Hei. Eg veit ikkje om de hugsar ei forteljing eg skreiv litt på i haust. Eg kom eigentlig veldig langt, men så likte eg det ikkje likevel. Sidan eg sjølv har funne ut at eg liker bøker som går rett på sak, vil eg skrive slik sjølv òg. Eg har laga ei ny byrjing som er i frå ca. midt i og som eg håpar vil vekke litt spenning om kva som har skjedd tidligare. Planen er å sjå tilbake og fortelje historia som gjer hovudpersonen, Sara, så nedfor her i byrjinga av forteljinga eller romanen.
Håpar de liker det.
(Veldig fornøgd forresten. Alt i frå overrskifta til heile teksten under er eit godt steg mot å skrive bedre enn det eg har gjort.) Det er veldig langt og viss de ikkje vil lese pga. det (eller andre ting), seier ikkje eg noko på det.
velbekomme |
«Ingen begynner å grave
etter ein skatt utan å vite kor han er, eller om han er nokon stad.»
Kva
var det eg tenkte på? Kva var det eg ville med det? Kva gjekk av
meg? Spørsmåla kvernar rundt i hovudet på meg raskt og fort så eg
nesten blir svimmel. Kvifor gjorde eg det? Eg er ein tjuv,
seier eg til meg sjølv gjentatte gonger. Det svirrar rundt der oppe
som ei flue som ikkje går vekk. Dessverre har eg ikkje noko
fluesmekke til å ta knekken på det.
Det
er rart at det er ein heilt vanlig dag. Det var ikkje dag Mussolini
tok over Italia gjennom eit statskupp eller at Stalin og
kommunistpartiet tok over Tsjekkoslovakia. Det var ikkje ein gong i
dag at Adolf Hitler blei født, for den «fødselsdagen» hadde vore
for sju dagar sidan. Det einaste som faktisk skjedde var at eg gjekk
på min første smell sidan eg begynte å jobbe for Giuseppe Pesce.
Kanskje ikkje eit smell heller, eit brak trur eg vil vere nærare
bestemt ei passelig beskriving. Eit stort bra som når ein fleire
tonn tung stein dette ned i frå eit høgt fjell eller som når ei
bombe sprenger. Den bomba eg hadde latt tikke dag etter dag etter dag
heilt sidan desember då eg oppdaga dei.
Det
var ikkje bare å miste jobben som gjorde dette til ein dårlig
pyton-dag. Å bli skulda for å vere tjuv, stele andre sine
løyndommar og ha verdas dårligaste samvit akkurat nå var med på
trone lista. Tenk viss han seier det til mor og far! Tanken
er noko eg helst bare vil ha ut av det tjukke hovudet mitt.
Distansen mellom oppgåve eg skulle ha
gjort og det eg gjorde blei lengre og lengre for kvar dag i frå
desember. Det var som å strekke ein strikk så langt du kan heilt
til han er syltynn i midten. Då dreg han deg tilbake med ei slik
kraft at du kjenner det langt inni deg. Dei dårlige kjenslene dukkar
opp som ei irriterande flue. Det dårlige samvitet angrip deg som ei
stor løve klar til å angripe byttet sitt. Først kjenner du
ingenting, ser ikkje det svære monsteret som er på veg, men rett
etterpå går det gjennom marg og bein. Du kjenner det overalt, det
var noko du skulle gjort annleis ein plass. Du skulle ha sett deg
rundt, prøvd å kjenne på magekjensla om at det var noko gale, noko
du skulle kome utanom. Likevel blir strikken lengre og lengre, heilt
til du går på den svære smellen, eller banget om du vil.
Å kjenne den gode og tjukke puta mi
under hovudet og det kvite hekleteppet eg fekk av farmor ein gong,
gjer godt etter ein lang dag. Har klokka i det heile gått framover
sidan det skjedde? Er det bare ein time sidan eg var der, fekk
skuldinga rett fleisen og beskjed om å gå heim? Det verkar som fem
timar eller eit døgn. Helst vil eg tru at eg har låge i senga i
fleire dagar, men det stemmer ikkje. Endå har eg ikkje falt i søvn,
og å la vere å sove i fem døgn er heilt umenneskelig.
Klokka er fire. Kvar gong sekundvisaren
flyttar seg og seier tikk eller takk er det som eit høgt smell. Kvar
gong han rører seg, er det som eit minutt i mellom kvar strek og lyd
han gir i frå seg. Eg har så lyst til at det skal blir kveld så eg
kan prøve å lukke auga ei lita stund og gløyme kva som skjedde.
Bare for ei natt. For ei lita stund. Å sovne nå vil vere som å be
om å få mareritt eller ligge vaken heile natta.
Det
er ikkje bra skuldinga for å vere tjuv eg er redd for at vil halde
meg vaken. Det er så mykje anna òg. Eg var så nære å finne ut
noko om det. Eg var så
nære, heilt fram til i dag. Korleis kunne eg vere så uforsiktig?
Det å halde fram nå med å finne ut noko er heilt umogleg. Eg
kjenner meg heilt motlaust heilt inn til hjartet. Heile kroppen sig i
saman bare ved å tenke på å halde fram. Å prøve å finne ut noko
nå, er som å prøve å snu døgnet til vanlig skulerytme midt i
romjula, sjølv om nyttårsafta er der framme og vil sende deg
tilbake med eit bang. Altså heilt nyttelaust. Ingen begynner å
grave etter ein skatt utan å vite kor han er der, eller om han er
nokon stad.
Med eit kjenner eg auga byrjar å klistre
seg igjen. Kven har tatt lim under augelokka mine? Kven tapa dei
fast til augeeple? Alt går i svart. Draumane kjem over meg. Eg er
ikkje langt nok inni dei til å vite om det er mareritt eller bare
vanlig fantasi.
Eg kan ikkje sovne. Eg skal sove i kveld.
Det
er så vedunderlig å kjenne seg så lett, nesten vere borte i frå
denne dagen. Kanskje sove til neste dag eller neste veke. Bare sove
sove sove.
Eg må halde ut dagen litt til. Eg prøver
å presse auga lokka opp, få vekk klisterlimen som med eit kom under
dei.
Kva
kjem eg til å draume om? Blir det mareritt eller draum? Kjem eg til
å hugse det? Kjem eg til å gjenfortelje det til mor og far over
frukostbordet i morgon?
Mor kjem heim. Eg høyrer det på det
litle klikket i ytterdøra. Har han fortalt det til henne? Eg bør gå
ned, sjå om ho veit kva som skjedde. Eg må få auga opp, kanskje gå
ned å hjelpe til med ein agurksalat eller litt frosne bær til
dessert.
Bare
vent litt. Ein time. Kanskje to. Salaten kan vente. Desserten kan
vente. Eg er så utsliten.
Med ein kraftanstrengelse reiser eg meg
opp av senga og gnir meg i auga. Tilbake i frå spegelen på
garderobeskapet ser eit nesten framand vesen tilbake på meg. Bare
for å beskrive monsteret har det lyst flokete hår og matte auge som
ser litt feilplassert ut i det bleike ansiktet. Både den lilla
singletten og dongeribuksene er skrukkete. Eg bestemmer meg raskt for
å ikkje gå ned, men la søvnen ta meg likevel. Eg legg hovudet
tilbake på puta, pakkar dyna rundt meg og lukkar auga for å sove.
Kleda kan bare vere på. Eg vil sove. Limen kjem tilbake under
augelokka mine og eg glir inn i ein draumelaus søvn.
Klokka er seks. Eg har sove i tolv timar
trur eg. Veit ikkje heilt nøyaktig kor mykje eg sov og kor mykje eg
var vaken. Etter å ha sove i mange timar, kom mor opp i halv tolv
tida blei og dratt i ansiktet. Eg vakna sånn halvvegs, første ein
samtale med henne som eg ikkje hugsar noko av, før eg sovna igjen.
Eg gjekk heile tida ut og inn av eit mareritt. Greidde ikkje å fatt
i ting, alt var tåkete og mørkt og ekkelt. Kva var det eg såg? Eg
veit ikkje. Det var som feberfantasiar. Umogleg å sjå, men veldig
ubehagelig. Etter nokre timar vakna eg igjen. Det var ikkje noko lys
i rommet, men auga mine vill ikkje igjen. Eg såg alt heilt klart,
korleis gardinet blafra av den litle brisen utanfor, korleis skuggane
fall fram og tilbake over taket mitt. Når eg låg der, hugsa eg alt
som hadde skjedd dagen før. Plutselig var det i hovudet mitt igjen,
festa som ei flis som du ikkje kan få tak på og få ut. Alt dreia
seg rundt det. Sirkla rundt det, sperra det inni tankeboksen
til eg ikkje klarte meir og fall i søvn igjen.
Stova nede var tom som vanlig klokka seks
ein laurdags morgon. Ein vanlig dag hadde eg vore i senga heilt til
vekkarklokke ringte og gav i frå seg eit skingrande rop om at eg
måtte vere på jobb om ein halv time. Men ikkje i dag. I dag er det
stille. Ikkje ein fugl å høyre, ikkje ei sjel tenker eg og
kjenner det kryp kaldt oppover ryggen. Bare eg her. Står og ser ut
med ein kopp varm kakao i handa. Dei grå skyene kjem faretrugande
nærare for kvart minutt og trugar med å sende mange bøtter med
vatn på oss. Grå skyer, sånn som i tankane mine, men i likhet med
skyene utanfor er dei ikkje like store som i går. Eg skimtar sola
som stikk litt fram langt, langt borte i horisonten. Ho vil kome, ein
gong i dag. Tankane mine blir lysare av å sjå ut av vindauget nå.
Eg tenker tilbake på alle dei fine timane eg rydda på biblioteket
til signore Giuseppe Pasce. Ei oppleving eg
kjem til å hugse når eg blir gammal og slit med å hugse, noko eg
kjem til å fortelje vidare seinare. Til tross for at ryggen ofte
verka og skuldrene var stive når eg kom heim i frå huset til
naboen, sette eg alltid pris på jobben han gav meg. Eg vil ikkje
bere nag til han. Eg vil hugse han som den han var før i går, den
strenge, men snille mannen med ein morosam bart som hoppa opp og ned
mens han snakka. Eg vil hugse han som den han var første gongen eg
kom for å jobbe.
Håpar de likte det. Glad for tilbakemeldingar (både positive og negative. Blei de spente?)
Jeg synes den var veldig fin:)Fin tekst:)
SvarSlettJeg lagrer herved sia i bokmerker, så skal jeg lese den en dag jeg har bedre tid :)) Rett på sak liker man, så de første linjene er godkjent ;)
SvarSletttakk for kommentarane =)
SvarSlett