tirsdag 11. desember 2012

ellevte desember: bokomtale - nattefokk av Johan Theorin

I slutten av november og i byrjinga av desember bestemte eg meg for å feriere litt på Öland, eller kanskje bli med til Öland via ei av bøkene til Theorin. Nattefokk var akkurat som skumringstimen, fantastisk spennande og til å få mareritt av.

Hovudpersonen i nattefokk er Joakim Westin. Saman med kone og barn har han flutta til garden Åludden på Öland, og planane for den gamle garden er mange. Likevel går nesten aldri planar slik du vil, og aller minst i bøker. Spenninga i boka heilt frå første side, og Theorins vage hinting om at noko skal skje, gjer at her forstår ein at noko skal gå gale. Ein dag når Joakim reiser til Stockhold for å hente eit gammalt arvestyke skjer det utenkelege. Politiet slår på tråden.
"Jeg er i Stockholm," sa han. "Eller på vei herfra... jeg er utenfor Södertälje."
"Så du er på vei ned til Öland?"
"Ja," sa han. "Jeg har med meg det siste flyttelasset fra huset vårt i Stockholm." Han ville virke klar og tydelig og få politikvinnne til å begynne å svare på spørsmål. "Kan du fortelle hva som har skjedd? Er det noen av..."
"Nei, avbrøt hun. "Jeg kan ikke si noe. Men det hadde vært fint om du kom hit så fort som mulig."
"Er det..."
"Hold fartsgrensen," sa politikvinnen og brøt forbindelsen.

Dette er bare ein av to samtalar i bilen, og Joakim får livet snudd opp ned. Kona er død, han har to ungar som skal følgjast opp og oppfostrast utan Katrine, og sjølv er han knust av sorg. Planane for garden blir lagt til side, og mykje av tida får med til å finne ut kvifor Katrine gjekk ut på steinane den dagen ho drukna.

Gerlof Davidson, som me får bli godt kjent med i første boka til Theorin, er sjølvesagt òg med, og han prøver så godt han kan å fortelje politikvinna, som han er grandonkel til, om farfaren hennar, samstundes som han tenkjer på dødsfallet til Katrine Westin. Paralellt med denne historia får me òg lese Mirja Rambe, mor til Katrine, si historie, og historiene som går om at det spøker på Åludden skaper rykte på Öland. Til og med Joakim får kjenne på dette, og typiske ting som at låste dører plutseleg er opne og hemmelege rom er ingredienser i denne boka. Ein kan nesten ta og føle på heile stemninga.

Den tredje gruppa med personar i denne historia er tjuvane Henrik, Freddy og Tommy. Freddy og Tommy oppsøker Henrik for å få han med på nokre tjuveri som i utgangspunktet skal vere ufarlege. Öland blir nok ein stad kor tjuvar herjar, og menneske blir skada i jakta på verdisaker. Den natta når fokket kjem inn over Öland, natta til julaften, møtes alle personane i boka i eit blodig samanstøt.

Theorin sine bøker gjer at ein sit go tenkjer: "Korleis skal han få alt dette til å gå saman? Kor vil han hen?" Likevel er det noko som driv ein vidare gjennom sidene og bøkene. Språket er ikkje avansert, men veldig bra, og ein les ikkje om Öland, ein er på Öland i desse bøkene. Han har heller ikkje mange stereotype karakterar slik som mange andre krimromarar og krimseriar har. Det er få av desse, og ein forfattar som klarer å skape karakterar som er realistiske i ei historie som er på grensa til urealistisk er bra. Akkurat der minner han meg litt om J. K. Rowling. Rowling skriv om eit fantasiunivers, når ho skriv om Galtvort og Harry Potter. Likevel får ho oss til å kjennes oss igjen i karakterane, som det at dei  har mykje lekser, er forelska, har venner og uvenner og har problem med familie og lærarar. Nå seier eg ikkje at Theorin skriv innanefor fantasysjangaren, men han skriv litt urealistisk etter mi meining, og han har med litt overnaturlege faktorar, som spøkelse, i bøkene sine. Likvel kjenner ein oss igjen i karakterane og får eit sterkt ønske om å møte dei "face to face".

Personleg liker eg best Gerlof Davidson, den gamle mannen som hjelper til med mysterier og har mange historeir å kome med om det meste. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...