torsdag 26. juli 2012

bok: tilbake til Tall Oaks av Kathleen Grissom

Når en hvit slavejente bryter plantasjens uskrevne regler, utløser hun en tragedie som får frem både det beste og det verste i menneskene hun har begynt å kalle sin familie. 

Syv år gamle Lavinia blir foreldreløs under overfarten fra Irland til Amerika. Kapteinen tar henne med hjem til tobakksplantasjen han eier i Tall Oaks i Virginia, der hun skal bo og arbeide sammen med slavene. Lavinia blir tatt vare på av Belle, som er kapteinens uekte datter. Hun knytter sterke bånd til sin nye familie, selv om hun skiller seg ut fra de andre med sin hvite hud.

En dag får Lavinia beskjed om å flytte inn i herskapshuset og bli en del av kapteinens familie. Men bak den fine fasaden er forholdene alt annet enn trivelige, herren i huset er fraværende og hans elskerinne avhengig av opium. Lavinia føler seg fanget mellom to verdener. Den dagen hennes lojalitet settes på prøve og hun tvinges til å velge side, kommer betente hemmeligheter og farlige sannheter frem i lyset – og liv blir satt i fare.
Første gong eg såg denne og las bakpå, tenkte eg at dette var "mi" bok. Litt nøling blei det før eg kjøpte henne, men sist fredag på Jørpeland blei det handling, og på søndag starta lesinga. For det første må eg bare seie at dette var ei bok eg hadde sett skikkelig fram til, og forventningane blei innfridde. Den andre tingen er at bøker i frå slavetida i USA skal definitivt lesast meir.

Lavinia blir foreldrelaus på eit skip, bare sju år gammal, og det er kapteinen som må ta henne med seg heim. Det er Belle i kjøkkenhhuset som får jobben med å ta seg av henne, og Lavinia får kjenne korleis det er å ha ein familie rundt seg. Mamma Mae og Pappa George og deira barn blir Lavinias adoptivfamilie, og saman går dei framida i møte.

Dei neste månadane og åra skjer det store omveltningar, og frykta for å bli drepne er stor. Dei lev i konstant fare, og eit einaste feiltal kan gjere at dei må bøte med livet.

I byrjinga kan den verke litt lite fengande, men det tar seg skikkelig opp, og på eit vist punkt var i alle fall eg tapt, og etter det kunne eg aldri ha avslutta utan å vite korleis det gjekk. Boka er utrulig godt skriven, og ho kan fenge deg meir enn dei fleste andre bøker. Samstundes er det eit veldig lett og forståelig språk, veldig enkelt utan at det blir for enkelt.

Personane var ikkje stereotype. Langt i frå. Dei fleste av dei hadde ei dårlig side og ei god side, og me blei kjent med begge sider, og det er noko av det eg liker best ved bøker, når dei greier å gi eit perspektiv av noko verkeleg, sjølv om det bare er skjønnlieratur.

Å komme inn i eit samfunn som dette, ein stad der tenarar blir behandla som drit og det finnes slavar er midlt sagt sjokkerande. Fleire gonger sat eg med tårer i auga, og eg var òg svært sint nokre gonger, på grunn av den fæle måten dei blei behandla på. Historia om miss Martha og om Marshall er òg veldig interessante og noko av det eg likte best ved boka.

Omslaget på boka var bare NYDELIG, men òg litt truande, for du forstår at her er det noko meir bak enn bare det som er der.

2 kommentarer:

  1. Eg begynte på denne boka, men kom ikkje skikkelig inni den, og den vart lagt vekk. Virker som ei fin bok, men tida strekk ikkje til for bøker som ikkje funka første gongen. Alle kan uansett ikkje like dei same bøkene;-)

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje lest den, men synest også slavetida er spennande å lese om. Sist sommar las eg ei bok som heitte Røtter(Roots) av Alex Haley, den handla om slavetida. Her følger du slekta frå overfaten til Amerika og heilt fram til forfattaren sjølv. Så forfattaren har altså skrive om si eiga slekt. Denne boka likte eg utruleg godt! :)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten