tirsdag 31. mai 2011

Oppteljing mai og lesemål for juni

Eg er ikkje glad i å føle at eg har lese for lite, men det har eg gjort denne månaden. Mai er rett og slett for travel til at eg får lese så mykje, men fem bøker er likevel for lite, men nå skal eg prøve å skjerpe meg med det, men eg er fornøgd med bøkene eg har lese. 

Den første boka eg las var familie av Karen Kingsbury. Den er godt  skrive og det er eit godt bodskap i den. 

Den andre boka var òg ei bok av Karen Kingsbury: Som flyvende løvetannfrø. Den var kjekk og litt annleis enn det andre eg har lese av Karen Kingsbury utanom at det som vanlig var ein alvitande forteljar. 

Saras nøkkel av Tatiana de Rossnay var den tredje boka eg las. Jakten på fortida til ei ukjend jente er spennande å lese om. 


Den fjerde boka var den svakeste dør og er skrive av Kåre Skuland. Den var sånn passe god, men det verkar av og til som om dei prøver å presse mest mogeleg fakta inn i kvar sening. 

Den siste og femte boka er super av Endre Lund Eriksen. Svært god ungdomsbok, men litt for mykje banning i den. 

Så er det lesemåla.
Eg veit ikkje heilt kva bøker det er som er mine lesemål, men eg skal snart på biblioteket og låne nye så me får sjå kva det blir til. 
Mai Lene

Lenker til bokmeldingane av bøkene over

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten