lørdag 19. mars 2011

valg 1. scene i kapittel ein, mi forteljing #1

Dette er første scene i ei forteljing som eg skriv sjølv om det er aknskje den beste starten eg har fått til på år og dag!


Eg sparkar hardt i frå med den eine skien, og kjenner den går opp litt bak meg. Eg kjem ennå ein meter fram og stakar samstundes frå med armane så mykje eg kan, før eg begynner å ta vanlige tak. Lufta er kald og kjølig mot andletet mitt og dei siste restane av sola for denne dagen har gått bak ein av dei høgaste haugane. Horisonten begynner så smått om senn å bli raudare og eg forstår at eg går min siste fem-kilometer på lenge på ski. Bak meg høyrer eg raske og effektive tak i takt med ski som heile tida sklir over bakken.
«Skal seie du går fort,» seier Joakim, når han kjem opp på sida av meg. Eg svarar ikkje, og bare går vidare. Eg skal nyte den siste runden på ski. Den siste på fleire månadar.
«Trur du ikkje det er på tide å komme oss heim etter denne runden Elisabeth?» spør han i eit forsøk på å få meg til å snakke med han igjen.
«Jo då,» mumlar eg sjølv som om eg aldri har tenkt tanken sjølv.
Eg veit så alt for godt at eg er litt frekk med han, særleg sidan det er vår siste skitur på veldig lang, lang tid. Eg rundar av ein sving og går ut av løypa for å signalisere til Joakim at han kan få renne ut utfor bakken først. Han tar hintet og smiler til meg, før han suser ned bakken. Ryggen og knea er bøygde og stavane står rett ut bak han. Dei lange beina ser mykje kortare ut når han suser utfor bakken sånn som no. Eg veit at om ei lita stund vil han reise seg opp i sin fulle høgde og vinke til meg med dei store hendene, for å signalisere at nå kan eg kjøre ned bakken. Han vil smile beroligande for å liksom seie «dette går bra Elisabeth.» Dei lange beina vil snuble ut til kanten av løypa, og armane vil flagre vilt når han prøver å halde balansen.
Eg legg all vekta på overkroppen framover og stakar i frå, før eg kjører nedover bakken som ein vind. Alt suser forbi og, og fargane glir inn i kvarandre så det er umulig å sjå kva som er kva. Eg kjenner lufttrykket presse mot ansiktet og håret flagre bakover i vinden. Kunne eg bare gjort dette der òg. Suse nedover bakkane mens alt eg uroar meg for blir gløymt. Eg rettar opp kroppen min ettersom farten tar litt av. Håret bles i vegen for auga og ei lita stund er alt eg kan sjå noko blondt og langt. Eg er langt i frå og kome så langt ned i bakken som Joakim, men etter litt staking så ser eg kroppen hans rage over meg. Det kvite Stormberg-merket på brystet hans lyser nesten mot den svarte bakgrunnen, og eg ser rett på det fordi han er så mykje høgare enn meg.
Eg snur meg litt vekk og held fram med å gå raskt bortover løypa som er kjørt opp. Det luggar litt i skia, men eg merkar det nesten ikkje. Kor tid vil eg neste gong kjenne denne herlige kjensla som når eg går på ski? Det er eit spørsmål som eg har stilt meg sjølv etter eg tok det valget eg tok. Det var så mykje som gjorde det vanskelig. Som for eksempel at eg ikkje veit kor tid eg vil få sjå Ingrid igjen...eller mor...eller Per Andreas. Kvifor må det vere så mange konsekvensar med kvart einaste stort valg ein tar i livet? Kvifor må det alltid vere så mykje me må gi slepp på når me får så mykje anna? Då eg spurte mor for nokre veker sidan sa ho berre «kvar gong det blir lukka ei dør blir det opna eit vindauge.» Det er eit sitat eg har høyrt så mange gonger før, men nesten aldri forstått tydinga av før nå.
Eg kjenner det begynner å svi i auga når eg tenker på det og det er nesten sånn at tårene drypper. Men bare nesten. Eg vil ikkje at Joakim skal få eit inntrykk av at eg angrar på valget mitt eit einaste minutt. Det er han som har sagt at eg ikkje kjem til å halde på det. At det er bare noko eg vil i ein fase av livet, og så snart kome tilbake. Og bare fordi eg er så sta og han trur så mykje på det han seier har eg bestemt meg for at denne gongen vinn eg. Eg skal gjere det.
Det tar bare nokre minutt å få skia inn i bilen og sette seg inn i skinnseta. Bilen er den beste duppedingsen Joakim har eigd i heile sitt liv og er alltid blankpolert. Han sender rattet og setene og giret eit blikk fullt av kjærleik før han vrir om nøkkelen og motoren startar.
Me kjører i stille ei lang stund. Eg ser bare på hendene hans som held eit fast grep om rattet og snur bilen sjølvsikkert nedover vegane. Det humpar og ristar litt og vegane snor seg som ein orm nedover. Det er eit snøparadis det kjører gjennom. Som om det skulle ha kome i frå eit eventyr eller fantasien min. Greinene bøyer seg av vekta av snøen som ligg oppå. Mykje av snøen har glidd nedover stammen, som er dekka av rim, og ned til bakken til ein stor snøhaug. Gjenskinet i frå sola glitrar som små perler i snøen. Det kjem nesten tårer i auga mine når eg tenker på kor lang tid det vil gå før eg neste gong får oppleve dette. Sola som neste er bak fjellet, men likevel lagar så flotte fargar i snøen når den skin på den, greinene som held på å knekke av vekta... Alt er sånn det skal vere akkurat no. Alt.
Eg ser ut av vindauge. Andletet mitt speiler seg i glaset. Det har dogga så det er ei lita hinne over. Eg tar opp peikefingeren og skriv «I <3>av Mai Lene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...