lørdag 20. oktober 2012

bok: ekstremt høyt & utrolig nært av Jonathan Safran Foer

Hadde det vore normalt for ei seksten år gammal jente å vere forelska i ein niåring hadde eg vore det etter å ha treft hovudpersonen i boka til Jonathan Safran Foer. Oscar er svært sjarmerande og litt veslevaksen. 11. september 2001 mista han faren sin då tvillingtårna blei eit terrormål. Etter det har Oscar gått rundt i "heavy boots" som er ei omskriving av å ha dystre tankar.

Oscar bur i New York, ein av verdas største byar. Då blir det også eit problem for han når han finn ein nøkkel som passar i ein av dei over 162 000 000 låsane som finnes i New York. Nøkkelen fann han i ein blå vase som ein gong tilhøyrte faren. Han veit ikkje kva nøkkelen er til, men eit hint har han: Namnet "Black." Han bestemmer seg for å oppsøke alle som har Black til etternamn i New York, i alt 472 personar.

Paralelt med historia om Oscar får me lese breva frå bestefaren til Oscar, Thomas, til faren til Oscar, Thomas. Med lengsel og anger blir historia til Thomas senior fortalt. Her står det om bestemora til Oscar, om søstera til bestemora, om Thomas senior og liva deira. Bestemora til Oscar bur rett ovanfor, og ho har òg skrive brev, men til barnebarnet. I hennar brev får me høyre om det vankselige forholdet til bestefaren til Oscar, om følelsane hennar og ein del meir som eg ikkje vil røpe.

Aldri har eg lese ein så trist og samstundes sjarmerande roman som det denne boka er. Oscar må vere den mest oppfinnsamme, litterære karakteren eg nokon gong har høyrt om. Han skildrar seg sjølve som ateist og det store førebilete er Stephen Hawking.Fleire gonger i løpet av boka får me lese det same svaret som kjem til Oscar etter han har sendt brev til Hawking:
Thank you for your letter. Because of the large
volume of mail I receive, I am unable to write
personal reposnses. Nevertheless, know that I
read and save every letter, with the hope of one
day being able to give each the proper answer it
deserves. Until that day,
Most sincerely,
Stephen Hawking
Eg tenkte fleire gonger: "At du ikkje gir opp å skrive til han når du får dette svaret kvar einaste gong", men sidan det var Oscar, min nye store helt, forstod eg det på ein måte likevel. Han kan så mykje rare fakta om elefantar, søvn og alt slagas anna rart. I tillegg er han ein oppfinnar, eller amatør-oppfinnar, for kvar kveld når han legg seg byrjar han å finne opp ting inni hjernen sin. Kvifor ikkje ha skyskraparar der dei rørte seg i staden for heisen? Kvifor ikkje ha skilt på ambulansen som blenka: "It's not major" eller "It's major"?

Oscar har òg sitt eige visittkort (viss du har tenkt å lese boka og ikkje vil få alle dei sjarmerande tinga servert i dette innlegget, bør du bla forbi) som han deler ut til alle dei 472 personane med etternamnet Black.
OSCAR SCHELL
INVENTOR, JEWELRY DESIGNER, JEWELRY FABRI-
CATOR, AMATEUR ENTOMOLOGIST, FRANCOPHILE,
VEGAN, ORIGAMIST, PACIFIST, PERCUSSIONIST,
AMATEUR ASTRONOMER, COMPUTER CONSULTANT,
AMATEUR ARCHEOLOGIST, COLLECTOR OF: rare
coins, butterflies that died natural deaths, miniature cacti,
Beatles memorabilia, semiprecious stones, and other things.
EMAIL: OSKAR_SCHELL@HOTMAIL.COM
HOME PHONE: PRIVATE/ CELL PHONE: PRIVATE
FAX MACHINE: i DON'T HAVE A FAX MACHINE YET
Ein Humlesnurr i miniatyr rett og slett! Språket i boka var òg bra, så langt som eg såg i alle fall. Eg las boka på engelsk og anbefaler dykk å gjere det, for originalspråket av boka var fantasisk bra. Skildringane var ikkje overdådige og overstrødde med adjektiv, og derfor nærare perfekte. Og personane var ikkje stereotype. Takk for det! Dette er ei bok du bare kan setje deg ned og kose deg med.

Nå blei dette innlegget i stor grad eit innlegg om Oscar, og det blei kanskje litt feil, for mora og bestemora (og bestefaren) er veldig sentrale karakterar i boka som Oscar får tryggleik frå. Han har mange fobiar i forhold til høge bygningar, undergrunnsbanar og folk med turban. Av naturlige grunnar pregar dette boka, saman med at han saknar faren veldig mykje og fort blir lei seg. Likevel, boka er verkeleg sjarmerande.

8 kommentarer:

  1. Boka står på ønskelista mi- og ønsket vart bare enda mer intest må som jeg har lest omtalen din! Og dét enda jeg hoppa over sitatet... Takk for påminninga ;o)

    SvarSlett
  2. Jeg kunne godt tenke meg å lese om Oscar, en Humlesnurr i miniatyr som du kaller ham - høres ut som en fin historie :)

    SvarSlett
  3. Så denne boka på flyplassen og den vekket virkelig min oppmerksomhet :)
    Anmeldelsen din var kjempe fin :) fikk ikke mindre lyst for og si det sånn :P

    SvarSlett
  4. Så spennende å lese anmeldelsen din. Bra! Får veldig lyst til å lese denne boka. Ha en fin helg!

    SvarSlett
  5. For en fin omtale av en bok jeg liker veldig godt! "En Humlesnurr i miniatyr"...fantastisk beskrivelse :)

    SvarSlett
  6. Denne las eg i sommar. Eg er einig i at det var ei veldig fin bok!

    SvarSlett
  7. ...Og DER fikk denne boken en ny leser! Kan ikke huske sist jeg ble så fristet til å lese av et blogginnlegg. Tusen takk for det som må være dagens nydligste bidrag til tematipset. Det er behørig delt og twitret. :)

    SvarSlett
  8. Denne boka har stått på mi ynskjeliste, og enda meir nok som eg har lese denne omtalen! takk til deg!
    Ynskjer deg ein glad dag!
    Pia

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...