mandag 5. desember 2011

Bok: Utfor av Sunniva Relling Berg

Om boka:  
Det var som om heile havet landa på frontruta. Vindaugsviskarane kvein mot glaset. Dei gjekk raskt, veiva som tynne armar. Mamma stirra ut av vindauget, den stipla lina, det vesle stykket frontlyktene rådde over.
No var vi der Her. Ytsteøya, ytst mot havet. Ei veke att, så byrja eg i niande. I det siste hadde mamma gjenntatt "ny skule, nye moglegheiter" som eit mantra, som om flyttinga ville bli ei løysing.
Saman med foreldra flyttar frå byen til ei lita øy i havgapet, i eit hus for seg sjølv på det høgste punktet på øya. 
Ho møter nabogute Jonas, og dei utviklar ein venskap. Men det er noko som ikkje stemmer på den vesle øya. Dei andre ungdommane vil ikkje ha noko med Jonas å gjere, og Lea blir dregen inn i ein konflikt som ho ikkje forstår noko av. Ho må ta eit val. Og ho må finne ut kva det er alle på øya går og teier om. 
Mi meining:
Boka var heilt grei etter mi meining. Litt stilleståande kanskje, men for dei som liker bøker som er sånn så er denne veldig bra. Sjølv har eg kome over det stadiet å lese om jenter eller gutar i niande som er forelska eller som kjem opp i ei konflikt. Til vanlig plar det ikkje skje så mykje synes eg. Hadde eg lese denne boka i åttande klasse, hadde eg nok syntes den hadde vore betre, men nå liker eg betre bøker som Bumerang og midt i mellom som handlar om noko meir.

For all del ikkje missforstå meg, sjølv om eg ikkje likte boka var den godt skriven og eit fengande tema. Eg syntes ikkje heilt den hadde noko spenning dei første hundre sidene, men det var likevel mykje som skjedde rundt Lea som var ny på øya. Skal ho velge Mads, Arne og Mia eller skal ho velge Jonas. Og viss ho ikkje er med Mia, skal ho då vere med dei andre jentene i klassen?

Lea er ei jente som før har blitt mobba på skulen. Ho har briller (TØFT! Det har eg òg) og ho les fysikkbøker og er eit mattegeni. Eg syntes ikkje det var kjempekjekt å lese om eit mattegeni sidan eg blei litt lei av nokre av mattestykka, og då ho rettar på læraren i boka, forstår eg ikkje kva ho rettar på han for. I min hjerne var det galne svaret rett, og det at faren då seier at ho måtte rette på læraren som hadde eit SÅ feil svar, fekk meg til å føle meg dum som hadde skrive det same sjølv. Utanom dette var Lea ei veldig okay jente å bli kjent med. Ho er litt einstøing synes eg nok og gjer ikkje all verda for å få nye vener, men det var spennande å følge henne.

Konflikta i boka var jo kvifor dei andre ikkje likte Jonas, men eg syntes ikkje den gjekk så godt fram som den burde, og det var for det meste dei siste femti sidene som hadde mest om dette. Sjølv om Jonas blir plaga gjennom heile boka, synes eg ikkje at det som kom fram på slutten viser så godt igjen.

Samla sett var boka bra. Liker jo at ho er skriven på nynorsk, men det var ikkje heilt boka for meg, men for dei som liker sånne bøker, vil nok denne passe, og ho er bra skriven.


2 kommentarer:

  1. De matteoppgavene skjønte ikke jeg helt heller, men matte har heller aldri vært min sterke side :) Fin omtale, Mai Lene.

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten