Nok ei veke har gått utan at eg har lese særlig mykje.
Las sist veke
- heksesot av Kari Sverdrup
- Anne franks dagbok
- julemysteriet av Jostein Gaarder
- Bibelen
Av desse las eg bare ferdig heksesot, som var ei veldig god bok. (Gå her for å sjå kva eg skreiv om boka) Anne Franks dagbok les eg for andre gong i mitt liv, men eg trur eg vil å få meir ut av boka nå enn det eg gjorde. Det er jo ikkje ei skjønnliterær bok, men det er like spennande og skrive på ein god måte.
Les no
- Anne Franks dagbok
- framtidslandet
- bibelen
- Julemysteriet av Jostein Gaarder
Det er ikkje denne utgåva eg les, men ei eldre usensurert. Godt lesestoff, men litt uhyggjeleg å vite at dei kjem til å bli fanga og drepne seinare. I tilegg er det uhyggjeleg at dette har skjedd.
Det eg nå har tenkt å lese er Maya av Isabell Alende og Mus av Gordon Reece. Gler meg til ei fin lesejul nå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare