tirsdag 17. januar 2012

topp ti bokomslag


Nå har eg vore innpå the broke and the bookish  sine nettsider og funne ei topp ti liste over noko og eg valte meg i dag bokomslag. For å kunne vise dykk kva bokomslag det er, kjem det eit bilete på kvart punkt.

1. Matched: Cassias valg Dette må vere eit av dei finaste bokomslaga eg veit om. Sjølv om det ikkje gjer så mykje ut av seg, så fortel det veldig mykje om kor innestengt og aleine Cassia føler seg i denne boka, kor lukka alt er. I tillegg er det perfekt med den grøne kjolen ho hadde på seg i boka på ein bankett, for på den banketten blei hennar framtid bestemt, og det får ho sjølv ikkje lov til å gripe inn i. For folk som ikkje har lese denne boka, er kanskje ikkje omslaget så mykje, for det er verken veldig mange detaljar, fargar eller noko sånt. Dette er eit omslag med meining og som dei har gjort heilt rett i å bruke på denne boka. All ære til den personen som har laga dette. Eg elsker det!
2. Heaven Sjølv om eg ikkje var så veldig fornøgd med sjølve innhaldet i boka og handlinga, elsker eg omslaget. Det er mystisk og magisk og sjølve tittelen passar veldig bra inn midt i den bogeopninga eller porten midt på bilete. Den blålilla himmelen og skimtet me får av byen bak på bilete er prikken over i-en, og månen er bra tegna, sjølv om han er veldig stor, men det er med på å skape magien. Sjølv om Harry Potter-serien kanskje har vore min yndligsserie lenge, kan omslaga ikkje konkurrere med dette. Dette slår twilight-serien, Gwendolyn-serien og Nelias-serien ned i støvlane. Her er det ekte magi!


3. Himmelen begynner her Fantastisk og nydelig med alle detaljane på blomane og alle fuglane som flyg rundt omkring. Å teikne eit hus midt i gjer at forfattaren minskar inntrykket av roser og roser og atter roser og det blir ikkje for mykje, men likevel kjempefint.
4. tilbake til Riverton Mystikken og spenninga i boka passar saman med omslaget og eg førestiller meg at dette er porten inn til hagen på Riverton. Ikkje hovudporten, men ein litt på sida som ligg innpå eiendommen igjen. Kanskje ein av Hannah og Emmelin og David sine hemmelige stader?
5. Bumerang Dette omslaget minner meg meir enn noko anna på eit omslag som kan vekke sommarfølelse hjå nesten kven som helst. Når eg ser det, kjem eg på kor kjekt det er å springe ned på ei brygge og hoppe i vatnet. Det spesielle lyset  og fargen er med på å gjere dette omslaget spesielt.
6. hjemkomsten Dette omslaget er med på å gi det første inntrykket av småbyen Grananda der mykje av handlinga foregår. Flott lys og fin kontrast med dei to palmene som stikk ut på sida. Pesonane og stolane midt på gir òg ein fin kontrast.
7. søstrene Boleyn Eg førestill meg at jenta på bilete er Mary Boleyn som kanskje ser seg stolen rundt etter Anne for å sjå om ho følger med. Grunnen til at eg liker dette så godt er kjolen og den mystikken som ligg bak bilete.
8. Brødrene løvehjerte Dette er eit kjent og kjært omslag for mange med dei to gutane som sit på brua midt i og den blålige fargen rundt. Magisk med dei kvite blomane som kjem ut i frå sida. Eg er sikker på at dette må vere det Nangijala dei beskriv før alt det vonde kjem og øydelegger. Fiskestonga er ein liten deltaj, men er med på å gjere sit og visar litt om kor koselig og rolig bilete er.
9. Saras nøkkel Lyst øverst, mørke skyer nederst. Veldig fint, men eg greier ikkje å beskrive kvifor eg liker det så godt.
10. forførende ondskap Eit omslag som gjer at du får lyst til å plukke opp boka å lese. Passar godt til tittelen og er med på å gi ekstra spenning til den.

1 kommentar:

  1. Hurra, Heaven måtte jeg lese, og det var jo bokomslaget som fanget oppmerksomheta mi! ;)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...