lørdag 10. september 2011

kor går grensa?

Mange er uenige om kor grensa går for kva du legg ut på bloggen og ikkje. Eg veit kor mi grense går. Eg kjem aldri til å skrive om kva eg gjer til kvar eit tid, eg kjem aldri til å fortelje kor eg bur og kor eg er på ferie. (i alle fall ikkje før eg har vore der) Eg kjem aldri til å leggje ut bilete av meg sjølv som eg synes er pinlige eller som avslører alt for mykje om kven eg er. Eg kjem ikkje til å seie namnet på vennene mine viss dei ikkje har gitt meg lov og eg kjem heller aldri til å leggje ut bilete som er av andre enn meg sjølv utan at eg har fått lov. Eg kjem ikkje til å fortelje dei mest personlige tinga om meg sjølv og mine tankar. Eg vil verne mitt og familiens og vennanes privatliv. Eg kjem ikkje til å fortelje det med ein gong eg har fått meg ein ny venn, eg er uvenn med nokon (noko som er veldig sjelden) eller viss eg får meg kjærast. (i alle fall ikkje med ein gong) Eg veit kor mi grense går. Veit du?

Litt kaldt på rommet så eg har tatt rundt meg eit stort og godt teppe nå.
Mai Lene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten