fredag 10. juni 2011

Ei novelle for meg

Då me for nokre månadar sidan fekk i oppgåve å skrive ei novelle på skulen var eg først veldig usikker på kva eg skulle skrive om, men det eg visste var at det skulle ikkje vere ei "hjerte-smerte-novelle" som så mange andre skriv. 
Ei novelle som vertinnen av Roald Dahl er noko for meg. Den er spennande og har eit anna tema enn romantikk, skilsmisser og knuste hjerter. 

Eg trur ikkje eg nokon gong har lese meir enn overskrifta, ingressen og eit par setningar i vekeblad-novellene. I alle saman går det same igjen. Eit hjerte er knust og korleis skal det bli bra igjen? Det er derfor eg liker Roald Dahls novelle så godt. Den er ei utanom dei novellene me les i dag. Ikkje missforstå meg, eg forstår at nokon kan synes det er interresant med noveller som dei i Hjemmet og Familien. 
Men tilbake til novella eg skreiv på skulen. Som sagt ville eg skrive ei novelle som var unik. Då valde eg å skrive ei i frå krigen om ei jente som heiter Ingeborg og jobbar i ei illegal avis. På kontoret hennar den dagen dette foregår sit det òg ein mann som ho ikkje har sett før. Ken er han? og Kva vil han? er dei store spørsmåla gjennom heile novella. Eg er veldig fornøgd med ho og at et ikkje er ei novelle om romantikk. 
I tillegg skreiv ein av mine klassekameratar ei veldig god og morsam novelle. Ho handla om ein mann som jobba i statoil og mangla dame så han la ut arrangemangsinvitasjon på facebook og prøvde å få seg dame. Det var ei ny vending i ei novelle som eg likte. Sjølv om ho handla om romantikk handla ho òg om meir og det var ein meir moderne vinkling enn i andre. 
Nå i det siste har eg leika litt med tanken om å skrive fleire noveller og då vil eg halde fram med noveller  frå krigen og andre slike hendingar. Eg vil blandt anna skrive om 11. september 2001, Vel d`Hiv i Frankrike i 1942 og mange andre slike. Kanskje det vil bli ei ny vinkling? 
Mai Lene 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten