tirsdag 18. juni 2013

bok: Sofia av Sigrid Merethe Hanssen

Hanssens bok er eit godt stykke nynorsk poesi og ein strålande roman. Boka er lettlest, delt inn i korte kapittel og er på mange måtar sjeldan.

Ein kan jo på ein måte seie at alt som er skrive på nynorsk i 2013 er sjeldan vare. Dei andre forlaga skriv at dei gjerne tek i mot bøker på både nynorsk og bokmål, men eg ser fint lite nynorsk litteratur hos dei. Unntaket er Sortlands bøker på Aschehoug, som faktisk er veldig gode. Elles er det for det meste skulebøkene som er skrivne på nynorsk, og utanom det må du til Samlaget. Til gjengjeld gir Samlaget ut veldig gode bøker, spør du meg. Det verkar ikkje som om dei berre tek det dei for, men faktisk gir ut bøker som er gode. Men det var ikkje generelt nynorsk litteratur eg skulle gå inn på i innlegget, det var boka. Innlegget om nynorsk kan de lese her.

Boka, Sofia, var, som eg allereie har skrive, poetisk. Ei norsk kvinne reiser til ein kystby i Hellas for å skrive. Denne norske kvinna veit me ingenting om, og me får heller ikkje vite noko. Det er noko veldig mystisk over henne, for namnet nemnes ikkje ein gong i løpet av boka. Me veit ikkje nøyaktig kor ho kjem frå, kva byen som ho kjem til heiter, kor gammal ho er, familiesituasjonen hennar. Det einaste me veit er at det er ein kvinneleg norsk forfattar. Det var faktisk ikkje før eg var ferdig at eg merka eg ikkje visste særleg mykje om henne. Den me derimot får møte og vite namnet på er Sofia. Sofia er ei døvstum jente på den lokale kafeen som forfattaren har fått for seg at ho skal verne. Men kor langt kan ein gå for å verne ein person? Du kan seie at hovudpersonen går litt for langt.

Boka er på 121 sider, er delt inn i veldig korte kapittel og er lett å kome seg gjennom. Nokre kapittle dekker ikkje ei halv side ein gong.
Til dømes:
Teikninga viser eit fjell i mørker. Fjellet tar nesten all plassen på arket. Under fjellet, litt til høgre, ligg husa. Alle er i mørker. Berre i to av dei lyser det Til høgre er månen.
Fuglen kjem tilbake. Han bruker nebbet heile vegen langs vindauget. Han klorer seg fast sidelengs, og kroppen er nesten vassrett mens han får tak i det han vil ha.
Sofia side 70

Boka er som ei litt lengre novelle. Tidlegare har Hanssen gitt ut to novellesamlingar, og dei må eg få lese, fordi eg trur dei er veldig gode etter å ha lese denne boka. Du må gå inn i boka på ein måte og er ikkje ferdig etter siste side. Noko må tolkast, andre ting kan du berre lese rett ut. Symbolikk, metaforar og samanlikningar. Eg liker det. Likevel må eg seie at det har ikkje det heilt særeige over seg, utanom historia. Me har nok alle lese nynorskbøker som er skrivne i litt same stil og med slike små korte kapittel. Me plar å få vite meir om hovudpersonen, staden og kva som skjer, men likevel er skrivestilen nokså kjent. Plottet er sjeldan, eg har aldri lese det før, og det er handlinga som tel. Ein kan ikkje rakke ned på denne skrivestilen, for den er heilt fantastisk. Og det beste er at nynorsken nesten har monopol på akkurat det. Eg trur ikkje bokmål hadde vore like bra her.

Boka er veldig god avkopling frå annan litteratur. Du trenger ikkje å berekne meir enn nokre få timar, og kankje ikkje fullt det ein gong. Du trenger heller ikkje å setje deg ned med penn og papir for å få ein god oversikt over personane. Det går heilt av seg sjølv. Set deg ned og slapp av med Sofia i somar. Du vil ikkje angre (og gjer du det, er det ikkje mykje tid som har gått med)

Boka er eit leseeksemplar frå Det Norske Samlaget

1 kommentar:

  1. Tror ikke denne var helt for meg, enda den hørtes veldig fin ut:) Ville bare stikke innom å si at eg har utfordra deg på bloggen min, håper du tar utfordringen. Selv synes jeg den var veldig morsom:)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten