onsdag 12. juni 2013

bok: fugler uten vinger av Louis de Bernières

Louis de Bernières trollbandt meg med boka Kaptein Corellis mandolin. Den same spenninga følgte ikkje heilt med fugler uten vinger. Temaet i seg sjølv er spennande nok, men det er meir det at han dreg alt veldig langt ut som øydelegger boka litt. Det er vel lov å synes at seks epilogar er å gjere det litt vel langt? Nokre av dei kunne eg nok vore forutan, og dei kunne vel kanskje erstatta andre kapittel tidlegare i boka, som berre var overflødige? Likevel, langdrygt eller ikkje, ingenting kan få meg til å legge frå meg ei bok av denne forfattaren.

De Bernières er faktisk heilt genialt på visse område. Han konstruerer historier på ein velkjent måte, men har samtides ein særeigen humor. I tillegg er måten han konstruerer forteljingane på eineståande. Det er få forfattarar som meistrer å skifte mellom så mange karakterar og så mange synsvinklar utan at lesaren dett av. Nokre kapittel er skrivne i første person, og andre er skrivne i tredje person. Nokre er skrivne notid og andre i fortid. Likevel gir kapitteltittelen alltid eit innblikk i kva synsvinkel ein får det frå. Og om ikkje den gjer det, merkar ein det så snart ein har lese første linje i kapittelet.

Handlinga i boka er konsentrert rundt min favorittdel av gresk historie. Dessverre er det veldig lite om denne delen på skulen, og då får ein finne ut om slike hendingar på eigen hand. Den delen av historia som eg snakkar om er historia frå den første delen av 1900-talet. Tyrkiske kristne og tyrkiske muslimar lever side om side i Tyrkia, og det same gjer greske muslimar og greske kristne i Hellas. I Tyrkia kallar dei seg ottomanar, og særleg i småbyar, som Eskibache er skiljene mellom religionane heilt borte. Kristne jenter giftar seg med muslimske gutar og omvendt. Muslimar ber dei kristne om å ofre for dei i kyrkja, og dei kristne drar nytte av muslimane sine tenester. Dei viktigaste personane som ein blir kjent med gjennom boka er Philotei, Ibrahim, Karatavuk, Rustem bey, Dresoula, Memetcik, Iskander Pottemaker og Leila. Ein får òg høyre om Polixeni og mannen, Ali Neseknekk, Gerasimos og mange fleire som eg ikkje kan hugse namnet på. Dei er knytt til kvarandre på ein unik måte, slik som det berre går ann å vere knytt saman i ein liten landsby.

Historia startar med eit kapittel kor Iskander Pottemaker fortel om Geitegjetaren Ibrahim, og så held det fram med at han minnes natta då Philotei vart født. Philotei og Ibrahim er nemleg barndomsvener. Han er ein muslimsk gut som kan etterlikne alle typer geiter, og dei mest morosamme lydane er
en geit som vurderer å bli kristen
en geit som vil reise til Telmessos for å kjøpe vannpipe til bestemoren sin
en geit som ikke har noe å si
Philotei er ei kristen jente som alle meiner er unaturleg vakker, og ho og Ibrahim har tett band til kvarandre. Planen er at dei ein dag skal gifte seg. Memetcik er Philoteis yngre bror, og Karatavuk er Iskander Pottermakers son. Den eine er muslim og den andre kristen, noko som likevel ikkje hindrer dei i å bli bestevener. Dresoula er Philoteis beste veninne, som blir skildra som Philoteis motsetning. Dresoula skal etter det karakterane fortel vere unaturleg stygg. Iskander Pottermaker, er slik namnet seier, pottemakaren i landsbyen, og Rustem bey er agaen i byen, utan at eg fekk heilt tak i kva ein aga er for noko. Leila er Rustem beys elskerinna, som han har henta frå Smyrna.
I første del av boka er det mest morosamme referansar og små enkeltforteljingar om dei forskjellige personane, og dei einaste kapitla som er gjennomgåande er "Jeg er Philotei" og "Mustafa Kemal". Elles er det fleire karakterar som fortel om minnene sine, og utanom det er det flust med morosamme og triste historie. Likevel er det noko å trist og veldig spennande over alt dette, for du veit at ein eller annan gong vil boka ta ei ny vending og landsbyen vil bli løyst opp.

Det einaste eg har å setje fingaren på er at det kan til tider bli litt langdrygt. Elles er historia fint veva saman, og alle trådar (og fleire til) blir plukka opp til slutt. Lesaren vil heilt klart føle seg tilfredsstilt, for avslutninga er langt frå open, og det er tydeleg at forfattaren ikkje vil fantasien til lesarane ta overhand, men heller skrive det slik det er sjølv. 

tirsdag 11. juni 2013

Eg feirer somaren - GIVEAWAY!


No er det snart somar, og eg vil gjerne feire årstida, og vêret som har vore overraskande fint i det siste, med ein giveaway. Eg har eigentleg ikkje så veldig mykje anna å ferie i forhold til bloggen, for eg er ikkje flink til å arrangere konkurransar ved rundt tal på kommentarar eller 20000 sidevisningar til dømes. Men somaren er jo alltids noko å feire. Dessverre har det vore litt roleg her i det siste, for boka eg las tok litt tid. No er eg ferdig, men i går øydela eg brillene mine og gjekk utan i heile går ettermiddag (på Kvadrat) og i dag på skulen. I tillegg har jo pollenesongen kome (litt negativt med somaren er det jo) og eg har prestert å bli sjuk på toppen av det heile. Likevel, for meg er det snart ferie, og det vil eg feire med å vere litt gåvmild. 

søndag 2. juni 2013

Dirty Dancing og så alt for lite tid til bøker


Det har seg slik at Mai Lene ikkje har fått lese så mykje i det siste, mest på grunn av mykje skulearbeid, dansing og piano og ei litt omfattande bok av Louis de Bernières. Likevel, som nemnt, dans har teke mykje tid. På onsdag er det slik at Hå Kulturskule (der eg framleis går) og Unge Spor (som er ei veldig proff dans-, musikk-, drama-, og kunstnergruppe) skal ha danseførestilling i lag. Me skal framføre vår eigen versjon av songane frå åttitalsfilmen Dirty Dancing som sikkert mange har sett før.

Eg har dansa ekstra mykje heime i det siste, for eg vil at dansane skal sitje perfekt! For dei som bur her på Jæren er et i Storstova på Bryne på onsdag klokka 1800. Bilettane kostar kroner 100, og de kan bestille bilettar ved å trykke på bilete.

Eg har òg gjort ein stor feil (som berre er min eigen). Eg sletta FIRE sider på bloggen. Uff nei, eg trur eg skal opprette tre av dei igjen, men bøker leset 2011 får vere historie. DET får de vinne fram til sjølv. Elles hadde eg ei side med linkar til alle bokomtalar i alfabetisk rekkjefølge etter etternamnet til forfattaren. Den skal opprettast, men det går nok litt tid. Enn så lenge får de greie dykk med dei tre sidene som framleis er her. Jaja, slik gjekk det med dei. Eit hint om at eg må pussa opp bloggen?

Staus for tida: Litt skulelei, veldig klar for sommareferie og meir lesing.
Eg har ikkje mindre enn fire presentasjonar neste veke. Heldigvis hadde eg førebudd meg på å ha tre av dei veka som var, så det er ikkje så gale...

Jaja, det var ei lita oppdatering. Blir nok litt stille på bloggen dei neste dagane, mens eg prøver å motivere meg for dei siste to vekene av skuleåret og tenkje positivt og elles kose meg.


søndag 26. mai 2013

bok: X av Helge Thime-Iversen

Nok ei krimbok er lesen, og denne gongen var det X av Helge Thime-Iversen, som fekk den æra å bli lesen. Etter å ha sett Geirs omtale av boka, som var veldig positiv, måtte eg lese boka sjølv. Geir kallar boka for ein X-tremt spennende debut. Ja, den er spennande, og det er god gjort å meistre krimsjangeren slik på første forsøk, men om den er x-tremt spennande, det er ei anna sak.

Njaal Natland jobbar i Kripos - noko som er uvanleg for dagens krimheltar, som til vanleg har ein vanleg politijobb i eit distrikt eller er journalist - der han har utmerka seg som ein filnk etterforskar. Likevel, alle politimenn kjem ein eller annan gong utfor ei vanskeleg sak, og det gjer Njaal i denne boka. X, eller Fingermorderen som han blir kalla i avisene, er laus. Fleire norske byar blir offer for personen. Han har òg sitt eige varmerke, noko namnet Fingermorderen går etter, og det er at på kvar åstad ligg fingaren til offeret igjen. Dette går det òg an å sjå på forsida av boka, som på ein måte er fantasilaust, men òg litt spennande. Uansett, Njaal gjer alt for å løyse saka, men sjølv om gjerningsmannen - X - etterlet seg mange spor, er det nesten umogleg å ta han. Kompanjongen til Njaal Natland heiter forresten Johnny Vang (ikkje Jonny Vang som i filmen med Aksel Hennie), noko som skaper litt humoristiske scenar i boka.

Eg er veldig glad i krim som de veit, men ikkje all krim. Jo Nesbø, til dømes, fenga meg ikkje heilt, og eg er heller ikkje veldig glad i krim kor det er snakk om eit større spel som inneber terror, store narkotikabandar eller slike spel. Eg liker det litt meir i det små, med ein gjerningsmann som handlar på eigne vegne, slik som i en usynlig av Pontus Ljunghill. På denne måten var òg Thime-Iversens bok noko for meg. Dette er ingen spoilar, for det går ikkje lang tid før ein forstår at her er det ein person som handlar. Noko anna eg likte var at det var ein litt original norsk krim. Boka er veldig ambisiøst lagt opp med mord som skjer i fleire byar i Noreg. Det er vanskeleg å etterforske like mordsaker i Bergen, Trondheim, Vardø osv. Å legge opp til ein seriemordar som driv på i ulike fylker er mildt sagt veldig, veldig, veldig ambisiøst. Derfor er det bra når forfattaren meistrar dette ambisiøse oppdraget. Kripos er jo sjølvsagt eit verkemiddel. Det hadde vore meir vanskeleg med ein politietterforskar i Vardø som hovudperson, for då hadde jo denne personen berre ansvaret for Vardø-saka og ikkje tilgang på fleire bevis enn som så. Det er jo nettopp der med bevis det blir ambisiøst. Du skal ha ein person eller to som reiser rundt overalt og samlar bevis og veit om alt. Likevel, dette greier Thime-Iversen på ein heilt genial måte.

Eg skreiv i første avsnitt at boka var spennande, men ikkje ekstremt spennande. Det skal mykje til for at ein krim ikkjer spennande. Då er forfattaren verkeleg amatørmessig, og det er ikkje Thime-Iversen. Han er veldig flink, men i motsetning til mange andre krimbøker følte eg ikkje det gjekk lang tid før ein fekk vite kva som skjedde. Han var ikkje ein meister på å halde lesaren på pinebenken. Nokre få gonger haldt han lesarane så lenge på pinebenken at me gløymte heilt at det faktisk skjedde, og då tråden blei plukka opp igjen, var det ikkje like spennande. Andre gonger, alt for mange, gjekk det litt for raskt. Eg fekk ikkje tid til å bli spent på svaret. Nokre få gonger greidde han å halde meg på pinebenken slik at eg  måtte vente litt, men ikkje for lenge. Dei gongene funka det utmerka, men boka kunne ha vore betre ved å lage det til slik fleire gonger. Språket etterlot ikkje mykje til fantasien. Det var fengande, og det er ikkje utan grunn at eg las dei siste 250 sidene i dag. Språket i seg sjølv er dessverre ikkje veldig spennande, og nokre gonger kunne Thime-Iversen ha korta ned på veldig lange skildringar av personar og i staden fokusert på andre viktige moment i boka. Som då han skildra ein politimann i Bodø eller ei kontordame i Oslo. Eg veit ikkje heilt kva det var med språket som ikkje gjorde boka så x-tremt spennande, men det var i alle fall ikkje ein viktig faktor for dei spennande kapitla som var i boka.

Juritzen kan vere glade for å ha denne krimforfattaren med på laget! Han kan skrivekunsten, og ved nokre få betringar, kan bøkene hans bli x-tremt spennande. Viss det kjem fleire bøker, skal eg heilt klart lese dei!

(boka var eit leseeksemplar frå Juritzen forlag)

fredag 24. mai 2013

bok: fortellingen i fiolinen av Natasha Solomons

Dette er ei bok dei fleste andre bokbloggarar har lese for lengst, og så kjem eg her halsande etter og skriv ein otmale av akkurat den same boka. Sikkert mykje av det same, men eg hadde håpt på å komme med noko nytt, og det ser dessverre ut til at eg ikkje likte boka like godt som alle andre, men kvar sin smak, seier no eg. Det kan vere det blir nokre spoilarar undervegs, så dei som har tenkt å lese boka,  men ikkje har fått gjort det endå, bør halde seg unna, viss dei ikkje vil få avslørt dei få overraskingane som boka har å by på.

Elise er ei austerrisk eller "wiensk", (går det an å seie det??) som høyrer til overklassen i Wien, men når krigen nærmar seg (1938) og jødane ikkje lenger er velkomne i Austerrike, må familien flytte. Mora, Anna, er sangerinne, og faren, Julian, er forfattar. Søstera til Elise, Margot, har arva mora sitt musikktalent, mens Elise blir nødt til å sjå på seg sjølve som lite kunstnerisk i forhold til resten av familien. Før krigen må ho flytte til Tyneford gods i England, for å tenestegjere der. Resten av familien skal til USA, mens ho skal til England for å vente på visum til USA. Med mora sine perler under blusen serverer ho godseigaren herr Rivers. Herr Rivers' son er òg til stades på godset om sommarane. Kit er den karakteren i boka som gjer at hovudpersonens hjarte bankar hardt og som gjer livet hennar perfekt på Tyneford gods.

(ops, spoilaravsnitt!)
Noko som er veldig gjennomgåande i boka er det klisjefylte og det forutsigbare. Det står at det er i bok for dei som liker Kate Mortons bøker, men Morton skriv på eit høgare nivå enn Solomons. Mens Mortons skildringar får fram kjensler og tårer, er språket i fortellingen i fiolinen platt og kjenslelaust i forhold. Heile plottet er forutsigbart, trass i at forfattaren prøver å gjere oss nysgjerrige ved å røpe litt etterkvart. Boka følgjer den gamle modellen til ein historisk roman. Elise flyttar til England - sjarmerer Kit Rivers - blir foreksla i Kit Rivers - erklærer sin kjærleik til Kit Rivers - skal gifte seg med Kit Rivers  - Kit reiser ut i krigen som alle andre engelske - Kit kjem tilbake skada - Kit bryr seg meir om krigen enn om henne og reiser ut igjen og døyr - heile godset forfaller etter at Kit døyr - Elise blir på godset og ser at det forfaller - Elise finn ein ny kjærleik - Elise blir gammal! Det er så forutsigbart at eg kan ikkje forstå at eg vart så fenga. Eg gråt ein gong i boka, men eg trur ikkje det var den staden forfattaren ville eg skulle gråte i det heile teke. Det var nok litt feil tidspunkt!

(oooops... spoilaravsnitt igjen...)
Boka kunne fenge. Den kunne halde på merksemda di i fleire dagar, men likevel, det var langt frå toppnivå. Det er ei såkalla happy-tears-bok, og nokre av dei er gode, mens andre er ikkje. Denne var midt i mellom, for eg greidde i det minste å lese ho ferdig, i motsetning til så lenge det er stjerner på himmelen. Likevel, språket framkalla ikkje kjensler. Boka skulle kanskje vere om lidingane nokre opplevde under krigen, men eg følte meir det handla om Elise. Dei lidingane dei opplevde var så totalt tømt for kjensler at eg heller kunne lese ein dokumentar. Kit var ein karakter eg ikkje likte. Han var ein typisk historisk-roman-karakter som gjer alt for å få den han elskar trass i kva klasse det ser ut til at ho høyrer til eller kor fattig ho er. For meg verka han oppblåst, jålete og litt for glad i "det gode liv" med ein sigarettpakke i den handa og vinflaska i den andre, slik som Elise i delar av boka.

Eg prøver å komme med nokre positive tankar rundt boka, som til dømes at plottet har eit potensial. Viss forfattaren hadde lagt kreftene sine i å lage plottet meir uforutsigbart og meir originalt, i staden for å fylle opp femti sider med berre fyll. Ho kunne lagt kreftene sine i å oppfylle potensiale ho eigentleg har. Eg trur ho har litt meir fantasi, noko dei første femti sidene vitnar om, der det kjem morosamme referansar og språket er meir levande enn seinare i boka, når det blir meir platt, kjedeleg og er blotta for dei morosamme referansane og titlane på kapitla.

(spoilar)
Dessverre trekk boka ned på det forutsigbare (som eg har nemnt tusen gonger) og boka døydde for meg då Kit døydde. Då var det som om all piffen var borte. Og avslutninga, nei, det gjekk ikkje an å få noko fornuftig ut av den. Dessverre øydelegger forfattaren noko som kunne vore eit potensielt veldig godt plott med klisjear og platt språk og eit plott som alle kunne ha gjetta seg til ved å lese baksideteksten.

MEN
nydeleg omslag. Mystisk og spennande, og den fine drakta som dama (sikkert Elise) har på seg, ville eg ha elska!! 

mandag 20. mai 2013

bok: en usynlig av Pontus Ljunghill

Gode omtalar frå Bokbloggeir, Berit sin bokblogg, Tines blogg, Zeldajenta og Uriks og fleire aviser. Stemningsfulle skildringar. Godt konstruert plott. Spennande tidsperiode. Det er mykje som kan bli sagt om denne boka, og eg er einig med Geir, på bloggen bokbloggeir, som har fått eit sitat på omslaget til boka. Det finst berre eit terningkast til denne boka, og det er ein seksar.

Den fenga verkeleg umiddelbart, ikkje med ein actionfylt bilscene eller ein skyteepisode, men heller med eit intenst, psykisk spennande kapittel kor me får møte mordaren i første person. Mordaren i boka er verkeleg "en usynlig" slik som tittelen seier oss. John Stierna er hovudpersonen i boka og den etterforskaren som får ansvar for mordsaka. Ei åtte år gammal jente, Ingrid Bengtsson, blir funnen drepen i Djurgårdsverftet i Stockholm, og det er tilsynelatande ingen spor etter mordaren. Det er ikkje berre på åstaden det er få spor, men òg i Stockholm. Få personar, som har sett mordaren, hugsar han skikkeleg, og han forsvinner for godt i mengda til at dei forstår kven han er.

Tjuefem år seinare, to og ein halv dag før saka er forelda, sluttar John Stierna i politiyrket og reiser ut til Visby på Gotland. Viss nokon skulle lure, er Visby ein veldig fin by. Mest interessant er gamlebyen med ein bymur rundt heile staden. Det er brusteinsbelagte gater, smale gater, koselege butikkar og restaurantar. Ja, eg har vore der. Og eg har vore i Stockholm ved Djurgården og Vasaparken og ser sånn nokon lunde for meg parken og Visby. Derfor syntes eg det var ein interessant setting rundt det, og særleg i Visby. Vel framme på Gotland møter han ein journalist som skriv om gamle kjente saker. På ein hotellbar fortel han historia om etterforskinga rundt drapet på Ingrid.

Geir på Bokbloggeir kalla boka for "slow crime". Det er ei nokså passande skildring. Det er få actionfylte kapittel, men heller fleire etterforskings-kapittel, John-Stierna-privat-kapittel og kapittel kor me får lese om mordarens tankar. Det kan verke dødsens keisamt. Boka er på  godt over fem hundre sider, og du tenkjer kanskje at ei slik bok nesten må bli for stille og for lite actionfylt. Eg har spurt meg sjølv kvifor eg likte ei så stilleståande bok som en usynlig, men eg har ikkje fått noko godt svar. Eg byrja vel på boka på onsdag og brukte dagane frå onsdag til søndag på å lese to hundre sider. Dei 350 siste las eg i går i nesten eitt sett. I byrjinga var det interessant nok, og eg vart for så vidt fenga. Og det var 17. mai og på laurdag bakte eg. Det er nok grunnane  til at eg ikkje kom lengre, og forfattaren kan det å skrive. Eg trur språket har ein stor del av æra for at boka kan fenge utan særleg mykje action. Kapittela er ikkje på mange sidene, og språket er relativt lettlest, men likevel rommar det veldig mykje,

Forfattaren har òg fått med mange spørsmål om livet i boka. Dei fleste kjem gjennom Stiernas kone Karoline. Kva augneblink er det me verkeleg lever for? Kva er kjærleik? Kva er det me bruker tid på? Òg mordaren får fram spørsmål som dette. Kan mobbing og dårleg start på livet vere ein grunn for å drepe? Kunne alt endt annleis, viss han hadde hatt andre foreldre? Samstundes er tida det foregår i interessant. Det er ein historisk krim, og ein blir kjent med Stockholm på den tida. Den politiske situasjonen, organiseringa av politiet og levemåten i Stockholm kjem fram i boka.
Det er veldig typisk krim med all etterforskinga som foregår i boka. Metodane er ikkje slik som i dag, men eg stiller likevel spørsmål om dei hadde all teknologien i 1928 som boka viser. Likevel har forfattaren skrive at ikkje all informasjon er heilt riktig, og det er trass i alt skjønnlitteratur. Hadde forfattaren vist til boka som meir sann enn det ho er, hadde det vore meir tvil hos meg. Når forfattaren sjølv seier at alt ikkje nødvendigvis er sant, taklar eg litt feilaktige opplysningar. Dette er nok ikkje boka for dei som synes vanleg krim er keisamt og ikkje liker det. Avhøyr og spørjerundar er det med.

Eg følte meg tilfredsstilt då eg var ferdig med boka. Alle trådane var samla til slutt, og ein meir spennande slutt har eg neppe opplevd. Den var både uvanleg og overraskande. Ei lita stund lurte eg på kva eg kom til å sitje igjen med, men det gjekk over då siste linje var lesen. Han haldt på spenninga til siste slutt. Det var ein avslutning som stod i sterk kontrast til Jo Nesbøs avslutning på gjenferd. Då sat eg igjen med ein tanke  hovudet mitt, og det var "Kva skjedde no?" Eg følte ikkje at alle trådar var samla, eg følte ikkje at eg hadde fått nok, og eg følte meg langt frå tilfredsstilt! Ljunghill har gjort det betre enn det Nesbø gjorde i gjenferd. Det kan vere at Nesbø-fans vil vere ueinig med meg, og kanskje dei vil seie at eg ikkje forstår heilt Harry Hole og forfattarskapet. Nei, eg forstår ikkje Nesbø-febaren, og personleg likte eg denne betre. 

onsdag 15. mai 2013

bok: døden kjem med bussen av Kroken & Kolden (ein litt annleis bokomtale)

Kjære Kroken & Kolden
Dette blir ein annleis bokomtale av krimboka de gav ut no i 2013. Først av alt vil eg seie at eg er imponert! De har greidd å få meg heilt oppslukt av boka. Eg las på toget, hos tannlegen, på togstasjonen, heime og nesten overalt. Det er det lenge sidan eg har gjort.

Plottet dykkar er genialt, og noko ein kvar lesar kan bli fenga av. Ein død person kjem med bussen til Vågå. Han var lys levande då han gjekk på ved Gardemoen flyplass, men nesten framme der han skal vere blir han funnen død i eit bussete. Er det eit drap, eller er det naturleg død? Lom blir gjenstand for fleire drap dei neste dagane, og eit lite bygdesamfunn er ein stad der mange har noko til felles eller kjenner kvarandre. Er mordaren ein kjent person, eller er det nokon som har kome til bygda? Og kva er så motivet. Strukturen i boka er bygga opp frå A til Å. Me byrjar med byrjinga og sluttar med slutten, men likevel ser det ut til at motivet for drapa ligg i fortida.

De har laga ei bok med skiftande synsvinkel. Hovudpersonen kan vel seiast å vere lensmann Sylfest Seljestad, som skal oppklare mysteria. Likevel er det veldig lite av det typisk krim-politiet i boka dykkar. Ja, det er avhøyr av invorlverte, og ja dei prøver å oppklare eit mysterium. Likevel er ikkje møtene med oppsumeringane gjengitte, og mykje av det vanlege frå ei krimbok er utelatt. Det beste av alt er at eg som lesar elskar det, og den måten de har gjort det på, trur eg vil gjere at fleire lesarar liker boka dykkar. Det var noko eg knapt la merke til, sidan resten av historia var så fengande. I tillegg til Sylfest Seljestad har de laga fleire viktige karakterar, som til dømes Tummstokken og Jørgen Vold. Ein følgjer òg fleire personar som kjenner drapsofra eller som finn lika. Ingen av karakterane er veldig sett på spissen.

Settinga rundt historia de har laga liker eg veldig godt. Det plar å vere mykje krim frå Oslo eller austlandet, der det langt i frå er slik at alle kjenner alle. De har bytta heilt om på det og lagt handlinga til Lom i Oppland. Det er kjennskap og vennskap, og alle kjenner alle. I boka står det svart på kvitt at det ikkje er ein klisje ein gong. Det litle samfunnet det foregår i gjer det endå meir interessant. Det er litt Agatha Christie over det. Eit lukka rom, ei mordgåte, eit visst antal personar i rommet. Kven har gjort det? Litt same kjensla får du, når det er i krimgåte i Lom. Det er jo ikkje den største staden på jord.

Det mest geniale alt er at de, som forfattarar på ein sjølvironisk måte har fått dykk sjølv med i boka! Det er det ikkje ofte eg opplever!
Desse Kroken & Kolden-damene var ikkje heilt av same slaget, men han trudde nok kanskje dei dramatiserte litt. Dei ville nå berre melde frå om ting dei hadde sett og høyrt, og det var nå for så vidt interessant nok, men når dei ikkje hadde personr å knyte det til, så... Sylfest tenkte at det var fri diktning - ei overdriving i tråd med ei Kroken & Kolden-historie. 
døden kjem med bussen side 186

Noko de kunne gjort litt annleis, var å kutte nokre delar av setningar der de legg til det heilt opplagte, som lesaren allereie har tenkt før de seier det. Det blir litt kjøtt på flesk, men det er ikkje veldig ofte.
Etter å ha lese denne boka skal eg heilt klart lese dei tidlegare romanane dykkar. De har laga ein spennande roman både krimelskarar kan lese og dei som ikkje liker krim fullt så godt.

Mai Lene

tirsdag 14. mai 2013

bok: den mørke porten av Lars Mæhle

Mai plar å vere ein månad kor eg les masse krim. Eg liker krim veldig godt, men blir av og til litt lei den vanlege krimen. Den mørke porten er ein av dei bøkene som er litt utanom det vanlege. For det første er boka skriven på mitt hovudmål, nynorsk, og det skapar god flyt i språket. For det andre er det ein psykolog som er hovudperson, og det er heller ikkje veldig vanleg. Ina Grieg har blitt spurt om å bistå i ei etterforsking av eit drap som liknar drapet på den tidlegare elskaren hennar, Karsten Scheel. Ho er, som psykolog, ein menneskekjennar, og politiet meiner dei vil få god bruk for det i saka.

Boka byrjar med eit kapittel kor me følgjer drapsofferet opp til staden kor han blir drepen. Mæhle har teke i bruk ei forteljarform kor lesaren veit litt meir enn hovudpersonen, men mykje mindre enn forfattaren.Me kan ha ei aning, men me veit aldri så mykje at det er heilt opplagt alt saman, sjølv om dei som les mykje krim sansynlegvis vil gjennomskode plottet og forstå mykje av det som har foregått. Eg er ein av dei, men eg syntes det var herleg forutsigbart, ikkje keisamt forutsigbart. Det var mange overraskande kapittel og vendingar i boka, så sjølv om nokre vil sjå på det som keisamt forutsigbart, trur eg boka kan falle i smak likevel.

God flyt i språket nemnte eg over her. Sjølvsagt, det er jo nynorsk. Nei då, det er ikkje berre derfor. Flyten i språket er ikkje berre avhengig av målform, men òg skrivestil. Nokre forfattarar bruker korte setningar, nokos om gjer at du ofte stoppar meir opp og det ikkje flyt like lett, sjølv om mange meistrar denne forteljingsforma. Andre bruker lengre setningar og meir komma og mindre linjedeling. Det gjer med ein gong litt meir flyt i språket. Det er få delsetningar som står aleine i Mæhles bok, altså slike som i norsk grammatikk ikkje vil vere komplette setningar, men berre små delar av ei setning. Eg sakna ikkje desse setningane, for eg har eit inntrykk av at alike setningar førekjem oftare i nynorskbøker. Til dømes har Kolden & Kroken i døden kjem med bussen nytta seg av slike setningar, utan at det svekkar boka av den grunn.

Ein annan grunn til å like boka er hovudpersonen. Ina er ein hovudperson som med ein gong kan minne om Malin Fors i Kallentofts krimbøker. Sjølv om Ina ikkje er politi, leitar ho på mange måtar etter det stabile og greier ikkje å slå seg til ro. Ho har to born, men strevar med at ho føler ho ikkje elskar dei slik som ho burde. Ho har òg ein sambuar som er i overmåte snill, noko som både irriterar henne, men gjer henne taksam. Sjølv er ho rotlaus (etter mi meining). Eg får, som lesar, kjensla av at ho leitar litt etter seg sjølve, og ho er ikkje sett på spissen. Ho røyker, bannar, fortel om fleire tidlegare korte forhold og er ein person me kanskje ikkje ville følt sympati med hadde det ikkje vore for at ho var hovudpersonen i boka og me visste grunnen til alt ho gjorde. Ho er òg tøff, noko hobbyen, kickboksing, viser.

Lars Mæhle følger på mange måtar dei tipsa Scarlett Thomas skriv om i si bok monkeys with typewriters. Karakterane i ei bok skal truverdige, og veldig viktig, dei skal ha eit motiv. Ho skriv i boka si at alle, til og med skurken skal ha eit motiv lesaren kan forstå. Til dømes ein skurk som slit veldig, kan ha som mål å bli rik. Motivet til skurken skal vere dette, og lesaren kan på ein måte forstår at ein skurk, som kanskje har ei kone og fem born, og er fattig har lyst til å betre livet sitt. Det ein ikkje forstår er metodane. Dette verkemiddelet har Lars Mæhle brukt i boka. Ein kan så godt forstå motivet, og det reiser ikkje spørsmål om kvifor skurken ville gjere noko, men kvifor den gjorde det på den måten. Eg vil ikkje seie noko meir, men det er sterke tema knytt til motiv i boka.

Alt i alt ein veldig bra krim. For mange kan det vere lett å forstå kven det er, eller kanskje boka rett og slett blir for lite actionfylt for Nesbøs fans, men eg syntes at alt var heilt perfekt. Hadde kanskje sakna ein litt meir actionfylt slutt, for høgdepunktet kom ikkje heilt til slutt, men heller nokre par ti sider før det, men det er ein liten detalj. Avslutninga er til å leve med for meg, men kanskje ikkje forandre som liker krim veldig godt

fredag 10. mai 2013

Vil du vere med å lese nynorsk?

Sofia av Sigrid Merethe Hanssen
er ei av dei nye bøkene på nynorsk
Sist veke kom det stort nytt frå komiteen bak bokbloggartreffet i Oslo. No har dei laga ein
bokbloggarpris! Og ikkje berre det, bokbloggarprisen skal fokusere på norsk, ny litteratur, noko eg merkar at trengs på mange måtar. Personleg er eg dårleg på å lese norsk litteratur, og særleg ny litteratur. Eg les mykje nordisk, og helst svensk, men dessverre veldig lite norsk. Bøkene skal òg vere utgjevne i 2013, sidan prisen skal delast ut neste år. Prisen har gjort at eg nå har mange norske bøker på lista, og ein ting eg gjerne vil, er å oppfordre andre til å lese ny nynorsk litteratur.

Lars Mæhle har hausta både
ros og kritikk for den nye
boka si den mørke porten
"KVA!" tenkjer du kanskje no. Nynorsk? Jepp, det er framleis ei målform. Mange nynorskskeptikarar vil kanskje rynke på nasen og tenkje "aldri om eg les nynorsk", mens andre vil sjå på det som ei utfordring. Personleg synes eg det er heilt naturleg å lese litt nynorsk no og då, og som de kanskje har merka er eg veldig glad i hovudmålet mitt. Det som dessverre er sanninga i dag, er at blesten rundt bøker på nynorsk er veldig liten, i tillegg til at få bokhandlar vil bestille bøker på nynorsk, fordi dei sel så dårleg. Det er her sakas kjerne er: haldninga. Haldninga folk har til nynorsk i dag er at det er ei krevjande, påtvungen målform som nesten ingen har bruk for lenger, fordi det er ut. Ved å lese fleire bøker på nynorsk utgjevne i 2013, er det òg ein større sjanse for at ei nynorskbok blir nominert til bokbloggarprisen. No tvingar eg ingen til å gi prisen til ei nynorskbok, for bøkene som vinn prisen må ha andre litterære kvalitetar òg enn berre vakkert språk.
Gode formuleringar, skildringar og variasjon er særs viktig, og noko som både bøker på nynorsk og bokmål har i rikt monn.

Sunniva Relling Berg har skrive ny
ungdomsroman som blir utgitt
ette året.
Likevel, det eg ber om er at fleire set seg opp i salen, tvingar vekk alle fordommar mot nynorsk og
kanskje les minst ei bok på nynorsk dette året? Som bokbloggarar har ein i dag stor påverknad, fordi mange les det me skriv. Dei fleste av oss er heller ikkje utdanna litteraturkritikarar og har ingen profesjonell bakgrunn. Ved å skrive om nynorskbøker og lese dei, vil andre kunne sjå at vanlege folk kan lese nynorsk dei òg. Det ikkje berre eit sært, gammaldags språk som ingen bruker lenger. Eg bruker det mykje.

Berre for å få fram meininga med innlegget kan eg prøve å skrive alt veldig kortfatta i dette avsnittet. Ingen trenger å skrive nynorsk i verken omtalar eller noko slikt. Ingen MÅ lese ei nynorsk bok, og ingen MÅ nominere ei nynorskbok til bokbloggarprisen. Det eg prøver å oppfordre til er auka blest om nynorskbøker som er utgitt nyleg.

Viss de lurer på kor de finn bøker på nynorsk, er samlaget.no forlaget å besøke. Eg les den mørke porten av Lars Mæhle no, og skal òg lese ein til nynorskkrim snart. Elles er det mange bøker utgjevne på Samlaget dette året som verkar interessante!

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...