir boka litt av preg av å vere ein psykologisk thriller på veldig mange område.

Dette er ikkje ei historie du les viss du trenger litt ekstra glede inn i livet ditt, eller viss du tåler veldig lite. Johannes' sine metodar er direkte ekle og avskylige, og detaljane er mange. Lobotomering var for meg eit ukjent fenomen før eg las denne boka, men baksideteksten og handlinga høyrtes så ekkel ut at eg første bestemte meg for at eg ville ikkje lese henne. Johannes verker for meg som ein urealistisk person på nokre måtar, men på den andre sida er det ein veldig interessant litterær karakter.

Eg hadde på forhånd, og i avtale med forfattaren, Eirik Huseby Sæther, tenkt å lese hundreogfemti sider, men deretter sette eg meg målet to hundre sider, noko som gjekk glatt. Sæther har eit godt språk, og det er ingen tvil om at han kan skrive. Metaforar, samanlikningar og gode skildringar gjer at ein får eit godt inntrykk av kva som skjer. Etter eg hadde lest ferdig boka, følte eg at eg "kjente" karakterane. Ingen av dei var sett på spissen, utanom Johannes. Likevel, etter desse to hundre sidene, då fleire og fleire ledetrådar kom for dagen, byrjar eg å lure på kor dette skulle hen, og skepsisen eg kjente då eg byrja å nærme meg 300 sider var nok dessverre noko som passa til deg eg følte då eg kom over side tre hundre. Slutten var overdriven, karakterane byrja å gjere veldg ufornuftige ting eg trur dei fleste verkelege personar ville ha spart seg, uansett kva slags livssituasjon dei var i. Fleire "forhistoriske" våpen, det er lite sannsynlig hadde blitt brukt i slike situasjonar, blei tatt i bruk. Avslutninga drøya for lenge, og det var den eg brukte lengst tid på å fordøye.

Johannes, som eg har nevnt før, kan vere ein person dei fleste føler er sett litt på spisen. Han er ein forholdsvis interessant person, og ein kan jo spør seg: "Finst slike personar der ute, eller er det bare forfattarens fantasi som har laga ein slik person. Bare for å gi eit døme, kan eg fortelje om ei undersøking som blei gjort i Tyskland om vondskap. Ein professor bestemte seg for å sjå kva eit menneske gjorde viss det hadde sjans til å gjere eit anna menneske vondt. Ville det vere forsiktig, eller ville det gjere det andre menneske mest mogleg vondt?
Til å hjelpe seg hadde professoren ein skodespelar bak eit forheng. Poenget i undersøkinga var at fleire personar skulle komme inn i eit rom og trykke på ein av to knappar, enten ein som gav ein person eit lite støt, eller eit stort støt. Alle som kom inn, trudde det gjekk ut på at dei skulle sjå kor mykje straum eit menneske tålte. Då dei trykka på ein av knappane, rykka skodespelaren bak forhenget til, som om han hadde fått straum i seg. Det personane som var med ikkje visste, var at undersøkinga eigentlig gjekk ut på kva dei gjorde viss dei fekk sjansen til å gjere eit mennske vondt, og skodespelaren fekk eigentlig ikkje straum i seg. (Skodespel) Det viste seg at alle utanom ein trykka på knappen som med mest straum.

Johannes er kanskje ein meir realistisk person når ein ser på denne undersøkinga. Får du sjansen til å gjere nokon andre vondt, så har du ikkje problem med å gjere det, uansett kor "snill" du er til vanlig. Likevel trur eg at i det verkelege liv, hadde Johannes fått påvist ein form for mental sjukdom. Alle dei vonde tinga han gjer, er så umenneskelige, at det burde på ein måte gå opp for han kva han gjer og at det mennskelige kjem meir fram. Det gjer det òg av og til, og om Johannes er ein realistisk eller urealistisk person, kan kvar lesar vurdere sjølv. Eg veit ikkje heilt kva eg synes, men det vippar nok mest over på urealistisk dessverre.

Språklig og gramatisk var boka svært bra. Skrivemåten er god, men litt "for vanlig" til tide. Kunne tenkt meg litt meir leiking med språket av og til, noko eg trur forfattaren har stor kapasitet til, for elles var den delen veldig bra. Dessverre gav ikkje denne boka meirsmak, og om eg les oppfølgjaren, leiemorderen, er framleis usikkart.

Det er veldig annleis krim, og er du på utkikk etter typisk påskekrim, er ikkje dette heilt boka. Du kan jo lese den i påska viss du vil, for den er ikkje bunden av ei spesiell årstid, men den er ikkje veldig klassisk. Meir nyskapande, men av og til treng med vil å lese slike bøker òg?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...