Dette er bøkene eg las nå i juli:
- skyggelandet av Alyson Noël
- åpne sår av Gillian Flynn
- Botticellis hemmelighet av Marina Fiorato
- jenta på klippen av Lucinda Riley
- Karitas av Kristin Marja Baldursdóttir
- stolthet og fordom av Jane Austen
- tilbake til Tall Oaks av Kathleen Grissom
- fruen av Saronno av Marina Fiorato
- stemmer fra fortiden av Janet Tanner
Det var fire av desse som var solskinsmål, noko som resulterer at eg bare har to igjen. Eg fekk nettopp den eine boka igjen på lista, og var forholdsvis glad, då eg såg på storleiken, kor langt eg hadde kome gjennom måla mine.
Skyggelandet var som fantasybøker flest: fantasy! Åpne sår derimot, som det bare kom omtale av på what a feeling, ein psykologsik thriller, der ikkje bare handlinga, men HOVUDPERSONEN var spennande. At den forfattaren kunne få til ei så god bok. Fytti katta. Eg var sikker på at eg visste kven som stod bak ugjerninga, men SURPRISE.
Botticellis hemmelighet fekk ein av tidenes lengste omtalar på denne bloggen, og med god grunn. Elska boka, og nå lurer eg på om det er den trettende fortellingen eller Bottticellis hemmelighet som ligg øverst på lista. Karitas kan eg seie med ein gong var ei bok eg ikkje likte særleg, men etter ein nedtur er det gildt med fleire oppturar. Jane Austens berømte verk om Bennetsøstrene og mr Darcy var ein god klassikar eg ikkje kan forstå eg ikkje har lese før. Tilbake til Tall Oaks var ekstremt interessant, og haldt lenge på spenninga. Fruen av Saronno var mest romantikk, og lite av det eg gleda meg til. Altså både òg i denne månaden.
Kjønn
Ni jenter, utan nokre gutar til selskap. Å nei, likestilling, kor blei du av?
Land etter forfattar
USA: Kathleen Grissom, Alyson Noël, Gillian Flynn
Storbritania: Jane Austen, Janet Tanner, Marina Fiorato
Island: Kristin Marja Baldursdóttir
Irland: Lucinda Riley
Land forfattarane tok meg med til
Noko av det beste ved å lese er sjølvsagt å kunne bli tatt med andre stader enn der du eigentlig her, og denne månaden har det blitt litt farting i fantasiverda...
Storbritania, Irland, Island, Australia, USA og Italia.
Favorittperson
Eg kan herved røpe at favorittpersonen min denne månaden er ei jente. Og denne jenta er i frå eit av landa ovanfor her. Faktisk er det fleire jenter. Elisabeth Bennet, Luciana (frå Botticellis hemmelighet) og Camille. (frå åpne sår). Og kanskje òg Grania i jenta på klippen og Jane Bennet og Aurora frå jenta på klippen. Det går ikkje an å bestemme seg.
Bøker eg ikkje fekk lese
Ingen, takk & pris.
Mål vidare
Dette er mine mål vidare. Bare tre bøker? Ja, det er august, min fødselsdagsmånadad, og ein månad for skulestart og TMF. Me får sjå.
Ja, dette er mine lesemål for netse månad. Og nå skal eg ete middag som litlesøster har laga. O, lykke!
Du har jo lest kjempemasse da:) Flink du er, Mai Lene:)
SvarSlett