fredag 13. april 2012

framtidige favorittar og bok: the making of us av Lisa Jewell

Dette innlegget blir ein liten blanding, først med framtidige favorittar arrangert av bokelskerinnen, noko som handlar om å skrive om bøker du gler deg til å lese, og så omtale av boka eg har lese i det siste.
Omtalen blir ikkje stor og derfor kjem det ein link seinare på blogen til omtale på den engelske bloggen. Det er lettare å skrive om boka der pga at ho er på engelsk, men først til framtidige favorittar.

framtidige favorittar
I dag har eg valt å ta med bøker som er utgitt, og kanskje for mange år sidan, men som eg gler meg til å lese. 


Slide av Jill Hathaway (utgitt mars 2012 på engelsk)



Vee Bell is certain of one irrefutable truth—her sister's friend Sophie didn't kill herself. She was murdered.Vee knows this because she was there. Everyone believes Vee is narcoleptic, but she doesn't actually fall asleep during these episodes: When she passes out, she slides into somebody else's mind and experiences the world through that person's eyes. She's slid into her sister as she cheated on a math test, into a teacher sneaking a drink before class. She learned the worst about a supposed "friend" when she slid into her during a school dance. But nothing could have prepared Vee for what happens one October night when she slides into the mind of someone holding a bloody knife, standing over Sophie's slashed body.Vee desperately wishes she could share her secret, but who would believe her? It sounds so crazy that she can't bring herself to tell her best friend, Rollins, let alone the police. Even if she could confide in Rollins, he has been acting distant lately, especially now that she's been spending more time with Zane.Enmeshed in a terrifying web of secrets, lies, and danger and with no one to turn to, Vee must find a way to unmask the killer before he or she strikes again.
Tekst og bilete er henta frå Amazon

Tenk ei slik handling og ein slik setting. Kjenner bare at eg gler meg skikkelig til å få denne boka i hendene mine og til å bla i henne og LESE!!

the last song av Nicholas Sparks

 Seventeen year-old Veronica “Ronnie” Miller’s life was turned upside-down when her parents divorced and her father moved from New York City to Wilmington, North Carolina. Three years later, she remains angry and alienated from her parents, especially her father… until her mother decides it would be in everyone’s best interest if she spent the summer in Wilmington with him. Ronnie’s father, a former concert pianist and teacher, is living a quiet life in the beach town, immersed in creating a work of art that will become the centerpiece of a local church. The tale that unfolds is an unforgettable story about love in its myriad forms – first love, the love between parents and children – that demonstrates, as only a Nicholas Sparks novel can, the many ways that deeply felt relationships can break our hearts… and heal them.
Tekst og bilete frå Nicholas Sparks nettside.
Denne boka har eg lenge gått hatt på lista mi etter at eg såg the last song på film. Filmen er NYDELIG og derfor MÅ eg lese boka òg, og slik eg forstår det så er Nicholas Sparks ein forfattar eg bør lese bøker av ein gong.

Mons Kallentoft Høstoffer Regnet øser ned over slottet Skogså utenfor Linköping; de tunge dråpene slår over jordene og hamrer mot kroppen som flyter i vollgraven. Det er den nye eieren av slottet som har endt sine dager der - den hensynsløse advokaten Jerry Petersson. Kriminaletterforsker Malin Fors mistenker raskt de tidligere eierne, den høyadelige familien Fågelsjö som neppe har solgt unna slektens arnested til jyplingen Petersson med glede. Men hvem var egentlig Jerry Petersson bak alle pengene, de dyre dressene og kunsten? Dette er tredje del i Mons Kallentofts serie om drapsetterforsker Malin Fors ved politiet i Linköping. Serien ble innledet med den kritikerroste boken Midtvinterblod, som kom på norsk i 2008 - og oppfølgeren Sommerdøden, som lå mange uker på bestselgerlisten sommeren 2009.

bilete frå Schibsted forlag
tekst frå bokkilden

Eg har lese både sommerdøden (#2 i serien) og vårlik (#4 i serien) tidligar, så derfor skal nå snart begynner på høstoffer som er nummer tre, så snart den kjem i frå biblioteket. Etter to vellukka bøker eg har lese i serien før, er eg klar for ei ny.

bok: the making of Us av Lisa Jewell

bilete er frå chick lit reviews and news

Dean, Lydia og Robyn kjenner ikkje kvarandre. Dei veit ikkje kven dei andre to er. Lydia lever livet i eit stort hus i London med barndommen frå Wales hengande over seg som ein tung byrde og skyldkjensle for å ikkje vere glad nok i faren sin. Dean er 21 år og har nettopp fåt eit, ikkje uventa, men stort ansvar. Det uventa var at han skulle bli aleine om det. Sjølv har han aldri hatt ein far og er klar over at faren var ein sæd donor, noko han ikkje legg så mykje i. Robyn er sjølve stjerna. Ho har ein far og ei mor i England, og så har ho ein donorfar. Ho veit at faren ho bur med ikkje er hennar, og det bruker ho til sin fordel når ho møter andre.
Lydia får brevet i posten om det som ho har til felles med dei andre, ho òg har ein donorfar. Skyldkjensla slepp taket og ho finn ut at tre andre deler same donorfar, Robyn, Dean og ein ukjent. Saman finn dei vegen til kvarandre og til den ukjente faren.
Eg vart svært overraska då eg las boka, for eg trudde dette dreide seg om trillingar som vart adoptert bort til forskjellige stadar, så handlinga og settinga var veldig overraskande. Når det er sagt, det er ikkje ei veldig spennande bok, men ho er vakker med både humor, glade stunder, fine stunder og striste stunder. Ho får deg til å gråte og le om ein annan og eg er så glad for at eg kjøpte ho. Omslaget er vakkert og noko av det som fekk meg til å plukke boka opp på bokhandelen i Firenze.

Som sagt større omtale kjem på den engelske bloggen min, what a feeling. Det kjem ut link.


torsdag 12. april 2012

boktema hos Anette

Nå er det torsdag (og snart helg!!!!) og sjølvsagt boktema hos Anette. Det blir arrangert av Anette på Anettes bokbole. I dag er temaet favorittomslag i gult. For å sjå på andre favorittomslag i gult eller meir om boktema hos Anette kan du gå her.

Dette er mine favorittomslag i fargen gult:

Bumerang av Tatiana de Rosnay
Eit sommarslig omslag som eg elsker. Det høyrer saman med boka og eg ser alltid for meg at det er Antoine som spring nedover brygga som liten gut der dei budde om sommaren. Heilt i frå første stund fenga dette omslaget meg.
reisen hjem av Lori Lansens
Ekstremt søtt med ei lita jente og ei gammal dame på omslaget. Og det høyrer til boka som er like søt, men meir trist enn coveret.
sommerdød av Mons Kallentoft
Dette vekker spenning hjå meg, heilt klart. Ei hand som stikk opp av sanden og med blodflekkar rundt tittelen, er ikkje dette det perfekte krimomslaget?

Vil seie at dette omslaget er gult, og trist. Jenta ser så einsam ut der ho sit og kikkar inn på byen. Heilt aleine. Likevel nydelig og passande til bokas innhald.

Kva er dine favorittomslag i gult?

Og så ein liten ting til, på måndag la eg ut omtale av tretten gode grunner (thirteen reasons why) på den engelske bokbloggen min, og eg var meir fornøgd med det enn med den norske omtalen. Viss du vil sjå innlegget så kan du gå her. 

tirsdag 10. april 2012

bok: presteskapet av Sonja Hoterman

og endelig er første nye bok lesen av dei eg har vunne, ein krim med eit viktig tema som grunnlag

En nidstang er reist i hagen, og en bok om en grusom hekseprosess fra middelalderen ligger i postkassen. Like etterpå bortføres en kvinne og druknes etter et middelaldersk ritual. Og det stopper ikke der. Flere kvinner forsvinner i Oslo. Krimjournalist Ira Torgrimsson dekker sakene og finner snart en sammenheng mellom det rituelle drapet i Oslo og heksebrenningene på 1600-tallet. Men hva er motivet etter så mange år, og hvem er med i grupperingen som blir kalt Presteskapet? Presteskapet må stanses før flere liv går tapt - og saken blir mer og mer personlig for Ira, som også kjemper for omsorgsretten til stebarnet sitt.
Ira Torgrimsson er journalist, noko som ikkje bare handlar om å skrive og gi ut nytt stort format i butikkar. Det handlar om å vere først, ha den beste saka og den beste informasjonen først, om å selge og å vere den største informanten med dei beste intervjua. Og for det ofrar Ira seg, ho sett seg sjølv i fare i denne spennande krimmen.

Grunnlaget i boka er spennande og eit anna enn me finn mange andre stader. Heksebrenning er ikkje det mest kjente temaet i norsk historie, sjølv om det ikkje er ukjent at det vart drive prosessar der heksar blei brente. Å finne dette temaet i ei moderne bok med handling i frå 2010, var ikkje bare nytt, men oppsiktsvekkande og overraskande spennande.

Drapet på likestillingsombodet, som òg har uttalt seg sterkt om fleire sakar, er ein setting eg aldri hadde tenkt på sjølv. Det er ein setting som er perfekt for Norge, som er svært opptatt av likestilling. Hekser er òg ein stor del av vår historie og å setje det saman gir ikkje bare meining, men ei handling det er lett å vere med på.

Ofra er det ikkje gøy å lese om, absolutt ikkje. Av og til held boka oss på pinebenken veldig lenge og ei lita stund midt i lurte eg på om eit av ofra var Ira, hovudpersonen. Måten å fortelje på var fin og grei, men litt varierande og litt kommafeil viss stader, men ingenting å klage på, for sjølv bør eg ikkje byrje å rette på komma, når det er ei av mine svake sider. Uansett, grei skriving, av og til for mykje refleksjon og av og til for mykje rett på og for lite detaljar. Likevel er ikkje slikt lett etter det eg har erfart, så slike småting er det bare å bite i seg.

På de positive sida, eit spennande omslag som pirrar nysgjerrigheten. Det er slik det skal vere.

For så, eit lite spørsmål, kva har omsorgsfordeling av barn med skillte foreldre å gjere med heksebrenning?
Svar får du i boka.

mandag 9. april 2012

borte bra, heime best

Blogginnlegg jevling dei siste dagane, omtale av bøker og filmar og bibeltekstar. Har Mai Lene vore borte? For å seie det slik, alle innlegga var planlagde og publiserte seg sjølv mens eg koste meg i Italia. Yepp, Italia. For i frå onsdag til i dag har eg vore nedi Milano. Ikkje ein by du vil kalle fin, for arkitekturen er ikkje noko særleg viss du ikkjes er vekk frå Duomo. Likevel var byen stilig.

Og så har eg vore i ein dobbel så fin by, nemlig Firenze bare to timar unna. Vidunderlig. Blei heilt forelska i den byen. Små gater, nydelig arkitektur, fine kyrkjer og eit fint kunsmuseum kalla Galleria degli de Uffizi.

For å seie noko av det eg gjorde:

  • shoppa
  • åt is
  • besøkte Galleria degli de Uffizi
  • naturhistorisk museum
  • såg kyrkja Sankta Maria Novella i Firenze utanpå og inni
  • såg Duomo i Firenze utanpå
  • såg paradisportane i kapellet ved Duomo i Firenze
  • såg Duomo i Milano innii og utanpå og ovanifrå
  • åt pizza og pasta
  • drakk cappuchino og kaffe con panne (kaffi med krem)
  • såg nattverden av Leonardo da Vinci
  • var på Gallileo Gallilei-museum
  • såg AC Milan-Fiorentina
  • gjekk i ein park i Milano
  • tok metro, tog og buss
  • KOSTE MEG!!
Litt bilde: 
Duomo Milano


Milanos mest berømte handlegate med Prada og Luis Vuilton.
Den er innebyggd

Tårnet ved Duomo i Firenze

Mest kjente brua i Firenze


Galleria degli de Uffizi

den finaste gata i Firenze i følge meg

sta. Maria Novella

AC Milan-Fiorentina (stilling: 1-2)
Sure AC Milan fans som stod i kø for å kome ut av stadionen
eit kvarter før kampen var slutt.
Me følgte med på spenninga og blei til siste minutt. ;D

AC Milan og Inter Milan sin stadion

Nesten som å sjå ein norsk tribune. Haha, bare nokre tusen fleire folk
og ein mykje større stadion. Det var SVÆRT!!

Oppe i tårnet i Duomo i Milano. Litt vind eller??

ps. storbyen er fin, men Nærbø hakket finare. 

søndag 8. april 2012

påskemorgon


8. april 2012

Jesus står opp 

Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava.  2 Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han.  3 Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø.  4 Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde.  5 Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste.  6 Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!  7 Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
   
  8 Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane.  9 Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. 10 Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.» 

lørdag 7. april 2012

Vi elsker film

The curse on the black pearl


...og skal det vere...

Jonny English reborn (Rowan Atkinson i hovudrolle)

...morosamt...

sett eg på Megamind, the curse on the black pearl eller Johnny English reborn



...tåredryppande... 

set eg på the last song eller a walk to remember. Saras nøkkel er òg nydelig. 



Just my luck

...romantisk...

set eg på a walk to remember, the last song, legally blonde, ever after eller the princess diaries. Freky Friday, a Cinderella story, wildchild, bride wars, just my luck og the perfect man er òg gode romantiske filmar. (just my luck anbefales på det sterkast, på lik linje med bride wars)


...klassikar...

Anne of Green Gables

set eg på Anne of Green gables, a christmas carol eller ein Astrid Lindgren-film



...animasjon...

set eg på ein morosam dreamworks-film som Shrek, Madagaskar, Megamind eller Biefilmen. Disney duger òg!!



...barnslig...

set eg på Postmann Pat eller Ole Brum

Saras nøkkel


...spennande...

set eg på Harry Potter eller pirates of the Caribean. Kanskje Saras nøkkel òg? 



...musical...

set eg på ein Disneyfilm i animasjon med sangar (Lion King) eller High school musical eller sounds of music. 



...underhaldningsprogram på TV...

set eg på the voice, nytt på nytt, popstock, de ukjente, Amigo Grande, skal vi danse og mykje anna som har gått 



...TV-serie...

set eg ikkje på Paradise hotel, one three hill, Grace anatomy, desperate housewifes, vampire diaries, Gossip girl og/eller hellcats. Nei, eg ser på family guy og the Simpsons!!



...krim...

har eg ikkje noko kjekt å sjå på lenger, fordi dei har tatt vekk med hjartet på rette staden. =( Mitt største savn på TV

fredag 6. april 2012

langfredag



6. april 2012

Jesus blir krossfesta, døyr og blir begravd

Så førte dei Jesus bort for å krossfesta han. 32 På vegen møtte dei ein mann frå Kyréne som heitte Simon, og han vart tvinga til å bera krossen. 33 Då dei kom til ein stad som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden – 34 gav dei Jesus vin blanda med galle. Men då han smaka på det, ville han ikkje drikka. 35 Så krossfeste dei han. Og dei kasta lodd om kleda hans og delte dei mellom seg. 36 Sidan vart dei sitjande der og halda vakt over han. 37 Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med skuldinga mot han: «Dette er Jesus, kongen over jødane.»
   
 38 Saman med han vart to røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på venstre sida. 39 Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: 40 «Du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! Er du Guds Son, så frels deg sjølv og stig ned frå krossen!» 41 Like eins spotta overprestane han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa: 42 «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge; lat han stiga ned av krossen, så skal vi tru på han! 43  Han har sett si lit til Gud; lat no Gud berga han, om han har han kjær. Han har då sagt: ‘Eg er Guds Son.’» 44 Og røvarane som var krossfeste saman med Jesus, spotta han på same måten. 

Frå den sjette timen vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen. 46 Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: « Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: « Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» 47 Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.» 48 Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med vineddik, sette han på ei stong og ville la han få drikka. 49 Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.» 50 Men Jesus ropa på nytt med høg røyst og gav opp anden.
   
 51 Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. Jorda skalv, og berga brast. 52 Gravene opna seg, og kroppane til mange heilage som var avlidne, vart reiste opp frå dei døde. 53 Etter Jesu oppstode gjekk dei ut av gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange.
   
 54 Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av stor redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!»
   
 55 Det var òg mange kvinner der som stod langt unna og såg på. Dei hadde følgt Jesus frå Galilea for å tena han. 56 Mellom dei var Maria Magdalena, Maria som var mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene. 

Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef. Han var frå Arimatea og hadde òg vorte ein Jesu læresvein. 58 Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp, og Pilatus gav ordre om at han skulle få han.59 Josef tok Jesu kropp, sveipte han i eit reint linklede 60 og la han i den nye grava han hadde hogge ut til seg sjølv i bergveggen. Så rulla han ein stor stein framfor gravopninga og gjekk. 61 Men Maria Magdalena og den andre Maria var der. Dei sat beint framfor grava. 
Neste dag, dagen etter førebuingsdagen, gjekk overprestane og farisearane saman til Pilatus 63 og sa: «Herre, vi har kome til å tenkja på det som denne forføraren sa medan han levde: ‘Etter tre dagar blir eg reist opp.’ 64 Gjev no påbod om å sikra grava til tredje dagen. Elles kunne læresveinane hans koma og stela han og seia til folket at han har stått opp frå dei døde. Då blir den siste villfaringa verre enn den første.» 65 Pilatus svara: «Her har de vaktmannskap. Gå bort og sikra grava som de finn det best.» 66 Då gjekk dei og sikra grava, både med vakt og med segl på steinen.

torsdag 5. april 2012

Skjærtorsdag

5. april 2012

Det siste måltidet og nattverden

Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» 18 Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’»19 Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.
   
 20 Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv. 21 Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» 22 Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?» 23 Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. 24 For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.» 25 Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus. 

Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» 27 Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! 28 Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. 29 Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.» 

onsdag 4. april 2012

bok å lese i påsken: glassblåseren fra Murano

Fin, historisk bok om glassblåsarar, Venezia og kjærleik. 



I Venezia 1681 er den venetianske republikkens hovednæring glassblåsing, og venetianske speil er mer verdt enn gull. Glassblåserne på Murano er praktisk talt fanger på øya, strengt bevoktet av det livsfarlige "timannsrådet", Consiglio dei dieci. For å beskytte sin hemmelige datter selger Corradino Manin, glassblåsernes største kunstner, sine forretningshemmeligheter og sin sjel til Ludvig XIV av Frankrike, Solkongen.

Flere hundreår senere flykter hans etterkommer, Nora Manin, fra et ulykkelig liv i London, for å gå i lære som glassblåser i sine forfedres by. I Venezia finner hun en ny tilværelse og ny kjærlighet. Men hun er både temperamentsfull og talentfull, og det berømte etternavnet setter henne i fare når tidløs rivalisering kommer til overflaten i de eldgamle glasshyttene. Og når de forræderske hemmelighetene i Corradinos liv avsløres, blir Noras skjebne uløselig knyttet til forfaderens.
Tekst og bilete frå Vega forlag.

Boka kom litt treigt i gang syntes eg og første kapittel var litt langvarig. I første del av boka likte eg best å lese om Nora, eller Leonora som ho blir heitande når ho kjem til Venezia. Tilbakeblikk til Corradino var litt kjedelige i byrjinga, og eg likte best å lese om Leonora gjennom boka og ikkje Corradino.

Både Leonora og Corradino var det kjekt å bli kjent med gjennom boka og linja i frå Corradino til Leonora er interessant. Det er ei svært romantisk bok også, og den anbefales til å bli lesen i påsken.

Eg har ikkje så god tid nå, men det er ei bra bok som bør lesast. Omslaget er til å forelska seg i og det same er beskrivingane av byen.

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...