lørdag 13. juli 2013

Turen til Cannes 03. juli

Tredje juli var det å sove så lenge så mogleg etter ein sein kveld dagen før, då me kom heim frå Avignon Eigentleg tenkte me oss til Nice, men Nice var stengt på grunn av Tour de France, og einaste moglege transportmiddel var tog. Derfor gjekk me heller rett over gata og tok bussen til Cannes. Det gjekk buss mellom Nice og Cannes både titt og ofte, noko me nytta oss av både for små og store strekningar, sidan bussan stoppa i sentrum av Antibes i tillegg.

Meg utanfor Palais des Festivales
Me var veldig heldige, då me gjekk av bussen i Cannes, for me visste ikkje kva stopp me burde gå av på, for å få med oss det som var verdt å sjå, så me berre hoppa av, og der låg kasinoet, turistkontoret og Palais de Festivales et des Congres nesten rett framfor nasen på oss. Palais des Festivales er, som sikkert mange av dykk veit, staden kor den årlege filmfestivalen i Cannes går av stabelen. Det var eit digert "hus", og rundt palasset var kjendisane sine handtrykk, som til dømes Nicole Kidman og Cameron Diaz.

Rett etter besøket til denne kjendisstaden, følte me for å få i oss litt mat og is. Nokre valte noko litt lunsjaktige, nokre middagsaktig, medan andre, slik som eg, valte ein stor porsjon is. Eg elskar is! Viss eg skal anbefale noko, må du bestille Dame Blanche, når du er i Frankrike. Vaniljeis med sjokoladesaus og piska krem. Det er heilt fantastisk. Veldig mykje is, men nam nam, så godt det smakar i varmen. Den i Cannes var den beste eg åt på turen (av to moglege), men all sjokoladesausen samla seg i botnen av glaset, og det orka eg i alle fall ikkje å ete opp, for det var varm, flytande og velidg mektig sjokolade.

Nam, nam, nam
Kinoen i Cannes
Etter maten bestemte me oss for å gå opp til eit utsiktspunkt i Cannes. På
veg opp såg me Cinema Cannes, som var eit hus kor dei hadde måla på balkongar med kjente filmfigarar. Eg skal heilt klart legge inn forslag om å måle Jadarheim på same måten. Viss nokon lurte, er Jadarheim eit keisamt, grått og gammalt bygg rett ved biblioteket på Nærbø. Før hadde dei kino der, men det har dei slutta med. Det gamle bygget kunne trengt litt oppfrisking der det står. Det er langt frå fint utanpå. I tillegg burde dei legge inn varme backstage, særleg i det litle romet, for der kan du jo få skikkeleg frost i deg ein kald 12. desember-dag i 2012, medan du ventar på å gå ut på scenen for å danse. Nei, nok om Jadarheim og kinoen i Cannes.

Utsiktspunktet i Cannes var fint. Derfrå såg du kasionet og Palais des Festivales i tillegg til alle båtane som låg der. Eg såg no at eg dessverre ikkje har mange bilete derfrå kor det berre er av utsikten. Kanskje eg har nokre på mobilen, for det var ikkje mitt kamera som vart brukt den dagen... Alle som skal til Cannes bør gå opp der. Du går opp gjennom den flotte gamlebyen i Cannes, der du òg får tak i mykje, viss du har tenkt å handle. Det var ein butikk der kor alt kosta 2€, ca. 16 kroner. Der fekk eg tak i liggjeunderlag til stranda og ei oppskriftsbok, i tillegg til at tante kjøpte ein nokså spesiell bursdagspresang til onkel der.

I morgon kjem eg tilbake med litt om St. Paul de Vence. Ha ein fin dag vidare i dag og kos dykk no som det er somar!! (med masse is!!)

3 kommentarer:

  1. Høres ut som du he det utrolig spennende.. Aldri vært der.. Så veldig spennende å høre om :)

    Åhh.. sjokolade og is :D You gotta love it <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var kjempegøy!! :) Og sjokolade og is er kjempegodt! Eg elskar det!

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten