torsdag 5. april 2012

Skjærtorsdag

5. april 2012

Det siste måltidet og nattverden

Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» 18 Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’»19 Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.
   
 20 Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv. 21 Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» 22 Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?» 23 Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. 24 For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.» 25 Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus. 

Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» 27 Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! 28 Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. 29 Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.» 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...