lørdag 13. juli 2013

Bok: Before I Met You av Lisa Jewell

Jewell er ein britisk forfattar frå Middlesex i London. Ho har skrive fleire bøker, blant anna The Making of US, Thirtynothing og Before I Met You. Tidlegare har eg berre lese The Making of US, men til gjengjeld likte eg boka svært godt. Denne gongen var det andre boka av Jewell som stod for tur, som er like fengande og god som den forrige.

Boka foregår i to forskjellige delar av 1900-talet. Arlette de la Mare (trur det staves slik) flyttar i 1919 frå øya kor ho har budd heile livet og til London. Ho har aldri før vore borte frå øya, og London er nytt og spennande. På dagtid jobbar ho i butikken Liberty, og eit møte med kunstnaren Gideon gjer at ho òg blir introdusert for nattelivet i London. På 1990-talet reiser Arlettes "barnebarn" Betty til London frå den same øya som Arlette reiste frå. Ho har inga aning om at Arlette nokon gong har vore i London, men har bestemt seg for å leite etter eit namn som dukka opp i Arlettes testament, Clara Pickle.

Eg såg denne boka på ein bokhandel i flyplassen på Amsterdam og vart veldig nysgjerrig, sidan eg har lese ei bok av denne forfattaren før. Ja, det var ein spennande bokbutikk. Dei hadde ikkje mange bøker på engelsk, men dei hadde Politi av Jo Nesbø på nederlandsk
og fleire andre krimbøker av han på engelsk eller nederlandsk. Likevel, det som fekk meg til å ta opp boka av Jewell var først og fremst namnet på forfattaren, men òg framsida. Eg elskar dette omslaget. Det er fleire andre fine omslag òg som de kan sjå til venstre i dette innlegget. Eg greier ikkje å bestemme meg for det finaste, men dei har laga noko som pirrar lesarane veldig, og viss dei ikkje kjenner igjen forfattarnamnet er det stor sjanse for at boka blir plukka opp likevel!

Historia er òg god. Den stiller spørsmål rundt kjærleik og kven ein eigentleg er. Personleg syntes eg at Betty var den mest interessante karakteren. Ho vil kjenne mora til stefaren, eller bestemor som ho kallar henne. Ho trudde ho visste alt om Arlette, men når ho finn ut at dei kan ha flyttinga til London til felles verkar det
som om ho identifiserer seg meir med bestemora, og i tillegg leitar ho etter Clara Pickle. Betty flyttar inn i bydelen Soho, og ikkje berre leitar ho etter Clara Pickle. Ein kjendis bur rett ovanfor der ho bur. Lisa Jewell er flink på å finne på søte historier, der det ikkje verken er vald eller skyting som skapar spenning, men rett og slett utviklinga til karakterane og kva dei bestemmer seg for til slutt. Det er det aller beste med hennar bøker!

Arlette i fortida skapar endå meir spenning, og ein kan sjå fleire parallelar mellom historiene til Arlette og Betty, sjølv om det er i to forskjellige tiår. Dei er nokså like begge to. Nysgjerrige på livet, men likevel med ein sterk tilknytting til der dei kjem frå. Boka er skriven i tredje person, men det er berre Arlette og Betty som fortel. Dette er eit sterk verkemiddel, for å gjere lesaren nysgjerrig synes eg. Du får berre vita kva dei tenkjer og kan sitje og lure i det uendelege på kva dei andre karakterane tenkjer. Det skaper endå meir spenning rundt dette med bestemmelsar og val. Likevel manglar boka det litle ekstra. Nokre gonger blir det litt klisjéfylt, spør du meg, og eg ville ikkje gitt boka terningkast seks, heller fem, fordi det er noko ubestemmeleg som manglar med boka, og ikkje alle trådane er plukka opp i slutten. Men det er god somarlektyre, for dei som trenger noko lett å lese i somar. Og så har du jo tre omslag å velje mellom. Kva liker du best? Eg greier ikkje å bestemme meg i det heile teke!

8 kommentarer:

  1. Jeg kjøpte denne boka hos ARK her i Rygge i 2012, men har ennå ikke lest den. Så takk for påminnelsen. Min bok har omslaget der hun står med ryggen til i lilla kjole. Og det er det jeg liker best.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg forstår godt at du liker det. Eg kan ikkje bestemme meg for kva eg liker best, rett og slett fordi alle er like forskjellige, men seier like mykje om boka :)

      Slett
  2. Synes det første omslaget var vakkert, liker ting som ser litt romantiske ut og med blomster. Kjempeflott omtale Mai Lene! Du er så flink å skrive:) Måtte notere meg ned denne. Ha en fin fin helg!:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har òg av og til tenkt at det var finast, men eg synes alle seier like mykje. Det første er romantisk, det andre mystisk og det tredje viser dei to paralelle historiene. Og takk for skryt! :)

      Slett
  3. Jeg liker best det første omslaget! Og så liker jeg romaner som har flere lag, parallelle historier som nøster opp hendelser. Slike bøker kan ofte bli noe klisjéfylte, men så lenge klisjeene er få går det greit :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det første er fint. Fekk meg trass i alt til å bli nysgjerrig på boka :) Men dei andre seier eigentleg like mykje, og det er derfor eg ikkje har greidd å bestemme meg endå... :) Og du har rett i at slike kan bli litt klisjéfylte, men det er grunnar til at klisjéar oppstår :)

      Slett
    2. Ja, klisjeer... de var jo ikke klisjeer første gangen de ble brukt, men når forfattere klarer å lage nye sammenligninger, annerledes sammenligninger, da blir det så mye mer spennende å lese.

      Slett
    3. Akkurat :) Der har du det! Når klisjéar er så klisjéaktige at det er forutsigbart, då er det ikkje bra nok. Heldivis var ikkje denne boka veldig forutsigbar :)

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten