mandag 6. februar 2012

bok/novellesamling: en aften på Kreta og andre fortellinger av Victoria Hislop

Nå er eg akkurart ferdig med ei samling forteljingar/noveller av Victoria Hislop i denne storslåtte samlinga. Sjølv om dette ikkje er, som dei andre bøkene, ein lang roman på over tre hundre sider, er det bra skrive og utrulig kva ho har klart. Eg las denne boka ferdig på litt over ein halv time, 143 sider, og det går fort. Eg slurva absolutt ikkje, men koste meg veldig med alle forteljingane i boka, som var både morosamme, litt moralske, fine, romantiske og lærerike.

Eg vil anbefale alle, om dei kanskje ikkje er interessert i alle, at dei les varmeste julen noensinne og flammer i Athen i tillegg til den ekslusive smakebiten i frå Hislops neste roman, tråden. Bare smakebiten gidde meg gåsehud og eg kan nesten ikkje vente til boka kjem ut. Plutselig var august fryktelig langt borte for meg.

En aften på Kreta er ei bok alle som har lese hjemkomsten og øya bør lese. Det er den same stemninga, dei same øyene og det same mønsteret i handlinga som foregår i desse små forteljingane som foregår på Kreta, Kypros og London, som i dei to andre bøkene.

Denne boka anbefales på det sterkaste til å lese ein kveld du treng litt underhaldning. Rask å lese viss du les heile på ein gong, men eg skulle på ein måte ønske at eg hadde nok lånetid på boka til å kunne lese ein del om gongen, men viss de vil, er eg sikker på at litt om gongen hadde vore kjempefint. Akkurat som ein dessert du elsker og vil skal vare for evig, så du et rolig, seint og nyter kvar bit.

Og så ein liten anbefaling om blogg. Tryggheim skulebibliotek har fått seg blogg der dei legg ut omtalar av bøker frå biblioteket. Fine og gode omtalar og verdt å ta ein kikk på, sjølv om sidene på bloggen er berekna på elevar på Tryggheim evt. lærarar. Gå her, så finn du bloggen.

Så minnar eg nok ein gong om giveaway. Gå her for å melde deg på, så vinn du kanskje naken i hijab eller din godhet. Sponsa av Libris.


4 kommentarer:

  1. Fin anmeldelse:-)Jeg likte også denne novellesamlingen veldig godt og selvfølgelig også smakebiten på "Tråden" som kommer på sensommeren. Har lest hjemkomsten og har Øya ulest i bokhyllen, den skal leses før den nye kommer defintivt!

    SvarSlett
  2. Har denne på leselista mi:) Fin omtale:) Har lest øya, og gleder meg veldig til hun kommer med ny bok:)

    SvarSlett
  3. Jeg synes En aften på Kreta er en bok under middels. Språket er til tider svært dårlig, i beste fall platt og uten dybde.
    I tillegg synes jeg det er frekt at utdraget av den kommende boken utgjøre nesten en tredjedel av novellesamlingen.

    Sorry.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, tråden tar alt for mykje plass, det syntes eg òg. Og språket er ikkje like bra overalt, men elles syntes eg det var ei bra novellesamling, men alle har forekjellige meiningar om kva som er bra og ikkje bra. =)

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten