fredag 12. juli 2013

Turen til Avignon 02. juli

Kjøkkentårnet i Palais de Papes
Første heile dagen i Frankrike (01. juli) var me for det meste i ro ved bassenget. Ein liten kveldstur til sentrum av Antibes avslutta dagen. Sidan me budde eit stykke utanfor sentrum, måtte me ta buss for å komme dit. Heldigvis kosta bussane berre åtte eller tolv kroner (1€ eller 1,50€). For å samanlikne med Noreg, er dette prisen for ein overgangsbilett mellom tog og buss, viss du er heldig. Dagen vart avslutta på ein restaurant i eit spiseområde, før det var å ta bussen tilbake til bustaden og ta kveld litt tidleg.

Neste morgon var det opp tidleg (halv sju), for å nå toget til Avignon, som tok rundt tre timar, med ein
Litt av utsida av pavepalasset
liten stopp i Marseille. Avignon er ein by som er veldig lagt opp etter turismen. Då me kom ut frå togstasjonen, stod det bussar og venta som tok oss direkte til sentrum av byen på ti minutt. Akkurat slik som i området rundt Antibes, kosta bilettane lite. Sentrum i Avignon består av alle dei store attraksjonane, pluss ein del butikkar. Blant anna låg pavepalasset og Pont d'Avignon i gangavstand frå busshaldeplassen ved posthuset. Dette er kanskje noko av det mest kjente med Avignon. Pavepalasset er eit digert byggverk som vart bygga i midten av 1300-talet, for å huse såkalla motpavar som ikkjer annerkjente den sitjande paven. Det var eit heilt enormt palass, men enkelt å finne fram. Ved hjelp av ein audioguide vart me leia gjennom palasset. Blant anna fekk me vite morosamme fakta, som at nokre av pavane hadde nattergalar i soverommet sitt. I tillegg bygga dei heile tida på nye tårn og murar overalt, og resultatet var eit digert palass.

Pont d'Avignon (ikkje det beste bilete...)
Etter pavepalasset gjekk turen til brua Pont d'Avignon (Pont Saint-Bénézet). Berre fire av tjueto bruspenner står igjen, og brua har gradvis blirr øydelagt av flaumar. Det er ei veldig fin bru, og blant anna er det laga ein kjent sang om  henne. Eg syntes kanskje dette var det beste med turen. For det første var eg kjempevarm då me kom ut frå pavepalasset og klar for ein litt avkjølande bris, noko du fekk oppe på brua. I tillegg var det vakker utsikt over Rhône og landskapet.

Elles shoppa me og åt litt mat. Avignon var veldig kos og ein typisk turistby. Det var lett oversiktleg, fordi det var skilta overalt. Du trenger ikkje å vere i tvil om kor turistattraksjonane låg. Avignon er ein stad som er veldig verdt turen. Du får mykje ute av det. Viss du tek tog, er det lurt å ta eit tidleg bort og eit seint heim for å verkeleg få oppleva byen!

I morgon kjem det ein lite rapport frå Cannes. I tillegg til ein bokomtale av Jewells bok Before I Met You

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...