lørdag 3. september 2011

Bok: grenseløs kjærlighet av Simone Elkeles


Carlos er ikkje særlig fornøgd. Først blir han tvinga tilbake til USA og der finn han ut at han må bu hjå læraren sin! Han er sur på alt mogleg, innkludert storebroren sin Alex og kjærasten Brittany. Og Kiara, lærarens dotter, som alltid må vere ein besserwisser, men han er totalt uforberedt  på kva denne jenta kan gjere. Det er ikkje alltid at dei som er likast går best saman.

Veldig bra bok sjølv om den ikkje når heilt opp til einaren. Av og til tar eg meg sjølv i å tru at Carlos er Alex sidan dei er så like. Det er både spennande og kjekk bok, men kanskje ikkje heilt som den første. Det er ikkje sånn at sit klistra til boka og er livredd for kva som kjem til å skje sånn som med Perfekt kjemi. 


Innleiinga var eigenlig veldig dårlig og eg fekk aldri eit klart inntrykk av korleis Kiara var sjølv om ho er ein av hovudpersonane, men alt tar seg inn etter kvart. Det er spennande å lese om korleis Carlos synes det er å kome til USA igjen og alt det andre. Og heile tida er det ein solid dose humor (mykje pervers fjortishumor).

Midtdelen blei bare betre og betre og eg elska og lese om då Kiara la sjokolade-cookies i skapet til Carlos og då Carlos fikla med koden til Kiara. Her er det i alle fall ikkje kjærleik ved første blikk og denne delen av boka er faktisk meir realistisk enn den førre (men eg likte den førre betre, ikkje spør meg kvifor).

Avslutninga var òg veldig bra, men eg vil ikkje seie for mykje her fordi det kan røpe litt.

Omslaget beskriver kanskje boka, men eg synes det er idiotisk. Dei kunne funne eit som passar litt betre, men likevel beskrivar boka. I tillegg er originaltittelen mykje betre og hadde vore morosommare på boka og kanskje trukke til seg litt fleire lesarar.

Mai Lene


tittel: Grenseløs kjærlighet
orig. tittel: Rules of attraction
forfattar: Simone Elkeles
utgivningsår: 2011
forlag: Gyldendal
sider: litt over 330
Baksidetekst:
Etterlengtet oppfølger til den fantastiske kjærlighetsromanen Perfekt kjemi - en moderne Romeo og Julie - historie om umulig og forbudt kjærlighet.

Da Carlos Fuentes kommer tilbake til USA etter et år i Mexico, er han ikke særlig happy over det opplegget storebror Alex har fikset for ham: High school i kjedelige Boulder, Colordado, og hybel ho en av lærerne. Carlos er vant til å klare seg selv og gå sine egne veier - akkurat sånn som Alex før i tiden. Fest og dop og damer - det er sånn Carlos liker det. Han er totalt uforberedt på følelsene som oppstår for lærerens datter Kiara, ei jente som er helt annerledes enn de jentene han pleier å være sammen med. Kiara oppfører seg som om hun tror hun er mye bedre enn ham, og klarer ikke å skjule hvor mye hun missliker ham. Men hjertet går sine egne veier, og det er ikke alltid sant at like barn leker best. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...