tirsdag 4. september 2012

bokomtale av litlesøster

I dag har litlesystera mi Karina skrive ein bokomtale på bloggen min.

Maltersergåten
Av: Jørn Lier Horst


En av Oslos største gullsmedforretninger blir tømt for varer under et innbrudd. Gjerningsmennene får med seg nesten 20 kilo rent gull, flere kostbare smykker, og ikke minst den verdifulle Malteserklokken, som alene er verdt over 5 millioner kroner. Ranerne blir tatt, men ikke hele utbyttet kommer til rette, blant annet er Malteserklokken fortsatt borte. Sporene leder til den ufyselige Levi Hildonen og Skutebukta. Vi følger vennene Cecilia, Leo, Une og hunden Egon i en nervepirrende jakt på å få løst gåten, og det dukker opp både rømte fanger, mystiske gjester, en død mann, bortgjemte dagbøker og gamle, spennende irrganger i mørke bunkerser fra krigens dager.

Maltesergåten er med i ein serie, der dette er bok nr.2. Den første boka heiter Salamandergåten. Ho  er og veldig god. For å forstå samanhengen i boka bør ein lese Salamandergåten først.
Maltesergåten er ei veldig god bok som passar for dei som liker krim, men synest slike som «Marg og Bein» er litt for skumle. 

søndag 2. september 2012

"La oss ikke jage etter lykken med slik fart at vi glemmer å være lykkelige"

Første ting eg må fortelje dykk: I DAG SLUTTAR GIVEAWAYEN, AKKURAT NÅ!

Dette er kanskje det mest personlige innlegget som nokon gong kjem til å bli skriven på bloggen min, utan at det betyr at alle løyndommar og tankar skal bli vist for resten av verda. Det betyr at eg skyldar alle ei forklaring om kvifor eg nesten aldri bloggar lenger og lagar omtalar osv.

Som sikkert dei fleste har fått med seg dei siste vekene, har eg nettopp byrja på vgs, og det har vore fantastisk gøy, og eg går i ein super klasse. Det er mange kjekke folk, og eg er eit skritt vidare. Likevel er det noko med haust og skulestart som gjer at du plutselig blir mykje meir trøyt og har null energi. Me svevar, og så detter me ned igjen. Etter ein lang og god sommarferie blir det stritt med skulestart igjen. I sommar og i vår slukte eg mange bøker ved å lese på kvelden eller i helgene, men nå orkar eg ikkje. På kveldane går eg rett opp på rommet, les eit lite avsnitt i bibelen og sovnar. Eg orkar ikkje å lese før eg går til sengs heller, eller så har eg ikkje tid, fordi eg er på styremøte eller på ungdomslaget eller noko anna. Eller så har eg lekser å gjere.

I helgene er eg heilt kaputt! Ei veke på skulen tappar deg verkeleg for all energi, og i tillegg til skulestart har eg nå starta med dans, piano, styremøte her og der, Hå Krfu og vore med på eit arrangement inne i Stavanger. På toget har eg ofte høyrt på lydbok, men eg får ikkje mykje tid. Det er skikkelig kjedelig å vere sliten all the time. Og tidligare i sommar kunne eg sove til ti i helgene, stå opp og slappe av, og så vere opp leeeeeeenge. Det går ikkje lenger.

Derfor har eg ikkje fått lese ut boka eg har haldt på med heile veka, og eg har heller ikkje høyrt på lydboka, lese i Alice i Wonderland, deltat i smakebit på ein søndag, framtidige favorittar og boktema hos Anette. Eg har rett og slett ikkje overskot nok. Eg skriv dette innlegget for å seie at omtalar kan det bli smått av, og det same med lesing. Veka som kjem nå er tettpakka med program.

Måndag: Skule til 13:20, lekser, rydde rommet (og rommet er bomba)
Tysdag: Skule til 15:00, lekser, piano
Onsdag: skule til 13:20, lekser, dans, møte med søndagsskulen
Torsdag: skule til 14:10 lekser, rydde rommet
Fredag: skule til 14: 10 og eventuelle lekser og slappe av
Laurdag: jobbing frå 11:00-23:00 Selskap
Søndag: sove, slappe av, lade opp

Kanskje verkar det ikkje mykje, men etter at du har gjort alt dette er du stuptrøyt. Eg lovar deg. Og helgene framover er tettpakka. Jobb, bokfestival, jobb, jobb, jobb og haustferie. Puh.

Og så til hovudpoenget. Eg blir glad viss eg når målet mitt om 96 bøker dette året, men førebels er eg fire bøker bak og orkar ikkje å gjere noko med det. Eg har forventningar til meg sjølv, men eg trur eg bør ha litt færre. Eg trur at eg skal bli glad kvar gong eg les ei ny bok, og eg trur at eg skal lese bøker i ein fart eg orkar og ikkje tenke på "goodreads" og mål for 2012 osv.

Derfor blir det litt stille på bloggen. Orkar eg å lage eit innlegg gjer eg det, men viss eg ikkje orkar gjer eg det ikkje. Om det blir meir enn eit innlegg i veka kan eg ikkje seie, og førebels tvilar eg på at det blir så mange. Som det står i overskrifta: "La oss ikke jage etter lykken med slik fart at vi glemmer å være lykkelige." Eg vil vere så lykkelig som mogleg her og nå og ikkje jage etter den lykka det hadde vore å ha lese 96 bøker på eit år. Då ville eg vore lykkelig i ein augeblink, men ikkje mens eg dreiv på, for eg vil lese for å ha det gøy, ikkje for nå noko. Sjølv om det er gøy å lese mange bøker, er det ikkje gøy å lese så mange at du blir heilt utsliten mens du held på.


tirsdag 28. august 2012

bok: barnepiken av Kathryn Stockett


Cappelen Damm 2010
nesten 500 sider
the help
Barnepiken beskriver forholdet mellom sorte hushjelper og dere hvite fruer i Sørstatene på første halvdel av 60-tallet. Vi befinner oss i den lille byen Jackson i Mississippi, og møter tre svært forskjellige kvinner som finner hverandre i sin felles utfordring av grenser. 22-årige gamle Skeeter er en ung, hvit kvinne som ifølge hennes mor har ett viktig oppdrag; å finne seg en mann og gifte seg. Selv har hun helt andre planer.Hun ser hvordan de svarte hushjelpene behandles av sine hvite oppdragsgivere og bestemmer seg for å skrive ned historiene deres. Hennes to allierte er Aibileen, hushjelp og barnepike hos Skeeters venninne, og Aibileens venninne, Minny. Det er et risikofylt prosjekt for alle parter, fordi det utfordrer grensene som definerer tilværelsen deres.Barnepiken er en tidløs og universell historie som får deg til riste på hodet i vantro, men også le høyt. Romanen er rørende, trist, morsom og lærerik – en bok som både varmer og skjærer deg i hjertet på en gang.
 Nå er det lenge sidan sist eg har skrive ein omtale av ei bok på bloggen, så det var på tide. Eg vart nettopp ferdig med barnepiken av Kathryn Stockett, og nå er eg skikkelig glad for at eg til slutt byrja å lese boka.I månadsvis har eg fått spørsmål av folk: "Har du lese barnepiken av Kathryn Stockett?" og eg har, flaut nok, alltid måtta seie "nei, dessverre." Men ikkje nå lenger.Nå er eg ferdig med boka, og er skikkelig glad for at eg til slutt las henne òg, for ho var skrekkelig bra.

Synsvinkelen vekslar mellom tre personar, Aibileen, som er svart og jobber som hushjelp hjå Leefolt-familien, Minny som òg er hushjelp, men hjå Celia Foot, og miss Skeeter som er kvit og ugift (til moras store skuffelse) Dei første femti sidene er mykje om livssituasjonen til desse tre kvinnene. I tillegg går det mykje tid med til å beskrive andre viktitige karakterar, som miss Hilly.

Boka er fengande heilt frå byrjinga av, og det tek ikkje lang tid å kome å seg inn i handlinga og det boka er om. Aibileen er den første personen me får møte. Hennar skildringar frå huset til Leefolt-familien er det opprørande å lese om, ikkje bare på grunnav av korleis dei behandlar henne, men òg på grunn av måten miss Lefolt behandlar dottera på to år, Mae Mobley. Mae Mobley løftar historia, med sine små kommentarar og den usikre haldninga. Ho er med på å vise korleis Aibileen jobbar, og ho krydrar boka.

Minny er den direkte. Ho seier ting rett ut, og for det har ho fått mykje kjeft, og mange arbeidsstadar er tapte. Ho blir arbeidslaus i løpet av dei første femti sidene, og Aibileen greier så vidt å skaffe henne ein plass hjå Celia Foot, ei jålete dame med flerie dumme idear enn hår på hovudet.

Miss Skeeter er oppgitt over miss Hillys forslag om eigne doar til huhjelpa i tillegg til mora sine stadig hint om at ho snart må få seg ein ektemann. I tllegg har ho fått seg ein lite tiltrekkande jobb i ei avis, mens det ho eigentlig vil er å bli forfattar.

Boka har eit preg som nesten ingen anna bok har, noko heilt spesielt som gjer at ho er ein favoritt hjå mange. Eg har høyrt at filmen ikkje skal vere like bra, og det trur eg kan vere sant, for å lage film etter ei bok som dette er vanskelig, særleg sidan boka er så bra.

Det er få skrivefeil og personane er ikkje stereotype i det heile. Klisjear finnes det ikkje, og boka er rett og slett ei perle du bør få med deg.

søndag 26. august 2012

smakebit på barnepiken av Kathryn Stockett


Helg og søndag, etter ei fin første veke på ny skule med mange nye klassekameratar. Har ikkje fått så veldig mykje tid til å lese dei siste dagane på grunn av selskap og skule osv, men eg har kome lengre i går og i dag, og eg håpar på i bli ferdig innan i kveld.

Nå les eg barnepiken av Kathryn Stockett

Barnepiken beskriver forholdet mellom sorte hushjelper og dere hvite fruer i Sørstatene på første halvdel av 60-tallet. Vi befinner oss i den lille byen Jackson i Mississippi, og møter tre svært forskjellige kvinner som finner hverandre i sin felles utfordring av grenser. 22-årige gamle Skeeter er en ung, hvit kvinne som ifølge hennes mor har ett viktig oppdrag; å finne seg en mann og gifte seg. Selv har hun helt andre planer.
Hun ser hvordan de svarte hushjelpene behandles av sine hvite oppdragsgivere og bestemmer seg for å skrive ned historiene deres. Hennes to allierte er Aibileen, hushjelp og barnepike hos Skeeters venninne, og Aibileens venninne, Minny. Det er et risikofylt prosjekt for alle parter, fordi det utfordrer grensene som definerer tilværelsen deres.
Barnepiken er en tidløs og universell historie som får deg til riste på hodet i vantro, men også le høyt. Romanen er rørende, trist, morsom og lærerik – en bok som både varmer og skjærer deg i hjertet på en gang.
Smakebiten i dag:
"En, to, tre," Mae Mobley begynner å telle dem. Hun kommer til tolv, og jeg må ta over. "Tjueni, tretti, trettién. Trettitre klosettskåler, vesla."
Vi går litt nærmere og nå ser jeg at de ikke bare har strødd over hele hagen. Det er to til i innkjørselen, side ved side, som om de var et par. Og et på trappa, som om det venter på at miss Hilly skal komme å åpne.
"Er ikke den der artig, den med -"
Men vesla har sluppet hånden min. Hun løper inn i hagen, bort til det rosa klosette midt på plene og løfter opp lokket. Før jeg vet ordet av det, har hun dratt ned underbuksa og tisser i det, og jeg løper etter henne, mes et halvt dusin bilhorn tuter og en mann med hatt knipser bilder.
Frå barnepiken av Katherine Stockett, side 318

Dette er ei fast spalte på bloggen til Mari, flukten fra virkeligheten, kvar søndag, der du legg ut ein smakebit frå boka du les nå. For å sjå fleire kan du gå her.

Minner alle om giveawayen på bloggen der du kan vinne mississippi på lydbok. For meir informasjon, gå her. 

torsdag 23. august 2012

Boktema hos Anette - boka eg les nå

Boktema hos Anette er ei spalte på bloggen til Anette, Anettes bokboble, kvar torsdag der du får eit tema å skrive innlegg ut frå. I dag er temaet boka eg les nå.

Blei litt brå start då, men det er nå så. Sånn førebels les eg bare ei bok, men eg høyrer på ei anna og det er nesten det same som å lese... Så derfor tar eg med lydboka òg.

Boka eg les nå:

Forlaget om boka:

Barnepiken beskriver forholdet mellom sorte hushjelper og dere hvite fruer i Sørstatene på første halvdel av 60-tallet. Vi befinner oss i den lille byen Jackson i Mississippi, og møter tre svært forskjellige kvinner som finner hverandre i sin felles utfordring av grenser. 22-årige gamle Skeeter er en ung, hvit kvinne som ifølge hennes mor har ett viktig oppdrag; å finne seg en mann og gifte seg. Selv har hun helt andre planer.
Hun ser hvordan de svarte hushjelpene behandles av sine hvite oppdragsgivere og bestemmer seg for å skrive ned historiene deres. Hennes to allierte er Aibileen, hushjelp og barnepike hos Skeeters venninne, og Aibileens venninne, Minny. Det er et risikofylt prosjekt for alle parter, fordi det utfordrer grensene som definerer tilværelsen deres.
Barnepiken er en tidløs og universell historie som får deg til riste på hodet i vantro, men også le høyt. Romanen er rørende, trist, morsom og lærerik – en bok som både varmer og skjærer deg i hjertet på en gang.
Eg om boka til nå
Sjølv om eg absolutt ikkje har kome langt, så merker eg at boka er kanonbra. Det er alt som skal til, og eg er fenga av settinga og plottet og personane. Det verker gjennomtenkt og bra, og det er ein stor dose humor med.

Boka eg høyrer på

Harry Potter is midway through his training as a wizard and his coming of age. Harry wants to get away from the pernicious Dursleys and go to the International Quidditch Cup. He wants to find out about the mysterious event that's supposed to take place at Hogwarts this year, an event involving two other rival schools of magic, and a competition that hasn't happened for a hundred years. He wants to be a normal, fourteen-year-old wizard. But unfortunately for Harry Potter, he's not normal - even by wizarding standards. And in his case, different can be deadly.
 Stephen Fry er bare heilt suveren i å lese lydbøker!! Utan tvil den beste eg har høyrt så langt i mitt liv, og då inkludert dei norske eg har høyrt. Han har ei stemme som fengar og som tar deg med!

Og så, vil delta i ein liten giveaway?? Meld dykk på her! 

onsdag 22. august 2012

Giveaway - vinn lydbok!


IMG_1444-1

Hei, hei. Er det nokon som klare for ein liten giveaway nå i slutten av sommaren 2012? Eg trudde kanskje det, og sidan eg fyller året om ei veke, så tenkte eg å gi bort noko.

Og derfor kontakta eg lydbokforlaget som var så snille med meg at dei sponsa meg med ein link til gratis nedlastning av lydboka Mississippi av Hilary Jordan. Eg veit ikkje om nokon såg omtalen min av det du ikke ser av Katherine Webb for circa ei veke sidan. Dama som las den boka, Bodil Vidnes-Kopperud, var superflink til å lese syntes eg, og ei Mississippi er ei anna bok ho har lese inn. 
En sterk og gripende roman om forbudt kjærlighet, vennskap og hat i et Sørstatene forut for «Barnepiken» og «Bienes hemmelige liv». Boken berører og opprører, og har vært en internasjonal bestselger siden den først kom ut i 2009.MISSISSIPPI, 1946. Byjenta Laura McAllan flytter med ektemannen Henry og de to små døtrene deres til en avsides plantasje i Mississippi-deltaet. Henry elsker jorda, men Laura sliter med å finne seg til rette på landet og med sin hatefulle svigerfar.
Da Henrys bror Jamie og den svarte forpaktersønnen Ronsel vender hjem fra krigen, endrer livet seg. I Jamie finner Laura en som ser henne, men i et lokalsamfunn preget av dyp rasisme vekker Jamie også forakt og frykt på grunn av sitt vennskap med Ronsel. Og da Laura forstår hva som er i ferd med å skje med familien, har Ku Klux Klan allerede trådd ut av skyggene.
I «Mississippi» forteller Hillary Jordan medrivende og uhyre sterkt om forbudt kjærlighet, vennskap og hat i et Sørstatene etter «Purpurfargen» og forut for «Barnepiken» og «Bienes hemmelige liv». Boken har vunnet flere priser og vært en internasjonal bestselger siden den først kom ut i 2009.
Hilary Jordan vokste opp i Texas og Oklahoma og jobbet som tekstforfatter inntil hun debuterte med «Mississippi». Romanen har bl.a. vunnet The Bellwether Prize for Fiction, en pris grunnlagt av forfatteren Barbara Kingsolver, og er for tiden under utgivelse i åtte land.
Det einaste du treng for å vere med er å legge igjen ein kommentar der du svarer dette spørsmålet: Kva forhold har du til lydbøker? Og så gjerne epostadressa òg. Viss du vil hamstre fleire lodd, kan du følge bloggen min (to for dei nye som følgjer, tre for dei som allereie er følgjarar) eller dele innlegget på facebook, twitter eller blogg. Tre (!) lodd for kvar stad du deler innlegget, og gjerne legg igjen link til evt blogginnlegg eller tweet. 

Fint viss du nevner alt du har gjort og kor mange lodd du har samla, for då slepp eg å sitje å rekne sjølve. (hehe, litt lat er det då lov å vere. Kvifor gjere arbeidet sjølve når andre kan gjere det?)

Lykke til!!

tirsdag 21. august 2012

"det blå rommet" ligg på vent

Boka på vent er ei relativ ny spalte på bloggen Beathes bokhylle der du skriv om boka som ligg på vent hjå deg.

Nå har eg nettopp (igjen) vore og lånt bøker på biblioteket, og i dag fekk eg med meg heim det blå rommet av Susan Henderson.


Forlaget om denne boka:

”Moren vår hadde ikke vært ute av soverommet på fire dager. Siste gang hun var ute, var ved middagsbordet den dagen far dro på forretningsreise. Hun sa hun var for sliten til å lage mat og ga oss en eske sjokoladedonuts før hun lukket døren. Hun var så sliten på den tiden, så jeg ble ikke overrasket over at vi ikke så henne morgenen etter.”Syv år gamle Tillie Harris har et stort ønske om at mamma skal bli glad igjen. Men ønsket hennes ser ikke ut til å bli oppfylt. Familien på fire flytter til Washington fordi faren skal begynne å jobbe i Pentagon. Når Tillie kommer til sitt nye hjem, er ikke moren der og faren har ingen forklaring på hvor hun har tatt veien. 
Tillie begynner å lete etter moren og en kveld finner hun en dør i kjelleren, en dør med et merkelig blått lys.Det blå rommet handler om det viktige forholdet mellom mor og datter, fortalt på en helt ny, overraskende og meget sterk måte.En historie om kjærligheten mellom en mor og hennes datter, om tilgivelse og kraften til å gå videre. En historie du vil snakke om lenge.
Sacramento Book Review”Du vil elske boken totalt, selv når den er smertefull å lese. Det er en hjerteskjærende, men givende forelling som fortsatt hjemsøker meg. Jeg elsker denne romanen, den vil bli en bestselger.”
JAMIE FORD, forfatter ”Hotellet på hjørnet av Bitter og Søt”.”Den unge hovedpersonens har en så sterk fortellerstemme at boken minner meg om ”Krystallslottet” av Jeannette Walls. Jeg vil anbefale boken til alle.” 
Rosie O’Donnell, tv stjerne og forfatterSUSAN HENDERSON har vunnet en rekke litterære priser, blant annet The Academy of American Poets award. Hun bor i New York med ektemann og to sønner.
 Eg gler meg skikkelig, og synes det er nervepirrande bare å ha henne på vent, på grunn av eit svært spennande tema.

For å sjå kva andre bøker som ligg på vent kan du gå her.

mandag 20. august 2012

bok: arven av Katherine Webb

Gyldendal forlag 2011
496 sider
The Legacy


En mørk og kald vinterdag like etter bestemorens død, vender Erica Calcott og hennes søster Beth tilbake til Storton Manor, et stort og imponerende gods hvor de tilbrakte idylliske somre som barn. Da Erica begynner å rydde i bestemorens eiendeler, blir hun overstrømmet av minner om barndommen og om sin fetter, Henry. Henry forsvant sporløst fra godset mange år tidligere, og uvissheten om hva som skjedde den skjebnesvangre dagen, har splittet familien og ført til uvennskap og dype konflikter. Ikke minst er Beth fremdeles dypt preget av forsvinningen.
Erica bestemmer seg for å finne ut hva som skjedde med Henry, slik at fortiden en gang for alle kan bli stedt til hvile og Beth kan finne ro. Og gradvis, etter hvert som Erica klarer å rekonstruere det som har skjedd, trer en ukjent familiehistorie frem. En historie som strekker seg tilbake til århundreskiftets Amerika, til møtet med en vakker ung pike fra overklassen, hennes dramatiske kjærlighetshistorie og voldsomme offer. Og etter hvert som fortiden flettes inn i nåtiden, innser Erica og Beth at de må akseptere familiens mørke hemmeligheter og voldsomme svik − og ikke minst arven de bærer − skal de komme videre med sine egne liv.
Katherine Webbs debutroman er en uforglemmelig, handlingsmettet og dramatisk historie som vil bite seg fast lenge etter at siste side er lest.
Eg var veldig spent før eg byrja på boka, for eg har lese så utrulig mange gode historiske romanar, men har tidligare høyrt litt negative ting om denne boka. På sett og vis kan eg forstå dei som klaga òg, for ho var ganske treig i byrjinga trass i at handlinga byrja med ein gong. Det postive var jo at ho tok seg opp etter 50 sider i staden for 150.

Boka foregår både i nåtida (på 2000-talet) og i fortida (frå 1902 og framover). Hovudpersonen i nåtida er Erica Calcott som saman med søstera Beth har vendt tilbake til bestemora, Meredith, sitt hus, som har ei lang historie med fleire mørke sider. Familien til Erica og Beth har tilhøyrt overklasse i fleire tiår, heilt sidan Caroline, Ericas oldemor, kom  til England. Ganske langt uti boka bruker Erica nokre ord for å beskrive seg sjølv og søstera, både kort og utfyllande.
"Cacottene tilhører overklassen(...)"
"Tilhørte overklassen. Du kan ikke akkurat si det om Beth og meg - jeg er en fattig skolelærer, herregud, og Beth er en alenemor som må arbeide for å klare seg."
I tillegg til mysteriet i forteljinga, slit Beth med depresjon, og ho kjemper for å behalde ansvaret for sonen Eddie. Å vere tilbake i huset, Storton Manor, gjer henne dårlig, og minner frå då ho og Erica var barn kjem tilbake til dei. Erica prøver å hugse tilbake til den dagen då fettaren Henry blei borte, Beth vil ikkje hugse. I arbeidet med å rydde opp i huset, finn Erica gamle bilete og brev.
Bare ett annet foto fanger min oppmerksomhet. Det er gammelt og slitt i kantene, motivet er synlig under et hav av fuktskader og falmethet. En ung kvinne, kanskje tidlig i tyveårene, i en høyhalset kjole, håret festet strengt bakover; med et barn i kniplingskjole på fanget, toppen et halvt år gammelt. En mørkhåret baby med uklart ansikt, spøkelsesaktig, som om den vred på seg akkurat i det bildet ble tatt. Kvinnen er Caroline. Jeg kjenner henne igjen fra andre bilder i huset, selv om hun er yngre på dette bildet enn de andre. Jeg snur bildet og leser det utviskede stemplet på baksiden: Gilbert Beaufort & Son, New York City, og skrevet for hånd, med blekk som nesten er forsvunnet, 1904.
Men Caroline giftet seg ikke med Henry Calcott, min oldefar. før i 1905, og de mistet en datter før Meredith ble født i 1911. Jeg rynker pannen, holder bildet opp mot lyset og forsøker å se etter andre spor. Carolone stirrer rolig tilbake på meg og holder en beskyttende hånd rundt barnet. Hvor ble det av dette barnet. Hvordan falt det ut av slektstreet vårt?
Det her mysteriet ligg, og det er det dei prøver å nøste opp i. Samstundes som me følgjer Erica og Beth i nåtida, følgjer me òg Caroline i byrjinga av 1900-talet, som nygift med ein kvegbonde og barnlaus. Etter fleire store selskap i New York, høgt oppe i samfunnet, er det vanskelig å tilpasse seg det nye og enkle livet. 

Der boka sviktar litt for meg, er her, med Caroline. Dei røper alt for mykje på dette punktet. Eg liker på ein måte når ein finn ut litt om fortida gjennom at personane i nåtida finn det ut først, og så fører oss tilbake. Her ligg alltid lesaren litt, eller alt for mykje, framfor til at det blir veldig spennande. Det var det som øydela i det du ikke ser òg, om kanskje ikkje fult så mykje.

Det som trekker denne oppe er dei langt frå stereotype personane. Me blir kjent med alle sider av ein person, ikkje bare dei dårlige eller dei gode. Caroline og Beth er to gode eksempel på dette. Caroline høyres ut som ei vakker jente og ein god person det hadde vore morosamt å bli kjent med, i den tida på kvegfarmen. Seinare blir ho beskriven som alt anna enn morosam å vere med, og dette humørsjuke beistet høyres ikkje like tiltalande ut.
Beth har depresjon, ho kan vere mutt og tverr, men samstundes er ho verdas beste mor til Eddie, og ho kan bli skikkelig ivrig, når ho først sett i gang med noko. 

Boka er på nesten 500 sider, men det går overraskande fort å lese henne, både på grunn av passe store bokstavar og eit lett språk. Litt skrivefeil her og der, som eg hadde skikkelig lyst til å rette på ei lita stund, men det kjem seg. Det at boka, frå nåtida, blir fortalt i første person gjer alle tilbakeblikka på barndommen til Erica og Beth veldig einsformig, men samstundes interessant. Me saknar ikkje Beth sin synsvinkel i boka på nokon måte, sjølv om eg skulle ønske at forfattaren hadde vore ås modig at Beth hadde fortalt i staden for Erica. Det hadde blitt langt vanskeligare å skrive, men òg langt meir spennande.

Boka var herlig urealistisk! Veit ikkje om de forstår heilt kva eg meiner, men då får det spørje...

søndag 19. august 2012

smakebit på arven av Katherine Webb


Nå er det søndag igjen, og eg har nettopp hatt min første (!) dag på vidaregåande. Tenk det. Det er rett og slett utrulig så fort tida går. Føler at det ikkje var lenge sidan eg låg vaken nesten heile natta for eg var spent på åttande klasse. Og ja, me byrja ein laurdag, pga internatelevane. Eg går på Tryggheim vidaregåande (ein kristen privatskule) viss de lurte, og der kjem internatelevane helga før skulen startar, og då blir skuleåret sett i gong med ein fest med foreldrene.

Uansett, i dag er det sønag. Den dagen i veka då eg kan tilate meg å slappe av på sofaen og lese i boka eg held på med, som akkurat nå er arven av Katherine Webb.

Forlaget om boka:

En mørk og kald vinterdag like etter bestemorens død, vender Erica Calcott og hennes søster Beth tilbake til Storton Manor, et stort og imponerende gods hvor de tilbrakte idylliske somre som barn. Da Erica begynner å rydde i bestemorens eiendeler, blir hun overstrømmet av minner om barndommen og om sin fetter, Henry. Henry forsvant sporløst fra godset mange år tidligere, og uvissheten om hva som skjedde den skjebnesvangre dagen, har splittet familien og ført til uvennskap og dype konflikter. Ikke minst er Beth fremdeles dypt preget av forsvinningen.
Erica bestemmer seg for å finne ut hva som skjedde med Henry, slik at fortiden en gang for alle kan bli stedt til hvile og Beth kan finne ro. Og gradvis, etter hvert som Erica klarer å rekonstruere det som har skjedd, trer en ukjent familiehistorie frem. En historie som strekker seg tilbake til århundreskiftets Amerika, til møtet med en vakker ung pike fra overklassen, hennes dramatiske kjærlighetshistorie og voldsomme offer. Og etter hvert som fortiden flettes inn i nåtiden, innser Erica og Beth at de må akseptere familiens mørke hemmeligheter og voldsomme svik − og ikke minst arven de bærer − skal de komme videre med sine egne liv.
Katherine Webbs debutroman er en uforglemmelig, handlingsmettet og dramatisk historie som vil bite seg fast lenge etter at siste side er lest.
Eg har ikkje kome så langt endå, for eg byrja i går midt på dagen, rett før festen, og då blei det litt ltia tid. Men ein smakebit eg har eg jo.


"Jeg vet ikke hvordan det skal bli uten Dem, frøken. Jeg tror ikke jeg komme til å synes noe om London!" gråt piken, og Caroline ok hånden hennes og flettet fingrene sine i hennes. Hun var for fylt av sterke følelser til å si noe. Først da hun så det kraftige , prustende damplokomotivet, og kjente eimen av sot og flammer og rødglødende jern, følte hun endelig at hun hadde møtt et annet vesen i verden som var like glad for å skulle legge ut på reise som hun selv var. Hun lukket øynene idet toget begynte å bevege seg framover. Lokomotivet hostet dypt og spydde ut en sky av damp og signaliserte med det slutten på hennes gamle liv oog begynnelsen på et nytt.

 arven av Katherine Webb, side 51

Kan ikkje seie at boka er veldig godt skriven, og handlinga har ikkje kome skikkelig i gang endå. Smakebiten eg delte var i frå 1902, då nygifte Caroline skulle treffe mannen sin i Oklahoma. Ho sit saman med Sarah, som etter det eg har forstått har vore tenaren til Caroline. Me får sjå etter kvart kva eg synes. 

Ein smakebit på søndag er ei morosam spalte laga av Mari på bloggen flukten fra virkeligheten. Del nokre setningar i frå boka du les og legg igjen linken på bloggen til Mari. Fleire smakebitar finn du her.

Ha ein herlig søndag vidare!

lørdag 18. august 2012

bok: et sommereventyr av Elin Hilderbrand

Forlaget om boka:

Claire har problemer med å sette sine grenser. Hun har tatt ansvar i hele sitt liv, båret byrder og imøtekommet alle ønsker. I omgivelsenes øyne har hun alt: en kjærlig ektemann, fire nydelige barn – til og med en strålende karriere som glasskunstner. Når hun påtar seg vervet som leder av sommerens store veldedighetsball, vet hun at hun skal klare det. Claire fikser alt.
Men når ballforberedelsene fører henne inn i milliardæren Lock Dixons sfære, slår det uventede gnister. Lock insisterer på et nært samarbeid med Claire – ofte over en flaske vin – og innen kort tid kan hun ikke lenger neglisjere dvelende blikk og ”tilfeldige” berøringer. Til sin overraskelse klarer hun ikke undertrykke følelsene som vekkes i henne, og både ballet og hele livet hennes kommer ut av kontroll.
Et sommereventyr er en modig og åndeløs reise inn til en moderne kvinnes hjerte.

Til vanlig plar eg ikkje lese såkalla guilty pleasures, av den grunn at det for det meste er søppel, kjærleik og tåpelige romansar. Kan vel dessverre ikkje seie at denne boka var mykje betre, bortsett frå at Elin Hilderbrand skriv overraskande bra i periodar.

Claire er ei dame eg hadde beundra, hadde det ikkje vore for at ho faktisk viser sterk mistilit til mannen og hans måte å passe på barna på, at ho ikkje har tru på at han greier det sjølve. Og ho verker så forferdelig "snill pike" i byrjinga. Går ut av bilen for å redde ein stakkar skada fugl. Sjølv ser eg på meg sjølv som ei snill jente, men å gjere som henne, stoppe bilen, hjelpe ein skada fugl på fortauet til å fly igjen, bare for å vere snill, nei. Hjelpe eddarkoppar ut for i standen for å drepe dei, nei, det er ikkje meg, og heller ingen andre normale personar.

Clair har fire barn, JD, Ottillie(?), Shea og Zack. Ho er av yrke glasblåsar, men jobbar i byrjinga av boka som mor på heiltid. Ho skal vere travel og sterk og slite med skylt og alt slags anna. Ho er snill, som de sikkert har forstått, ho har ein kjernekar til mann (etter mi meining) og tar på seg alt for mykje. Ho har ei besteveninne, og svigerinne, Sheoban, som ho fortel alt til. Ho har ein ekskjærast frå ungdomstida som er kjendis. Og ho har Lock som blir hennar elskar i løpet av boka.

Først i boka kjem prologen som eg ikkje forstår kvifor skal vere med. Den forklarar ikkje mykje Daphne Dixon, Locks kone, kjører i fylla, kjører i eit dyr og får varige skader, og heile henne forandrar seg i frå ei flott dame til ei dame med skarp tunge. Sjølv hadde eg føretrukke at ho hadde ei skarp tunge i frå byrjinga av, til fordel for at heile prologen skal gå til noko anna enn det historia er om.

Alle personane i boka er stereotype Clair er den snille, som aldri blir framstilt som nokon dårlig person, trass i at ho ikkje er tru mot mannen sin og stikker av for å ha sex med Lock på kontoret hans. Jason er udyret som er i vegen, som er for flink, for dårlig til å lytte, røykjer, gir feil namn til bilen osv. Han er den spolerer, og han er dum nok til å ikkje forsåt at Clair har eit forhold på si. Lock er den nesten perfekte, utanom dei ti kiloa ekstra, som eigentlig ikkje seier så mykje i denne historia. Sheoban er besteveninna som plutselig ikkje forstår. Okay, ikkje alle er like stereotype. Personlig likte eg best Sheoban, Clairs beste veninne.

Fleire i boka er i mot å ha forhold på si, men for meg verker det som om mange av dei òg kan tilgi seg det, at det er greit. Eg er så til dei grader ueinig. Det er noko av det mest umoralske, uetiske... Nei, eg skal halde opp. Mot min eigen vilje blei eg fenga av boka. Ho var eigentlig ganske godt skriven, bare du gadd å lese lenger enn side femti. Etter alle presentasjonar og alle beskrivingar var det eit bra språk som kom fram, og ting byrja å fortone seg ein smule meir positivt. Eg likte beskrivingane av glaset Clair arbeidde med. Det gidde litt meir perspektiv til boka.

Nokre scenar forstod eg ikkje heilt vitsen med. Dei var ikkje med på å skape den raude tråden gjennom boka, som eg sakna veldig. Sånn som prologen og Clairs ekskjærast på eit rom i Thailand med ei ung jente. Det var visse gonger eg hoppa over fleire setningar, som då det låg ei grundig detaljert liste over ein meny til gallaen. Då hoppa eg over mange setningar. Hadde det vore noko hårreisande med denne lista, noko morosamt, så kanskje, men ikkje når det bare var ordinær mat som stod på.

Likte sommerøya ein god del betre enn et sommereventyr. Sommerøya var betre og hadde fleire interessante personar og ei meir interessant handling. Ei travel mor med eit forhold på si er langt frå like gildt å lese om som fire kvinner aleine på ei øy.

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...