
6. april 2012
Jesus blir krossfesta, døyr og blir begravd

38 Saman med han vart to røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på venstre sida. 39 Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: 40 «Du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! Er du Guds Son, så frels deg sjølv og stig ned frå krossen!» 41 Like eins spotta overprestane han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa: 42 «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge; lat han stiga ned av krossen, så skal vi tru på han! 43 Han har sett si lit til Gud; lat no Gud berga han, om han har han kjær. Han har då sagt: ‘Eg er Guds Son.’» 44 Og røvarane som var krossfeste saman med Jesus, spotta han på same måten.

51 Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. Jorda skalv, og berga brast. 52 Gravene opna seg, og kroppane til mange heilage som var avlidne, vart reiste opp frå dei døde. 53 Etter Jesu oppstode gjekk dei ut av gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange.
54 Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av stor redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!»
55 Det var òg mange kvinner der som stod langt unna og såg på. Dei hadde følgt Jesus frå Galilea for å tena han. 56 Mellom dei var Maria Magdalena, Maria som var mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene.
Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef. Han var frå Arimatea og hadde òg vorte ein Jesu læresvein. 58 Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp, og Pilatus gav ordre om at han skulle få han.59 Josef tok Jesu kropp, sveipte han i eit reint linklede 60 og la han i den nye grava han hadde hogge ut til seg sjølv i bergveggen. Så rulla han ein stor stein framfor gravopninga og gjekk. 61 Men Maria Magdalena og den andre Maria var der. Dei sat beint framfor grava.
Neste dag, dagen etter førebuingsdagen, gjekk overprestane og farisearane saman til Pilatus 63 og sa: «Herre, vi har kome til å tenkja på det som denne forføraren sa medan han levde: ‘Etter tre dagar blir eg reist opp.’ 64 Gjev no påbod om å sikra grava til tredje dagen. Elles kunne læresveinane hans koma og stela han og seia til folket at han har stått opp frå dei døde. Då blir den siste villfaringa verre enn den første.» 65 Pilatus svara: «Her har de vaktmannskap. Gå bort og sikra grava som de finn det best.» 66 Då gjekk dei og sikra grava, både med vakt og med segl på steinen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare