tirsdag 22. mars 2011

Livet mitt er ikkje bare bøker


Sjølv om dette eigentlig skal vere ein blogg om bøker så vil eg fortelje litt om det som skjer rundt meg nå for tida. Aller først kan eg vel starte med den konge revyen me skal ha på Tryggheim ungdomsskule der eg skal vere ein av tre engelskmenn og snakke skikkelig "pent." Eg skal faktisk vere leiar over dei andre negelskmennene. Me skal vere med å bygge eit stort tårn og me som er engelske skal kome inn til sangen til "to have a teaparty" av the Wiggles. Babbel i Babel heiter revyen. Det er premiere på Tryggeheim vgs i møtesalen onsdag 6. april klokka 19.00. Eg har ikkje fått øvd så mykje på rolla ennå på grunn av veldig dårlig hals og litt dårlig helse. Men det bedrar seg nok. Det får e ghåpe, og til 11. april så må den vere på topp; då skal eg på audition til Unge spor og eg gler meg så mykje! Og gruar meg litt. Eg har så lyst å kome inn i Unge Spor som ein av dansarane! Kryss fingrane folkens! :D

Mai Lene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...