torsdag 11. juli 2013

Reisa til Frankrike

Dei siste ti dagane har eg vore ein heilt annan stad enn trygge, litle Nærbø, nemleg i Antibes i Frankrike, som i seg sjølv ikkje er veldig utrygt, men framande stader er med ein gong litt meir utrygge, når du aldri i ditt liv har vore der før. Ikkje missforstå meg, eg koste meg veldig i Antibes og dei andre stadane me var. Det er første gongen eg har vore i Frankrike. Eg kan nokre få fraser på fransk som berre er nyttige i ein franskklasse kor me skal presentere oss for medelevane. Eg har lese litt bøker frå Frankrike, men ikkje akkurat frå Cote d'Azur eller Provence. Likevel følte eg at eg kjente staden nokså godt i og med at eg hadde lese meg opp i denne boka her:

100%-guidane er smarte og oversiktlege. Eg elskar denne boka her. Kapitla er inndelt etter dei ulike regionane i Provence og Cote d'Azur og etter det i stadane innanfor regionane. For kvar stad står det litt om kva du kan sjå, mat, shopping, uteliv og alt du elles skulle trenge. Adresser og prisar står i mergen på sida av. Fremst er det litt nytteige deltaljar som er godt å vite før du reiser, i tillegg til masse, masse historie og litt språkkunnskaper. Bakkerst i ei plastlomme er det små rubrikkar med døme til byvandringar. Supert!

Familien vår har aldri vore ein slik familie som har reist til Syden, sidan eg og søstera mi vart født, så dette var berre andre gongen, men masse fint vêr og sol. Eg tenkte å gå gjennom litt dag for dag der me gjorde noko nevneverdig interessant og legge ut ein bokomtale i innlegget frå dei dagane der eg las ut ei bok. Under dette innlegget finn du første omtalen frå ei bok eg las ut dagen me reiste ned. Me sat over seks timar på flyplassen i Amsterdam, så det var nok av tid til å lese boka ut. Første dagen forresten reiste me berre ned og køyrte direkte til der me skulle bu.

Her kjem nokre bilete frå bustaden vår i Antibes







Dette er berre nokre få bilete frå bassenget, området rundt og stova. Veldig koseleg, og me kunne sitje ute på verandaen til langt utpå kvelden og berre nyte varmen, som ikkje forsvann om natta ein gong. 

5 kommentarer:

  1. Eg har og nett vore i Antibes, eller det var i mai. Vi budde i gamlebyen, skikkeleg gamlebyaktig og ikkje større enn at vi fort fikk oversikt. Var du på den plassen der dei selde makronar og hadde ei sjokoladegrotte? Og Picasso-museet? Og så Cannes, då... Fin by og gamleby.

    SvarSlett
  2. Eg var på Picasso-museet, men vart ikkje veldig imponert, sidan eg har vore på det i Berlin som var ein del betre og større. Eg var ikkje der dei selde makronar dessverre, men eg var sjølvsagt i Cannes ein dag, noko eg skal lage innlegg om seinare. Gamlebyen i Antibes var koseleg. Nesten heile sentrum det var koseleg forresten, men var ikkje nedi sentrum så ofte, sidan me budde eit stykke utanfor :)

    SvarSlett
  3. Herlig sted! Jeg har aldri vært i Frankrike, stort sett har jeg havnet i Spania. Det er så fint å våkne om morgningen og slippe å lure på om det er varmt eller ei :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er heilt nydeleg å sleppe å sjekke yr eller vêrmeldinga kvar kveld, for å finne ut korleis vêret neste dag blir. Eg elskar å kunne gå ut til ei kvar tid og at det likevel er varmt!! Håpar du kjem deg til Frankrike ein gong. Det er eit nydeleg og spesielt land :)

      Slett
  4. Ha ein kjempe fin tur :)

    Har selv veldig lyst til å til Frankrike..
    Heller aldri vært der. Kun på gjennomreise :P

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...