torsdag 12. juli 2012

bok: Boticellis hemmelighet av Marina Fiorato



Vidunderlig frisk og levende, med en herlig respektløs heltinne er Botticellis hemmelighet en mesterlig kombinasjon av historisk intrige og romantisk eventyr.
I det fargerike 1400-tallets Italia møter vi den unge og vakre Luciana Vetra, som arbeider som modell på deltid og hore på heltid. Når hun blir spurt om å stå modell som gudinnen Flora i Sandro Botticellis maleri La Primavera, samarbeider hun gjerne – helt til kunstneren plutselig sender henne på dør uten betaling. Hun blir fornærmet og stjeler en uferdig versjon av maleriet – men det går ikke lang tid før hun finner ut at noen er villig til å drepe henne for å få det tilbake.

Vidunderlig, vakker og ein skikkelig pageturner er ord som kan beskrive dette meisterverket av ei bok!

Hovudpersonen Luciana gir først eit direkte skittent og umoralsk inntrykk på meg, som protistuert og florentinsk borgar. Å tilfredsstille menn er jobben, og penger er lønna ho får, som hjelper henne og "kollegaen" til å behalde huset sitt. Luciana er svært fiksert på kropp, utsjånad og hår i byrjinga av boka, noko som sikkert er naturlig når du tenker på yrke og kva ho lever av. Det som sjokkerer meg mest i møte med henne er den unge alderen hennar. 

Historia startar svært raskt og går rett på sak. Luciana har blitt tilbudt jobben som modell for Botticellis Primavera (våren) gjennom kunden Bembo. Det er på dette punktet i forteljinga lesaren kanskje blir vekka mest opp, for det står klart og tydelig at Botticelli og maleriet har noko med heile handlinga å gjere, og derfor er det dyktig å dra fram dette så fort. 

På veg til Botticelli passerer Luciana klosteret i Firenze, og med det ein annan som er med på å dra forteljinga, bror Guido, ein av dei få som er uanfekta av Lucianas utsjånad og hennar direkte framtoning. Men òg han er direkte mot henne i denne delen av boka. Og han tilbyr henne ein stad å vere om det ein gong var nokon ho skulle trenge å verne seg mot, noko som blir høyrt. 

Besøket hjå Botticelli går glatt, heilt fram til ein liten skjebnesvanger replikk i frå Luciana si side, som skal vise seg at er farlige ord. Etter å ha måla ferdig andletet til Luciana, ber Botticelli henne om å gå, utan betaling, men Luciana gir seg ikkje så lett. Dristig som ho er, stjel ho ei veldig forminska, uferdig utgåve av måleriet, og dette set alt i gang. I fare for å bli drepen, utan at ho veit kvifor, søker Luciana bror Guido opp i klosteret, og saman legg dei ut på si livs reise, for å finne løyndommen bak måleriet. 

Kunst er veldig sentral i denne boka, og tolkninga av Primavera (våren) var veldig interessant. For å vise korleis dette berømte bilete ser ut, har eg lagt det til i dette innlegget. 


Det er fantastisk å sjå bilete, og eg har sett det sjølv i Firenze. Det finnes mange teoriar og tolkningar på bilete, noko eg gjerne trur. Det skal vere eit av dei måleria med flest forskjellige tolkiningar, og ei av desse byggjer boka Botticellis hemmlighet på. Nå tvilar eg på at dette skjedde og at det er bodskapet i biletet, for personar i boka er ikkje personar som verkeleg har vore til, men unntak av dei forskjellige herskarane i Italia på den tida. Og sjølvsagt Botticelli, Da Vinci og paven. 

Nokre tolkningar og namn er det kanskje vanskelig å følge med på, men du treng ikkje å frykte at du ikkje forstår noko, for til sjuande og sist blir alt godt forklart, og det er lett å forstå ettersom at Luciana ikkje kan vere den i verda med størst hjerne. Det i motsetning til den veldig lærde bror Guido, som bruker uttrykk som til og med lesaren må få forklart. Frykt ikkje, Luciana treng forklaring på ord, så me får forklaringa. 

Skildringane er svært gode, og orda eg skreiv rett under baksideteksten her opp burde ha stått som ei forsikring på det nydelige omslaget som preger boka. Kjolen på omslaget, mest sannsynlig Lucianas, er nydelig, og passar veldig til å prege bokas omslag. Og eg har veldig lyst på ein slik kjole sjølv, men dessverre strekker nok ikkje syeigenskapane mine lenger enn til å vite korleis eg stikk ei nål gjennom stoffet. 

Først såg det ut til at boka var prega av skrivefeil, men nei, det var bare talefeil i frå Lucianas side, som raskt blei retta opp av bror Guido. Bare ein liten glipp i skrivinga, som det ikkje er noko å seie på. 

For de som ikkje er veldig svake for renessanse og kunst og Italia på 1400-talet, kan nok denne boka verka litt keisam av og til, men det er ikkje bare for kunstinteresserte. Tvert i mot har Fiorato meistra å lage eit verk som kan bereknast på fleire enn bare dei som er interesserte i renessanse og kunst. Du treng ikkje ein gong å vite noko som helst om kunst for å henge med, men total uinteresse for renessanse og kunst er nok ikkje det boka bør bli møtt med. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...