fredag 14. juni 2013

boksommaren 2013: kontrafaktisk, kriminell og gresk

Anita på bloggen Anitas blogg har laga eit blogghopp, kor bokblogarane skal fortelje om kva dei skal lese i somar. Det blir eit lite rotete innlegg dette, men det får berre vere.
Kva skal eg lese i sommar? Somme gonger liker å lese bøker frå den staden eg skal til på ferie, som då me reiste til Hellas i fjor og eg las tråden av Victoria Hislop, men slike planar har eg ikkje byrja å tenkje på enno. Ferieplanane får de først vite, når det ikkje er planar lengre, men minner. Ja, de får smørje dykk med tålmod, og det er ikkje ferie enno. Uansett, sommar betyr god tid til å lese, og eg skal nytte denne gode tida veldig godt. Eg har nettopp funne nokre bøker som eg  lese, både på grunn av det historiske perspektive og på grunn plottet og handlinga. Kontrafaktiske bøker. Eg veit ikkje om de har høyrt om det, men det er bøker som tek opp tema om.
"Et kontrafaktisk spørsmål er å spørre hvordan historien ville utviklet seg dersom en historisk hendelse hadde gått annerledes."
Dette skriv Wikipedia om kontrafaktisk historie. Det har kome ut tre bøker på nokre veker no som tek
opp dette. Den som etter omtalane skal vere best, vil eg helst halde meg borte frå, fordi dei andre høyrtes meir interesante ut og faktisk er meir realistiske. De har kanskje høyrt om Cappelen Damms Han er her igjen av Timur Vermes.
"Våren 2011 våkner Hitler opp i Berlin"
Dette er første linje i baksideteksten på boka, og de kan jo berre tenkje dykk kva boka handlar om. Eg har imidlertid ikkje tenkt å lese boka, fordi det er det mest urealistiske plottet av dei tre plotta i dei tre ny bøkene. (rotete setning...)
Dei to andre bøkene heiter skygge over London av C. J. Sansom og plan D av Simon Urban. Dei tek opp langt viktige spørsmål som er meir skremmande og veldig realistiske. Kva viss England hadde forhandla med Tyskland under krigen? Neville Chamberlaine, statsminister i Storbritannia før Winston Churchill, var faktisk villig til å gjere dette. Ein veit aldri kva som kunne skjedd, viss England hadde gitt etter.

Året er 1952, tolv år har gått siden Churchill tapte mot den ettergivende politiske fløy og England overga seg til Nazi-Tyskland etter slaget ved Dunkirk. Mens den lange og tværende krigen mot Russland går sin gang i øst, er det britiske folk underlagt et mørkt og autoritært regime: Presse, radio og TV er gjennomkontrollert, gatene er under konstant overvåking av brutale hjelpestyrker fra politiet, og de britiske jødene er under et konstant press.
Dette er første avsnitt i baksideteksten til boka. Det er skremmande å tenkje på at dette kunne vore realiteten, hadde det ikkje vore Churchill. De kan tenkje at dei kanskje hadde gjort motstand, då dei såg korleis det utvikla seg, men kva viss det hadde vore forseint? Boka er utgitt på Forlaget Press, som òg har gitt ut nevnte plan D. Forfattaren bak boka har òg skrive vinter i Madrid som allereie er reservert på biblioteket, og eg gler meg til å lese, sidan det er nok ein historisk roman frå den spanske borgarkrigen. Historie er fantastisk og eit av faga å sjå fram til på VG2 og VG3 (saman med sosiologi, rettslære og internasjonal engelsk sjølvsagt)

Plan D er ei bok som ligg litt lengre fram i tid, men òg den handlar om Tyskland. Kva viss DDR framleis var til og Tyskland var delt? Det tek denne boka opp, og ja, kankje meir urealistisk enn skygge over London, men langt meir realistisk enn han er tilbake igjen. November neste år er det tjuefem år sidan Berlinmuren falt. Eg opplevde heldigvis aldri den kalde krigen og DDR og Berlinmuren, men samstundes er det - i eit historisk perspektiv - veldig nytt og veldig interessant.

Hva om DDR likevel ikke hadde gått under? Hva om den tyske gjenforeningen aldri hadde skjedd? Vi er i Øst-Berlin, året er 2011. Muren står fortsatt, Egon Krenz har klamret seg til makten i 22 år, men nå står DDR eller den Tyske Demokratisk Republikk på randen av sammenbrudd. Pengene staten har tjent på gassdistribusjonen østfra er blitt slukt av systemet, og et grått og skittent Berlin er i ferd med å knele under forurensningen fra millioner av den nye statsproduserte bilmodellen Phobos. Sosialismens siste håp er de planlagte økonomiske forhandlingene med Vest-Tysklands kansler Oskar Lafontaine. 
Eg kjenner eg gler meg som eit lite barn til å opne desse bøkene her. Det skal bli så interessant, og eg håpar forfattarane kan skrive! Eg trenger ikkje dei morosamme referansane frå han er tilbake igjen berre eg får eit interessant perspektiv på dei to andre tinga som kunne ha skjedd. Eg skal til Tyskland, Polen og Tsjekkia med VG2 i september, og då skal me blant anna innom Birkenau, Auschwitz og det berømte STASI-fengselet i Berlin. God oppladning dette? Ja!

Kriminell sommar håpar eg ikkje på "in real life". Vil helst behalde både lommeboka og livet, og eg vil òg halde meg borte frå kriminalitet sjølv, utanom kriminalromanar. Det må til. Evig skal døden vera av Kroken & Kolden skal lesast etter at eg las døden kjem med bussen, som fekk ein veldig positiv omtale av meg. Eg må òg få med meg forsvinningspunktet av Val McDermid, som verkeg veldig interessant. 
Det er alle foreldres mareritt. Stephanie Harker skal gjennom sikkerhetskontrollen på O’Hare flyplass i Chicago da hun blir tatt til side fordi hun har utløst metalldetektoren. Fem år gamle Jimmy venter på henne utenfor, og Stephanie ser en uniformert offiser føre ham bort. Hun får panikk, og sikkerhetsvaktene legger henne i bakken. Da Stephanie kommer til orde, er Jimmy sporløst borte. Stephanies nære vennskap med reality-TV-stjernen Scarlett Higgins ser ut til å ligge i bunnen for en fortelling om død, svindel og hvor langt en forelder kan strekke seg for å beskytte sitt barn.
Barn som forsvinn er noko av det tristaste og vondaste ein krim kan handle om, men det er òg nervepirrande og spennande, og eg håpar Val McDermid kan det ho gjer! Og eg tvilar ikkje på det. Utanom desse kriminalromanane har eg nokre uleste i bokhylla som berre står og ventar. Blant anna ei bok av Elizabeth George og nokre litt eldre kriminalromanar. Eg skal òg prøve meg på ein til roman av Nesbø, for eg kan ikkje berre gjere eit forsøk. To må til på forfattarar som han, og eg likte trass i alt Doktor Prokor, sjølv om det er langt frå det same.

Det at sommaren skal bli gresk er ingen hint om kor ferien går. Nei, men bøkene skal vere litt meir greske. Eg elskar bøker som foregår i Hellas, ikkje berre plottet, men òg staden. Kvar gong eg ser ei bok som har handling der nede, med eit interessant tema, eg lese boka. Blant anna har eg nå fått tak i Louis de Bernières bok fugler uten vinger på biblioteket. Eg likte veldig godt kaptein Corellis mandolin, som eg fekk lyst til å lese då eg oppdaga kor handlinga føregjekk, og nå håpar eg at denne boka er like god.

"Fugler uten vinger" tar leseren til tiden etter forrige århundreskifte. Det store ottomanske riket er i ferd med å bryte sammen, og den tyrkiske nasjonen dannes gjennom kriger og folkeforflytninger. Mot dette bakteppet skaper Louis de Bernières en stor og bevegende fortelling om vanlige menneskers liv i en liten landsby ved kysten av Anatolia. I Eskibaçhe bor kristne og muslimer, tyrkere, grekere og armenere side ved side som naboer, venner og kjærester. Livet går sin naturlige gang – helt til de store begivenhetene slår inn og forandrer alt.
Tida det hanldlar om og historia er noko av det eg liker best å lese om. Det er slikt du ikkje lærer i historietimane. Det er slikt du må  lese deg til sjølv, og skjønnlitteratur er den beste måten å få det inn på. Og omslaget er vakkert, eksotisk, mørkt og litt trugande. Du får ei kjensle av at freden som personane på bilete opplever vil ta slutt. Jaja, nok om det. Eg skal uansett lese om Hellas. Sofia av Sigrid Merethe Hanssen, som eg òg har nevnt her i nynorskinnlegget mitt.

Utanom dette har eg ikkje dei STORE planane, men eg håpar på å få lest det vi kan stå for av Geir Lippestad, lavendelhagen av Lucinda Riley, hemmeligheter av Kate Morton, Sienas datter av Marina Fiorato, gi aldri opp av Heidi Løke, vinter i Madrid av C. J. Sansom, til fyret av Viriginia Wolf og drep ikke en sangfugl av Lee Harper. Kanskje òg fotsatt savnet  av Chevy Stevens.

Eg hadde visst store planar...

...likevel...

Og viss nokre lurar, ja, eg flytta innlegget lenger opp på bloggen, så fugler uten vinger er allereie omtalt. Litt rot, men tenkte det var meir praktisk. Gløym ikkje giveawayen min, som det er linka til øverst på sida!

10 kommentarer:

  1. Eg er fæl til å planlegge, men eg er ikkje like god til å følgje planane. Eg er spent på å lese om andre verdskrig- og Tysklandbøkene du skal lese. Eg har og veldig sansen for denne delen av den europeiske historien. Eg har akkurat lese Dager i stillhetens historie av Merethe Lindstrøm, ei bok som fortel om jødeforfølgjingane på ein litt annleis og ny måte.

    SvarSlett
    Svar
    1. Å følgje planane er av og til veldig vanskeleg, I alle fall, når du heile tida finn nye bøker du MÅ få lese! :) Og det er ein veldig interessant del av historia den delen kor bøkene er henta frå :) Eg gler meg, og har allereie byrja på Plan D :)

      Slett
  2. Jeg har en ganske kort liste foreløpig, og den blir nok utvidet etterhvert... Gleder meg til å lese omtalene dine etterhvert!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har dessverre kome på alle bøkene på ein gong. Ha ein super somar. Håpar du får lese mange spennande bøker :)

      Slett
  3. Flott sommerleseliste! "Han er her igjen" høres ut som en knallbra bok :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur ho skal vere veldig bra. :) Har lese mange gode omtalar. :)

      Slett
  4. Dette var mye spennende ferielektyre! Jeg kan svært gjerne tenke meg å lese Plan D og "Hitlerboka". Jeg er veldig interessert i europeisk (og tysk) etterkrigshistorie og disse bøkene har jeg merket meg. Jeg er veldig spent på hva du vil synes om disse bøkene! Ønsker deg en riktig god sommer! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. "Plan D" er veldig bra. Synes ho er både morosam, spennande og interessant. Gled deg til boka. Europeisk historie i seg sjølv er veldig interessant. All historie frå den franske revolusjonen og framover elskar eg å lære om :) Ha ein fin somar du òg :)

      Slett
  5. Fin liste! Det var interessant det du skrev om kontrafaktiske bøker, og de to bøkene du skal lese virker spennende. Jeg synes det er greit å ha planer, selv om de ofte endres, men en har ihvertfall noe å forholde seg til :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er alltid bra å ha noko å forhalde seg til synes eg :) Og Plan D er veldig spennande. Kjempebra bok :)

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...