tirsdag 31. juli 2012

oppsummering lesemånaden juli

Tida fyk forbi, og av til sit du bare og tenker wow, går verkeleg tida fortare nå enn før, eller verker månadar, veker og dagar kortare til eldre du blir? Sju månadar uti juli, eg har fått jobb på Ark kvadrat (ikkje fast, men tilkalling), og eg har lese meir enn det eg har gjort tidligare somrar. Eg ligg nå oppi 17 bøker frå 1. juni til 31. juli, og eg er storfornøgd. Litt færre enn i fjor, for i fjor las/høyrte eg atten bøker bare i juni, men eg føler at eg har fått mykje betre utteljing dette året av den grunn at bøkene har vore betre og lengre.

Dette er bøkene eg las nå i juli:
Det blei gjort ein feil då eg trykka "lag kollasj" på Picasa, så to av omslaga blei litt rare. Og det blei litt lita skrift...

Det var fire av desse som var solskinsmål, noko som resulterer at eg bare har to igjen. Eg fekk nettopp den eine boka igjen på lista, og var forholdsvis glad, då eg såg på storleiken, kor langt eg hadde kome gjennom måla mine. 

Skyggelandet var som fantasybøker flest: fantasy! Åpne sår derimot, som det bare kom omtale av på what a feeling, ein psykologsik thriller, der ikkje bare handlinga, men HOVUDPERSONEN var spennande. At den forfattaren kunne få til ei så god bok. Fytti katta. Eg var sikker på at eg visste kven som stod bak ugjerninga, men SURPRISE. 
Botticellis hemmelighet fekk ein av tidenes lengste omtalar på denne bloggen, og med god grunn. Elska boka, og nå lurer eg på om det er den trettende fortellingen eller Bottticellis hemmelighet som ligg øverst på lista. Karitas kan eg seie med ein gong var ei bok eg ikkje likte særleg, men etter ein nedtur er det gildt med fleire oppturar. Jane Austens berømte verk om Bennetsøstrene og mr Darcy var ein god klassikar eg ikkje kan forstå eg ikkje har lese før. Tilbake til Tall Oaks var ekstremt interessant, og haldt lenge på spenninga. Fruen av Saronno var mest romantikk, og lite av det eg gleda meg til. Altså både òg i denne månaden. 

Kjønn
Ni jenter, utan nokre gutar til selskap. Å nei, likestilling, kor blei du av?

Land etter forfattar
USA: Kathleen Grissom, Alyson Noël, Gillian Flynn
Storbritania: Jane Austen, Janet Tanner, Marina Fiorato
Island: Kristin Marja Baldursdóttir
Irland: Lucinda Riley

Land forfattarane tok meg med til
Noko av det beste ved å lese er sjølvsagt å kunne bli tatt med andre stader enn der du eigentlig her, og denne månaden har det blitt litt farting i fantasiverda...
Storbritania, Irland, Island, Australia, USA og Italia. 

Favorittperson
Eg kan herved røpe at favorittpersonen min denne månaden er ei jente. Og denne jenta er i frå eit av landa ovanfor her. Faktisk er det fleire jenter. Elisabeth Bennet, Luciana (frå Botticellis hemmelighet) og Camille. (frå åpne sår). Og kanskje òg Grania i jenta på klippen og Jane Bennet og Aurora frå jenta på klippen. Det går ikkje an å bestemme seg. 

Bøker eg ikkje fekk lese
Ingen, takk & pris. 

Mål vidare
Dette er mine mål vidare. Bare tre bøker? Ja, det er august, min fødselsdagsmånadad, og ein månad for skulestart og TMF. Me får sjå. 


Ja, dette er mine lesemål for netse månad. Og nå skal eg ete middag som litlesøster har laga. O, lykke!

søndag 29. juli 2012

Mitt liv i litteraturen

Dette er noko eg har lånt frå Beathe på bloggen Beathes bokhylle. Det gjelder å svare på spørsmåla nedanfor her ved hjelp av boktitlar.

Describe yourself: Jenta på klippen


How do you feel: Rubinrød


describe where you currently live: et sted i nærheten


Your favorite form of transportation: sølvhingstens månestråle


If you could go anywhere, where would you go: tilbake til Tall Oaks


your best friend is: havfruen


You and your friends are: søstrene Boleyn


What's the weather like: tusen strålende soler


your fear: vårlik

what's the best advice you have to give: la stå!

thought for the day: Viss du får dette brevet

How would I like to die: Sommerdøden

My soul's presents condition: før jeg sovner

smakebit på en søndag juli 29. juli

Etter eg las ferdig boka eg har lese dei siste dagane i går, har eg nå teke til på ei bok som eg hadde lese litt over hundre sider i, men aldri fullført. Boka er ganske gammal, og forlaget er dessverre lagt ned for lenge sidan. Boka var litt treig og keisam i starten, men nå har ho tatt seg opp, og eg gler meg til å lese vidare.

Trur ikkje eg gidder å skrive av baksideteksten (og å finne den på nettet, nei). Derfor skriver eg bare smakebiten.

Sophia var taus. Hun følte seg plutselig kald, enda så varm solen var. Det var ikke bare krigstrusselen. Dieter hadde antakelig rett når han sa at de ikke ville slåss - Østerike hadde jo tross alt latt Tyskland få lov til å gå inn og ta over landet deres, og skulle man tro avisene, var de visstnok ganske fornøyd med det også. De jublet for Adolf Hitler da han kjørte inn i Wien og ringte med kirkeklokkene, ikke sant? Nei, det var forandreingen i Dieter som skremte henne. Han kunne vel knapt demonstrert følelsene tydeligere om han hadde sprunget opp og punktert luften med en Nazi-hilsen.


stemmer fra Fortiden av Janet Tanner, side 115

For å forklare litt rundt smakebiten, er det Sophia, bestemora til ein av hovudpersonane i boka, som tenåring under krigen (dette skjer i 1938) som her blir uroa over kjærasten Dieter og hans tydelige sympati med tyskarane. Han tok det nokså ille opp då ho spurte om krigen, og det er grunnen til denne scena her...

En smakebit på søndag er ein spalte Mari på bloggen flukten fra virkeligheten legg ut kvar søndag. For å sjå andre smakebitar kan du gå her.

iAdios!

lørdag 28. juli 2012

bok: fruen av Saronno av Marina Fiorato


Fruen av Saronno er en vakker og underholdende historie om kjærlighet og kunst fra 1500-tallets Italia.
Bernardino Luini, elev av Leonardo da Vinci, får i oppdrag å male en religiøs freske i en landsbykirke i Lombardias åser. Der blir han trollbundet av Simonetta di Saronno, en ung adelskvinne som har mistet sin ektemann i strid og som sitter igjen med en skrantende formue. I en av kirkens fresker udødeliggjør maleren Simonettas skjønnhet og sorg i Jomfru Marias skikkelse. De forelsker seg mens hun sitter modell for kunstneren, men kjærligheten mellom dem får uante følger da skandalen er et brutalt faktum. Det handler ikke lenger bare om dem.
Hvem er den mystiske jøden med gullhånden? Og hvordan kan en stum, ung soldat ha innvirkning på Simonettas liv? Simonetta viser at hennes kreativitet kan måle seg med Bernardinos ved å skape en drikk for sin elsker av den eneste kapitalen hun har igjen – mandler. Den berømte Amaretto di Saronno. Hun har reddet formuen, men lar kjærligheten seg redde?
Då det var mammutsal dette året, kjøpte eg blant anna to bøker av Fiorato, ein italiensk-engelsk forfattar, som skriv ekstremt gode bøker frå den italienske historia. Eit godt talent for skriving som kjem fram til det fulle i bøkene hennar. 


Likevel var denne boka meirs skuffande enn dei to andre eg har lese. I alle fall i forhold til Botticellis hemmelighet, som eg òg las denne månaden. Mens Botticellis hemmelighet var spennande, romantisk og romma alt eg hadde håpa på, i tillegg til ein svært spennande hovudperson, var fruen av Saronno mest bygga på romantikk, og det var ikkje noko toppunkt der boka tok seg skikkelig opp.


Boka byrjar med at Simonetta di Saronno, sørgande enke med ein formue som står for fall, sit ved vindauget og sørgjer over sin døde ektemann, Lorenzo, som døydde i krig. Simonetta er knust over tapet, i tillegg til den dårlige økonomien han har etterlatt seg.


I mellomtida byrjar Bernardino Luini med freskene i kyrkja Simonetta går til for å be for Lorenzo etter han er død, men etter krigen distanserer ho seg meir frå Guden ho trur på, og i eit siste desperat forsøk på å få ein betre økonomi, seier ho seg villig til å sitje modell for Bernardino. Dei første dagane held dei ein kald tone, og Simonetta forstår ikkje Bernardinos tvil på at det eksisterer ein Gud, sjølv om det er den tvilen som byggjer opp under hennar manglande fråver i kyrkja dei neste månadane. 


Etterkvart som kunstnaren og modellen blir betre venner, og byrjar å betru seg til kvarandre, utviklar det seg eit type forhold, som ingen av dei er forberedt på. I feil augeblink oppdagar ein person som er tru mot Lorenzo di Saronno forholdet deira, og Bernardino fryktar for livet. 


I mens, i Pavia dukkar ein "vildmann" opp i skogane, og det er Amaria og hennar bestemor som finn han. Han er stum og hugsar ikkje noko av det som har hendt, men etterkvart som det går betre med han, og han byrjar å hugse, kjem det fram ting som ikkje bare kan påverke livet hans, men òg andres. 


Når Bernardino flyktar, har ikkje Simonetta lenger noko intekt, og ho får hjelp av ein resten av byen hatar og fryktar, ein mann som er bannlyst på grunn av sin religion. Hatet til jødane i Italia kjem tydelig fram i boka, men Simonetta oppdagar ei ny side av denne religionen, og med hjelpa til jøden greier ho å byggje opp formuen sin, gjennom ein brennevin laga av mandler. 


Å lese skjønnlitterære bøker frå Italia på 14, 15 - og 1600-talet er spennande og lærerikt. Du får eit innblikk av konfliktane mellom dei forskjellige religionane, og religion hadde ei heilt anna tydning då enn det det har nå. Jødehatet var langt større, og noko av det mest interessante var det religiøse i boka. 


Eg elsker kunst, og særleg kunst frå renessansen. Likevel var Bernardino Luini ukjent for meg, og forklaringa fekk eg i slutten av boka. Nokre av måleria hans var så storslagne at mange første trudde Leonardo Da Vinci, Luinis lærar og meister i delar av livet, hadde måla noko av det Luini eigentlig hadde måla, og derfor er Luini lite kjent for sine store målarverk. Viss du går innpå wikipedia på norsk og søker på namnet, kjem det bare opp nokre få setningar om målaren. Likvel er han nok meir kjent nå enn for nokre hundre år sidan, for nå er mange av måleria indentifisert som hans. 
På meg verka målaren egoistisk og ein som likte seg sjølv godt. Det kom godt fram i boka at Bernardino av og til måla Jesus' ansikt som sitt eige. Det var positivt at karakterane ikkje var stereotype, og at dei alle hadde ein sjanse til å bli betre menneske.

I motsetning til i Botticellis hemmelighet, er synsvinkelen i denne boka autoral, mens i Botticellis hemmelighet blei alt fortalt av Luciana i første person. Den autorale synsvinkelen var ei svært godt trekk av forfattaren, og han passa godt til handlinga i boka.

Likevel, som eg skreiv her oppe, var det ikkje noko toppunkt i historia, og det meste av handlinga var bassert på romantikk. Til og med kunsten bleikna, og skildringane var betre i Botticellis hemmelighet. Eg kjente aldri at eg vart redd for hovudpersonane, og konfliktane var små til å vere i ei bok. Kjærleiken var alt i boka, noko som iriterte meg.

Ei bok skal byggjast på noko meir enn kjærleik synes eg, eller så skal det vere eit toppunkt i historia. KLIMAKS! Det er det eg vil ha. Kjærleik er ein god ingrediens i bøker gode som kaker, men ei kake kan ikkje bare bli til av ein ingrediens.

Boka bleikna veldig i forhold til dei andre av Fiorato, og litt skuffa var eg etter endt lesing. Eg håpar nå på at Sienas datter er betre, og at det er meir spenning i boka, og at forfattaren har forstått det med ingrediensane.

fredag 27. juli 2012

framtidige favorittar - oversatte bøker

Fredag igjen, og eg kjenner at eg er alt for langt inni feriemodus. Trente i dag, men var skikkelig ut av form. Fy deg Mai Lene. Ikkje bra! (og derfor sit liksom vesle meg på PCen? Hehe) Uansett, fredag betyr jo framtidige favorittar, som eg har vore skikkelig slurvete med dei siste vekene. Uff då.

Framtidige favorittar er ei spalte som bokelskerinnen legg ut på bloggen sin kvar fredag, der ho skriv om kva ho gler seg til å lese og vil lese osv. Gå her, for å sjå dei andre bidraga i dag. 

I dag har eg valt temaet "oversatte bøker," for av ein eller annan grunn er eg lite nasjonalromantisk når det kjem til bøker. Veldig lite, og mange av bøkene eg gler meg til å lese er bøker som er oversette. 

Sineas datter av Marina Fiorato

Til nittenårsdagen får Pia de’ Tolomei, den vakreste kvinnen i Siena, et halskjede og en ektemann …Året er 1723, på selveste dagen for Palio-rittet, årets høydepunkt i Siena. Ti ryttere kniver om seieren i det tradisjonsrike og halsbrekkende hesteløpet. Hele byen er til stede, men for to av kvinnene som ser på, er det mer enn et ærerikt trofé som står på spill. Pia de’ Tolomei ser rittet som siste sjanse til å unnslippe et voldelig ekteskap. Og for Violante de’ Medici kan løpet bety begynnelsen på slutten: Dersom byens renkemakere får det som de vil, har hun bare én måned igjen som regent i Siena, der hun i ti år har ført en isolert tilværelse bak palassets murer.
Trompetfanfaren toner ut over tilskuerne. En ukjent rytter rir inn på plassen. Hans innvirkning på løpet kommer ikke bare til å snu opp ned på livet til både Pia og Violante, men til å stake ut en helt ny kurs for det mektige Medici-dynastiet.
Eg har blitt skikkelig fan av Marina Fioratos bok, og har lese to av dei fire som er utgitt på norsk, i tillegg til at eg nå les den tredje. Glassblåseren fra Murano var god og hadde god historisk insikt. Botticellis hemmelighet har til nå fått æra av den lengste og mest skrytande omslaget på denne bloggen.  Marina Fiorato tar oss med tilbake i italiensk historie til byar som Milano, Firenze, Saronno, Siena, Gennova, Napoli, Pisa og ikkje minst Venezia. Ho er ei som kan trollbinde deg i frå byrjing til slutt, og nå ventar endå ei bok av forfattar på å bli lesen av meg. (og eg vil ha ho!)

arven og det du ikke ser av Katherine Webb
En mørk og kald vinterdag like etter bestemorens død, vender Erica Calcott og hennes søster Beth tilbake til Storton Manor, et stort og imponerende gods hvor de tilbrakte idylliske somre som barn. Da Erica begynner å rydde i bestemorens eiendeler, blir hun overstrømmet av minner om barndommen og om sin fetter, Henry. Henry forsvant sporløst fra godset mange år tidligere, og uvissheten om hva som skjedde den skjebnesvangre dagen, har splittet familien og ført til uvennskap og dype konflikter. Ikke minst er Beth fremdeles dypt preget av forsvinningen.
Erica bestemmer seg for å finne ut hva som skjedde med Henry, slik at fortiden en gang for alle kan bli stedt til hvile og Beth kan finne ro. Og gradvis, etter hvert som Erica klarer å rekonstruere det som har skjedd, trer en ukjent familiehistorie frem. En historie som strekker seg tilbake til århundreskiftets Amerika, til møtet med en vakker ung pike fra overklassen, hennes dramatiske kjærlighetshistorie og voldsomme offer. Og etter hvert som fortiden flettes inn i nåtiden, innser Erica og Beth at de må akseptere familiens mørke hemmeligheter og voldsomme svik − og ikke minst arven de bærer − skal de komme videre med sine egne liv.
Katherine Webbs debutroman er en uforglemmelig, handlingsmettet og dramatisk historie som vil bite seg fast lenge etter at siste side er lest.
England 1911. Presten Albert Canning og hans naive hustru Hester deler en pasjon for spiritisme og lever et lykkelig liv i en søvnig landsby i Berkshire. Men idyllen blir brutt av to nykommere til landsbyen: Først kommer Cat, den nye tjenestejenta, en fri sjel som blir reddet ut av fengsel av det vennlige ekteparet. Mens hun forsøker å finne en utvei til å rømme, finner hun seg vel til rette i landsbyens hemmelige underverden.
Så ankommer Robin Durrant, en ledende ekspert på det okkulte, nysgjerrig på rykter om at overnaturlige vesener holder til i myrene rundt landsbyen. Robins magnetiske sjarm og store karisma gjør at han snart blir en ettertraktet mann - som fascinerer flere.
Gjennom en lang, varm sommer blir atmosfæren stadig sterkere ladet av ambisjoner, kjærlighet og sjalusi - en blanding så kraftfull at den til slutt ender i mord.
Eg har høyrt mykje bra om bøkene til Kathrine Webb, særleg den første, arven, og den boka SKAL eg lese ein gong. Det same med det du ikke ser, sjølv om den kanskje har fått litt meir negativ omale, og ikkje verka så interessant. Likevel, klart noko som eg skal ønske meg til bursdagen.


etterpå av G. G. Musso



8 år gamle Nathan erklæres død ved drukning etter å ha reddet venninnen sin. Men så våkner han mirakuløst opp igjen. Hvorfor?20 år senere oppdager han grunnen, og hvilken rolle han er bestemt til i en spesiell kvinnes liv.Boken er en spennende kjærlighetshistorie om hvor dypt båndet mellom to mennesker kan være – en roman du leser med en klump i halsen.




Dette høyres ut som ekte romantikk, men òg ei skikkelig grinebok som kan komme til å røre meg til tårere. Snufs. Har ikkje høyrt om forfattaren tidligare, og heller ikkje boka, før Beathe la ut noko om henne på sin blog. Hadde det vore opp til meg hadde eg hatt denne boka i hendene mine NÅ!! og eg hadde sete og lese i henne. Ganske sikker på det...

salome av Mara Lee





Elsa er en ekte ‘folkhemsprinsessa’ der hun vokser opp i en svensk småby på 80-tallet. Hun er sammen med Micke som er best på hockeybanen, hun danser ballett og får hovedrollen, hun går på fest og smugrøyker og drikker. Hun er tynn og kul og har en skarp tunge. Hun er både farlig og tiltrekkende. Og hun er rasende. Veronica, bestevenninnen hennes skal dø. Og Elsa har fått en fosterbror hun ikke vil ha eller vite av. Og pappen hennes er erstattet av en dødskjedelig stefar. Hun drømmer om før, da Veronica var frisk og mamma og pappa var sammen, og ingen fosterbror utfordrer hennes eksklusive rett til oppmerksomhet. Mara Lee har skrevet en usedvanlig sterk og berørende bok. Akkurat som Salome peker Elsa på det hun ikke kan få, og hvis ikke hun kan skal heller ingen andre ha det, da vil hun heller legge alt rundt seg i ruiner.




Dette er sånn ei bok som er veldig typisk meg å lese, og bare omslaget er jo nydelig. Ein dansar på eit omslag og eg tenker: Må lese! Kanskje fordi eg sjølv elsker å danse og har gjort det i ni år. Må vere det. I tillegg liker eg bøker frå Sverige. Dei er spennande, brutale, direkte og har litt for mange banneord. Som oftast. Banneorda er eit minus, men elles elsker eg svenske bøke, som oftast. Hehe, ikkje hallo, elsk meg da. Den var bare gørr!

Uansett, nå orkar eg ikkje meir. Mens eg har skrive har eg ete åtte små knaksegulerøter, og nå er posen tom. Skrekk og gru. Må kjøpe nye snart. Hus utan babygulerøter eller knaskegulerøter er det vanskelig å vere i. Nesten betre enn sjokoladet.

Avsporing! Uff, kva har gulerøter og bøker til felles, lissom? (går ikkje an å vere i eit hus utan!)


torsdag 26. juli 2012

bok: tilbake til Tall Oaks av Kathleen Grissom

Når en hvit slavejente bryter plantasjens uskrevne regler, utløser hun en tragedie som får frem både det beste og det verste i menneskene hun har begynt å kalle sin familie. 

Syv år gamle Lavinia blir foreldreløs under overfarten fra Irland til Amerika. Kapteinen tar henne med hjem til tobakksplantasjen han eier i Tall Oaks i Virginia, der hun skal bo og arbeide sammen med slavene. Lavinia blir tatt vare på av Belle, som er kapteinens uekte datter. Hun knytter sterke bånd til sin nye familie, selv om hun skiller seg ut fra de andre med sin hvite hud.

En dag får Lavinia beskjed om å flytte inn i herskapshuset og bli en del av kapteinens familie. Men bak den fine fasaden er forholdene alt annet enn trivelige, herren i huset er fraværende og hans elskerinne avhengig av opium. Lavinia føler seg fanget mellom to verdener. Den dagen hennes lojalitet settes på prøve og hun tvinges til å velge side, kommer betente hemmeligheter og farlige sannheter frem i lyset – og liv blir satt i fare.
Første gong eg såg denne og las bakpå, tenkte eg at dette var "mi" bok. Litt nøling blei det før eg kjøpte henne, men sist fredag på Jørpeland blei det handling, og på søndag starta lesinga. For det første må eg bare seie at dette var ei bok eg hadde sett skikkelig fram til, og forventningane blei innfridde. Den andre tingen er at bøker i frå slavetida i USA skal definitivt lesast meir.

Lavinia blir foreldrelaus på eit skip, bare sju år gammal, og det er kapteinen som må ta henne med seg heim. Det er Belle i kjøkkenhhuset som får jobben med å ta seg av henne, og Lavinia får kjenne korleis det er å ha ein familie rundt seg. Mamma Mae og Pappa George og deira barn blir Lavinias adoptivfamilie, og saman går dei framida i møte.

Dei neste månadane og åra skjer det store omveltningar, og frykta for å bli drepne er stor. Dei lev i konstant fare, og eit einaste feiltal kan gjere at dei må bøte med livet.

I byrjinga kan den verke litt lite fengande, men det tar seg skikkelig opp, og på eit vist punkt var i alle fall eg tapt, og etter det kunne eg aldri ha avslutta utan å vite korleis det gjekk. Boka er utrulig godt skriven, og ho kan fenge deg meir enn dei fleste andre bøker. Samstundes er det eit veldig lett og forståelig språk, veldig enkelt utan at det blir for enkelt.

Personane var ikkje stereotype. Langt i frå. Dei fleste av dei hadde ei dårlig side og ei god side, og me blei kjent med begge sider, og det er noko av det eg liker best ved bøker, når dei greier å gi eit perspektiv av noko verkeleg, sjølv om det bare er skjønnlieratur.

Å komme inn i eit samfunn som dette, ein stad der tenarar blir behandla som drit og det finnes slavar er midlt sagt sjokkerande. Fleire gonger sat eg med tårer i auga, og eg var òg svært sint nokre gonger, på grunn av den fæle måten dei blei behandla på. Historia om miss Martha og om Marshall er òg veldig interessante og noko av det eg likte best ved boka.

Omslaget på boka var bare NYDELIG, men òg litt truande, for du forstår at her er det noko meir bak enn bare det som er der.

jubileumsgiveaway hjå flukten fra virkeligheten

Som i fjor har Mari laga nok ein jubileumsgiveaway, for nå er bloggen hennar fire år. Og sidan me bokbloggarar er veldig glade i giveawayar, er det bare å melde seg på, ved å trykke på biletet over og sjå kva du må gjere for å vere med!

Og så: GRATULERER MED DAGEN til flukten fra virkligheten!!

mandag 23. juli 2012

bok: Karitas av Kristín Marja Baldursdóttir

Dette var første gongen eg las ei bok med handling i frå Island. På sett og vis var ikkje boka skuffande i måten ho var skriven på, og ho var mange gonger svært fengande. Men ho var  ikkje det ho gav seg ut for å vere, og for at de skal få mitt intrykk av handlinga og kva den handla om, tenkte eg at for å sjå baksideteksten, må de trykke "lese meir?", for eg blei i alle fall skuffa over innhaldet i forhold til den, derfor skal det fåvere valfritt. 

Karitas er ei islandsk jente, som elsker å male og teikne. Boka byrjar med at ho, dei fem søskna hennar og mora flyttar til Aukereyry (trur eg det heiter), for at ho og dei andre barna skal få seg ei utdanning. Men førebels er det bare brørne som får gå på skule. Ho og søskna må jobbe med sild eller vere heime og passe på. 

Likevel opnar det seg snart moglegheiter, og fleire av søskna får reise vekk på skule eller ta høgare utdanning. Men ikkje Karitas. Ikkje før ei fornem dame i Aukereyri gir henne tilbod om å betale for at ho skal få gå på kunstskule i København. Og med desse lovnadane reiser ho, og etter nokre år kjem ho tilbake som fult utdanna kunstnar. Karitas er viss på at som kunstnar kan ho ikkje få seg familie, men det er likevle det som skjer, for når ho kjem tilbake forelskar ho seg i fiskaren Sigmar og blir gravid. Må ho velje mellom familien og kunsten?

Det eg ikkje likte, var at i motsetning til andre bøker fortalte baksideteksten siste halvdelen av boka, i staden for første, så det var første halvdelen som var overraskande. Dette resulterte òg i at eg syntes boka kom svært seint i gang. 

Det eg var mest skuffa over, var mangelen på noko om då ho var og studerte i København. Boka hoppa rett over alle dei åra, som omfatta ganske mange i hennar liv. 

Ho var langt i frå å vere den beste boka eg las dette året, og eg trur ikkje at det var boka for meg. Det var som ein litt for lang serieroman. 

Omslaget var uansett fint og fekk meg til å ville lese boka. Men eg trur ikkje eg kjem til å lese dei neste bøkene i serien, trass i fine omslag. 

søndag 22. juli 2012

22/7


La Rose

"Mer åpenhet, mer demokrati."

"Aldri mer 22. juli."

"Viss en mann kan hate så mye, tenk hvor mye kjærlighet vi da kan vise sammen."

Tenker på alle som på ein eller annan måte blei rørte av 22. juli: overlevande, pårørande og alle andre som blei ramma! 


tirsdag 17. juli 2012

boka på vent - stemmer fra fortiden av Janet Tanner

Beate på bloggen Beathes bokhylle har starta ein ny spalte som heiter boka på vent. Skriv om boka som står i bokhylla og venter på å bli lesen, så legg igjen linken her.

Boka som står og venter på å bli lesen i mi bokhylle er allereie påbyrja, men eg har ikkje kome veldig langt i henne, så ho venter på å bli lesen, og det skal ho bli seinare.

stemmer fra fortiden av Janet Tanner. Eit lite problem med denne boka er at ho er så gammal, at forlaget er lagt ned for over ti år sidan, derfor har eg bare eit bilete å gi og mi beskriving av boka.

Juliet reiser til Jersey i Storbritania for å finne ut meir om farmoras hemmelige fortida. Etter det farmora sjølv seier skal ho ha skote og drept sin eigen son for over tjue år sidan. Nå vil Juliet prøve å finne ut om det verkeleg var bestemora som gjorde det, og om ho tok på seg skylda for å beskyte nokon. Samstundes sonen til advokaten til farmora interessert i saka, men av andre grunnar. Saman prøver han og Juliet og nøste opp i fortida.

Ja, dette er boka som er på vent hjå meg. Saman med eit titals andre bøker...

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...