lørdag 25. februar 2012

strøtankar på ein laurdag

Ein litt ny post eg vil prøve meg på heilt sjølv. Eg tenker til vanlig ganske mykje på ting om bøker og personane i bøkene og handlingane. Kanskje fordi eg sjølv ein dag vil skrive bøker. Derfor tenkte eg at eg skulle strø litt av tankane på bloggen, og dermed blir det strøtankar. Så her er første innlegg.

Harry Potter
Kven kjenner ikkje igjen dette velkjente ansiktet. Til og med eg, FØR eg byrja i 3. klasse og ikkje brydde meg døyten om Harry Potter visste at han her, han var ein fyr som heite Harry Potter. Sjølvsagt visste eg jo ikkje kva det handla om, men eg visste at det var poplulært, og kvifor det var populært, sei det.

Eg har nokre små teoriar om kvifor verda elskar Harry Potter. Nokre små tankar.

For det første, viss me hadde tatt vekk all magi i frå dette her, alt som heite magi, hadde Harry Potter vore ein vanlig gut som hata lekser, misslikte nokre lærarar og likte nokre andre. Han hadde gått på ein av Englands populære skular og hadde hatt venner og uvenner. Sånn som nå. Einaste litt uvanlig viss me hadde tatt vekk magien hadde vore møta med Humlesnurr og det at han ikkje liker sommarferiar, men alle hovudpersonar har jo sine særtrekk.

Bare det, at midt inni det kaotiske livet han lever på Galtvort, at forfattaren då kan ta fram ein liten konflikt som lekser, der han og Ronny sit og skal føre draumedagbok for ein eksentrisk og drøymande professor, og i tillegg gjer dette med humor, gjer at me kan verkeleg kjenne oss igjen. På tross av mykje magi, på tross av at han har eit lynarr i panna og er "the chosen one" så går det an å kjenne seg igjen.

Rumpeldunk for eksempel er eit glimrande eksempel. I vår verd har me fotball, og kva har dei som underhaldning der? Rumpeldunk. Forfattaren erstattar ting. I andre fantasy-seriar er det for mykje fantasy, for lite av det meir kvardagslige som skule, lekser og vanlig underhaldning som me kan kjenne oss igjen i. I tillegg er det dette med fritid og lekser og at det er fleire organisasjonar på Galtvort som elevar kan vere med i.

Det å kjenne seg igjen i ein person som Harry Potter må heilt klart ha hatt ei stor rolle å spele i at dette blei populært og den tørre humoren om alle gompetinga. Ting som me synes er normalt er for trollmenn unormalt, og J. K. Rowling beskriv det på ein humoristisk måte. Som til dømes at Ronny synes det er morosamt at det går an å gå på to trefliser, det er det han kallar det når Hermine skal stå på ski i juleferien. Slike ting kan ha mykje med popularitet å gjere spør du meg.

Og derfor elskar eg òg Harry Potter - serien. Beste fantasy-serien som er laga spør du meg.

2 kommentarer:

  1. kjempe bra skreve Mai Lene <3

    SvarSlett
  2. Fint skrevet, =) Jeg elsker Harry Potter, han er en stor del av barndommen min, =)

    PS! Jeg har en giveaway på bloggen min, premien er at man får velge to bøker eller to filmer eller en tv serie. du kan også velge en kombinasjon.
    http://secrprivilege.blogspot.com/2012/02/giveaway-1-book-of-your-choice.html

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten