tirsdag 14. februar 2012

Bok: en svunnen tid av Kate Morton

"Det begynte med et brev. Et bred som hadde vært borte lenge, som lå og ventet et halct århundre i en glemt postsekk på det mørke loftet i et helt alminnelig hus i Bermondsey..."
Edie Burchill og hennes mor har aldri stått hverandre nær. Da et bortkommet brev ankommer femti år for sent, begynner Edie å mistenke at moren har en hemmelighet som kan forklare hvofor. Returadressen på brevet lyder Milderhurst slott, Kent - og nettopp her begyner Edie utforskningen av morens fortid. 
Ved å kjøre arbeidsgivaren, ein forlagsdrivar, sin bil ender Edie tilfeldig opp ved Milderhurst slott, som mora har nevnt i forbindelse med noko ho fortalte i frå fortida. Edie har lyst til å vite om mora si framtid og korleis ho kom til Milderhurst for så mange år sidan, og nå har ho sjansen

På Milderhurst bur tre gamle søstre, eit par tvillingar Percy og Daffy Blythe, og deira mange år yngre litlesøster, Juniper Blythe. Desse tre søstrene bærer veldig mykje av historia i boka og er viktige roller i fortida til Merredith Burchill, Edies mor.

Boka var litt treig byrjinga og kanskje ut dei femti første sidene, utan at eg veit kvifor eg syntes det, og eg skal ærlig innrømme, at ei lita stund vurderte eg å legge henne i frå meg. Likevel er eg litt for sta til det, og sidan det var Kate Morton, sidan det var gode omtalar av boka andre stader og sidan eg har gleda meg til å lese en svunnen tid kjempelenge nå, så las eg ho ferdig.
OG EG HAR IKKJE ANGRA!

Den fengar, og eg gjekk så inn i boka at eg kjente det veldig kvar gong noko gale skjedde med ein person og eg kunne lik så godt ha stått rett på sida av dei det handla om, for alt var så verkeleg. Edie, hovudpersonen, likte eg veldig godt, men mest fascinerte dei tre søstrene på slottet meg. Det var vel mykje av meininga, men eg trur det var meininga at Juniper skulle fascinere mest, men eg blei mest opptatt av Saffy, den svake delen av tvillingane. Percy, som var bestemt, streng og ikkje like fantasifull, hadde eit grep om tvillingen, noko som gjorde meg interessert.

For kvart ord, setning og avsnitt du les etter hundre sider kan du sjå for deg alt. Dette er mysteriet om ei mors fortid, opphavet til ei forteljing, familien på eit slott og ein gammal kjærastehistorie, som ikkje vare fengar, men FENGSLAR. Hendene mine kunne nesten vore limt til boka og sidene.

Eg vil bare ta med eit sitat i frå boka til slutt.
"Vennligst vær klar over at her i huset er det ingen mismodige tanker og mulighetene for nederlag interesserer oss ikke. De eksisterer ikke."
Frå Churchills dør

Syntes det var stilig. Det står i boka at dette skiltet hang på statsminister Winston Churchill si dør  under 2. verdskrig. Ganske stilig og for ei holdning. Eg likte det veldig godt eg.

Ha ei fin veke vidare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...