tirsdag 21. juni 2011

Lydbok: Harry Potter og de vises stein av J. K. Rowling (lese av Torstein Bugge Høverstad)


Harry Potter er eit år når han blir lagt igjen utanfor huset til tanten og onkelen og då veit han ikkje at dei neste ti åra skal han leve på løgner om at han er ein heilt vanlig gut og at foreldra døydde i ei bilulukke. Nei, han veit ikkje ein gong at han er ein trollmann. Ikkje før Gygrid kjem og då byrjar hans magiske eventyr som trollmann på Galtvort skukle for hekserie og trolldom. 
Bli med Harry og vennene hans og finn meir ut om den sure eliksirlæraren, Nikolas Flammel og Nussi. 

Boka er veldig bra og når den blir lese på lydbok sånn som dette er det nesten som å kome inn i magiens verd. J. K. Rowling er ein super forfattar og sidan femte klasse har Harry Potter bare vore best. Når då i tillegg Torstein Bugge Høverstad kjem inn og les denne fortryllande historia så blir det endå betre. 

Boka anbefales både som lydbok og vanlig bok!

Eg har òg høyrt veldig mykje bra om han som les bøkene på engelsk og ein gong skal eg høyre ei på engelsk òg, men eg har framleis ei på norsk som eg skal få høyrt og det er Harry Potter og halvblodsprinsen. Eg gler meg allereie. 

Dette blir trulig den siste boka eg skriv om før eg skal på ferie, men når eg kjem tilbake håpar eg på å ha fått mange nye bøker å skrive om. På torsdag så kjem eg til å jukse litt med Boktema hos Anette A-Å og ta heilt i frå N-P fordi eg ikkje får gjort dei seinare. Det blir liksom ein liten spesial då. Eg har òg hatt min siste It`s Monday! What are you reading og Smakebit på en søndag på veldig lenge. Boktema hos Anette blir antagelig vis det siste eg kjem til å legge ut!

Mai Lene

Tittel: Harry Potter og de vises stein. (lydbok)
Orig. tittel: Harry Potter and the philosooher`s stone
Forfattar: J. K. Rowling
Lest av: Torstein Bugge Høverstad
Utgivningsår: 1997 på engelsk, 1999 på norsk (boka) Lydboka på norsk er gitt ut 2000
Forlag:
      Lydbok: Fono
      Bok: Cappelen
CDar: 8
282 sider i boka

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...