torsdag 4. juli 2013

Sjølvevaluering: Elleve ting eg kan bli betre på

Sjølvevaluering er alltid ei morosam greie. Dei som skal evaluere seg sjølv kan vere skikkeleg dårlege av og til. Eg er av og til svært dårleg på sjølvevaluering, men eg skal prøve å vere 100% ærleg med meg sjølv og dykk. Eg hadde tenkt å dele det, for då blir det litt meir press enn viss eg berre skriv ei liste eg lagrar på Mac'en og så gløymer.

Her er mi liste:
Dette er ein av omtalane eg har reflektert mest i,
ogsom eg liker best. Gjerne fleire slike frå mi side

1. Skrive betre og meir grundige omtalar
Nokre omtalar er veldig korte i forhold til de kunne vore. Det einaste som er med dei er eit handlingsreferat. Dei beste omtalane eg har laga er dei lengste, for der er det fleire refleksjonar. Nokre blir superkorte, og eit mål kan vere å skrive omtalar, når eg føler for det, og ikkje fordi eg må. Å føle at ein lage ein omtale gjer ikkje at omtalen blir betre. Tvert om. Nokre bøker har eg berre droppa å lage omtalar av.

2. Vere flinkare til å utdjupe og reflektere
Dette går litt under den forrige, men det går òg på å vere meir subjektiv og ikkje berre skrive om meg og at eg syntes det var fengande. Skrive endå meir om kvifor det er bra språk og kvifor eg vart fenga. Av og til trur eg at eg skriv for mykje om kjensla ein får av å lese boka og ikkje dei litterære kvalitetane boka har, eventuelt dei kvalitetane boka ikkje har. Refleksjon er òg viktig, slik som eg gjorde i omtalen min av Den femte årstiden av Mons Kallentoft. Bilete på sida av her er frå den otmalen, og viss de trykker på det kan de lese meir (og skrifta blir større)

3. Sjå betre over innlegga mine før eg legg dei ut
Dette er ikkje alltid heilt oppdatert
Av og til i ettertid, når eg les eldre innlegg, ser eg mange skrivefeil, fordi eg har gløymt å sjå over. Kommafeil, nynorskfeil og tastefeil går veldig igjen, og eg plar av og til å bli flau over meg sjølv, når eg les tidlegare innlegg. Somme gonger lurer eg på korleis folk kan forstå det eg har skrive.

4. Bli betre til å oppdatere
Av og til kan det gå ei æve frå eg har lese ei bok og omtalt henne, til eg legg det ut i mergen og på sida over bøker eg har lese. Nokre gonger gløymer eg å oppdatere kva bok eg les, sjølv om eg har skrive innlegg om den forrige boka eg las, og eg har òg gløymt å oppdatere i mergen kor mange pengar det blir gitt til den veldedige organisasjonen eg støttar. For kvar bok eg les, går det fem kroner til ein veldedig organisasjon. Eg har dessverre ikkje funne ut kvifor ein endå, men truleg ein kristen. Kanskje Åpne Dører, Kirkens Nødhjelp eller noko slikt.

5. Svare på kommentarar
Eg har vore skikkeleg dårleg på å svare dykk på kommentarar. Nokre gonger har eg for dårleg tid, men det tek ikkje utruleg lang tid å svare dykk på kommentarane. Det gjer det ikkje, og det bør eg bli betre på.

6. Kor kjem bøkene frå?
Eg bør bli betre til å skrive i bokomtalane mine kor eg har fått boka, og særleg viss det er eit leseeksemplar eg sjølv har hatt lyst til å omtale, for då fortener forlaget ein stor takk! Det er kanskje òg ein ide å skrive om boka er lånt, kjøpt eller tilsendt.

7. Skrive meir om forfattarane
Av og til, når eg skriver innlegg, har eg ingenting med om forfattaren. Eg veit ikkje kor mykje de bryr dykk om å lese om forfattaren, men det er i alle fall ein måte å vise fram personen bak boka på, fordi forfattaren har gjort ein stor jobb med boka. Berre det å bli utgitt på eit forlag er ein stor bragd, og det er mange kvart år som ikkje får gitt ut sine bøker. Forfattarane fortener merksemd for bøkene sine, om det så er negativt eller positivt.

8. Kommentere på dykkar bloggar
Av og til gløymer eg heilt å kommentere på dykkar bloggar. Eg blar nedover lista på blogger.com, ser eit innlegg, les det, men kommenterer ingenting. Det er mange gode omtalar der ute eg har lese, men som eg ikkje har kommentert i det heile teke. Unnskyld, eg skal prøve å bli betre. Det er så mange som fortener fleire kommentarar frå meg.

9. Linke til andre bloggar
Mange gonger, når eg har lese ei bok, er det andre òg som har blogga eller omtalt boka. Deira omtalar fortener å bli lesne, og difor kan det jo kanskje vere ein god idé å linke til deira omtalar, slik at andre får lese forskjellige meiningar om boka, og ikkje berre mi. Her har eg ein stor jobb å gjere, og særleg sidan de av og til linkar til mine. Takk for det, eg har sett det nokre gonger, og eg bør bli like god til det.

10. Utvide lesehorisonten
Eg har fått ein sterk motstand mot fantasyromanar, visse ungdomsromanar, science fiction og mange andre. Eg trur det er på tide å utvide horisonten litt. Eg har tenkt å lese litt fleire ungdomsromanar dette året, og særleg sidan eg har lese så få dei siste åra. Det har noko med at eg har oppdaga vaksenliteraturen, og då blir det nedprioritert, i tillegg til at mykje ungdomslitteratur er veldig lik. Eg har av og til litt fordommar mot ungdomslitteraturen, fordi eg trur alt er så likt. Kanskje eg bør byrje å utforske meir her og ikkje berre avvise alt det?

11. Oppdatere Facebooksida meir
Det skulle eigentleg vere ei tipunktsliste dette her, men når du skriv, finn du plutseleg på endå meir. Som til dømes facebooksida. Oppdatere den kan kanskje vere ein idé. Eg har prøvd, men av og til gløymer eg meg heilt av og plutseleg har eg gløymt å linke til fem innlegg på rad på bloggen. Eg har blitt betre, men det er framleis ikkje heilt bra. Facebooksida heiter forresten "Once Upon A Time - ein bokblogg"

4 kommentarer:

  1. Lykke til :D

    Hørtes slett ikkje dumt ut.. Skriver sånn pepp liste te meg sjølv i begynnelsen a hvert år sjølv.. Men er utrolig dårlig te å gjere noko me det :(

    Så lykke til :) Håper du klarer det bedre en meg :P

    SvarSlett
    Svar
    1. Skal i alle fall prøve å klar det! :) Har endå ikkje laga ei slik liste før, men tenkte at presset er litt større, når eg legg henne ut på bloggen :)

      Slett
  2. "Å føle at ein må lage ein omtale gjer ikkje at omtalen blir betre. Tvert om." Godt sagt, og noe jeg strever med å lære meg. Man må ha tid og lyst til å skrive om bøker for at det skal bli bra. Omtaler skrevet på autopilot er som regel like kjedelige å lese som de er å skrive.

    Jeg synes ikke det er et poeng i seg selv å skrive om forfatteren med mindre du har noe spesielt å si, eller det påvirket opplevelsen din av boka.

    Ellers var jeg omtrent på din alder da jeg droppet ungdomslitteraturen til fordel for voksenlitteraturen, og jeg har aldri sett meg tilbake. Så det er da intet poeng i å gi den en sjanse hvis du liker voksenlitteraturen bedre. Men det hadde jo vært interessant å høre ditt (kritiske) blikk på ungdomslitteraturen, og om fordommene dine stemmer.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg er litt spent på ungromslitteraturen sjølv. Når det gjelder det med forfattarane har du nok rett, men eg skal prøve. Går sikkert i gløymeboka litt raskt, men prøver av og til å ta med litt om forfattaren i ein setning eller to. :) Og det med innlegg skrivne på autopilot, eg har litt for mange av dei. :)

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...