lørdag 28. juli 2012

bok: fruen av Saronno av Marina Fiorato


Fruen av Saronno er en vakker og underholdende historie om kjærlighet og kunst fra 1500-tallets Italia.
Bernardino Luini, elev av Leonardo da Vinci, får i oppdrag å male en religiøs freske i en landsbykirke i Lombardias åser. Der blir han trollbundet av Simonetta di Saronno, en ung adelskvinne som har mistet sin ektemann i strid og som sitter igjen med en skrantende formue. I en av kirkens fresker udødeliggjør maleren Simonettas skjønnhet og sorg i Jomfru Marias skikkelse. De forelsker seg mens hun sitter modell for kunstneren, men kjærligheten mellom dem får uante følger da skandalen er et brutalt faktum. Det handler ikke lenger bare om dem.
Hvem er den mystiske jøden med gullhånden? Og hvordan kan en stum, ung soldat ha innvirkning på Simonettas liv? Simonetta viser at hennes kreativitet kan måle seg med Bernardinos ved å skape en drikk for sin elsker av den eneste kapitalen hun har igjen – mandler. Den berømte Amaretto di Saronno. Hun har reddet formuen, men lar kjærligheten seg redde?
Då det var mammutsal dette året, kjøpte eg blant anna to bøker av Fiorato, ein italiensk-engelsk forfattar, som skriv ekstremt gode bøker frå den italienske historia. Eit godt talent for skriving som kjem fram til det fulle i bøkene hennar. 


Likevel var denne boka meirs skuffande enn dei to andre eg har lese. I alle fall i forhold til Botticellis hemmelighet, som eg òg las denne månaden. Mens Botticellis hemmelighet var spennande, romantisk og romma alt eg hadde håpa på, i tillegg til ein svært spennande hovudperson, var fruen av Saronno mest bygga på romantikk, og det var ikkje noko toppunkt der boka tok seg skikkelig opp.


Boka byrjar med at Simonetta di Saronno, sørgande enke med ein formue som står for fall, sit ved vindauget og sørgjer over sin døde ektemann, Lorenzo, som døydde i krig. Simonetta er knust over tapet, i tillegg til den dårlige økonomien han har etterlatt seg.


I mellomtida byrjar Bernardino Luini med freskene i kyrkja Simonetta går til for å be for Lorenzo etter han er død, men etter krigen distanserer ho seg meir frå Guden ho trur på, og i eit siste desperat forsøk på å få ein betre økonomi, seier ho seg villig til å sitje modell for Bernardino. Dei første dagane held dei ein kald tone, og Simonetta forstår ikkje Bernardinos tvil på at det eksisterer ein Gud, sjølv om det er den tvilen som byggjer opp under hennar manglande fråver i kyrkja dei neste månadane. 


Etterkvart som kunstnaren og modellen blir betre venner, og byrjar å betru seg til kvarandre, utviklar det seg eit type forhold, som ingen av dei er forberedt på. I feil augeblink oppdagar ein person som er tru mot Lorenzo di Saronno forholdet deira, og Bernardino fryktar for livet. 


I mens, i Pavia dukkar ein "vildmann" opp i skogane, og det er Amaria og hennar bestemor som finn han. Han er stum og hugsar ikkje noko av det som har hendt, men etterkvart som det går betre med han, og han byrjar å hugse, kjem det fram ting som ikkje bare kan påverke livet hans, men òg andres. 


Når Bernardino flyktar, har ikkje Simonetta lenger noko intekt, og ho får hjelp av ein resten av byen hatar og fryktar, ein mann som er bannlyst på grunn av sin religion. Hatet til jødane i Italia kjem tydelig fram i boka, men Simonetta oppdagar ei ny side av denne religionen, og med hjelpa til jøden greier ho å byggje opp formuen sin, gjennom ein brennevin laga av mandler. 


Å lese skjønnlitterære bøker frå Italia på 14, 15 - og 1600-talet er spennande og lærerikt. Du får eit innblikk av konfliktane mellom dei forskjellige religionane, og religion hadde ei heilt anna tydning då enn det det har nå. Jødehatet var langt større, og noko av det mest interessante var det religiøse i boka. 


Eg elsker kunst, og særleg kunst frå renessansen. Likevel var Bernardino Luini ukjent for meg, og forklaringa fekk eg i slutten av boka. Nokre av måleria hans var så storslagne at mange første trudde Leonardo Da Vinci, Luinis lærar og meister i delar av livet, hadde måla noko av det Luini eigentlig hadde måla, og derfor er Luini lite kjent for sine store målarverk. Viss du går innpå wikipedia på norsk og søker på namnet, kjem det bare opp nokre få setningar om målaren. Likvel er han nok meir kjent nå enn for nokre hundre år sidan, for nå er mange av måleria indentifisert som hans. 
På meg verka målaren egoistisk og ein som likte seg sjølv godt. Det kom godt fram i boka at Bernardino av og til måla Jesus' ansikt som sitt eige. Det var positivt at karakterane ikkje var stereotype, og at dei alle hadde ein sjanse til å bli betre menneske.

I motsetning til i Botticellis hemmelighet, er synsvinkelen i denne boka autoral, mens i Botticellis hemmelighet blei alt fortalt av Luciana i første person. Den autorale synsvinkelen var ei svært godt trekk av forfattaren, og han passa godt til handlinga i boka.

Likevel, som eg skreiv her oppe, var det ikkje noko toppunkt i historia, og det meste av handlinga var bassert på romantikk. Til og med kunsten bleikna, og skildringane var betre i Botticellis hemmelighet. Eg kjente aldri at eg vart redd for hovudpersonane, og konfliktane var små til å vere i ei bok. Kjærleiken var alt i boka, noko som iriterte meg.

Ei bok skal byggjast på noko meir enn kjærleik synes eg, eller så skal det vere eit toppunkt i historia. KLIMAKS! Det er det eg vil ha. Kjærleik er ein god ingrediens i bøker gode som kaker, men ei kake kan ikkje bare bli til av ein ingrediens.

Boka bleikna veldig i forhold til dei andre av Fiorato, og litt skuffa var eg etter endt lesing. Eg håpar nå på at Sienas datter er betre, og at det er meir spenning i boka, og at forfattaren har forstått det med ingrediensane.

2 kommentarer:

  1. Fruen av Saronno er en fin bok, men jeg er enig med deg at det kanskje ikke er den beste til denne forfatteren :-)

    SvarSlett
  2. Høres ut som en fin bok, fikk lyst til å lese den:)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten