mandag 21. november 2011

8 gode grunnar til Tryggheim vgs




Hei, nå har eg nettopp vore på Tryggheim vgs, den fabelaktige vgs-skulen me har her på Nærbø. Privat og kristen og ikkje langt i frå der eg bur.


Her har eg tenkt å gå til neste år. (akkurat nå) Og eg veit til og med kva eg vil gå Vg2. Ikkje realfag, men språk samfunnsfag og økonomi, og nå gler eg meg som ein gal. Og i tillegg har eg fått vite av mi beste veninne at det er 80-90% sjanse for at ho òg skal gå der. Vel ho almenn (eller studiespesialisering som det heiter nå) blir det Tryggheim. Det er sjølvsagt ikkje 100% sikkert at eg vel Tryggheim framfor st. Olav, men nå trur eg det.
Det er enormt mange grunnar for meg til å velge Tryggheim

  • kortare reiseveg (slepp å stå opp seks om morgonen og stresse til toget, for så å kome heim fem om kvelden og setje meg til med leksene)
  • Mindre stress (og meir miljøvenlig) med sykkel enn med tog. NSB kan jo vere forsinka
  • Skulen er kristen (viktig for meg)
  • kan vere med folk i frå fleire stader i landet og ikkje bare frå Nærbø. Det er perfekt for meg som liker å treffe nye folk
  • Skulen har dei faga eg vil ha
  • Mange av dei eg kjenner skal gå på Tryggheim
  • Har bibelgrupper på kveldstid etter det eg har forstått
  • Godt miljø
Einaste negative er kanskje at eg  har mindre tid til å lese på toget, men det hadde vel for det meste bare blitt lekselesing. 

Så kvifor ikkje? 

Og sjølvsagt, på sånne stader som Tryggheim og i andre kristne krinsar er eg heilt meg sjølv!!

1 kommentar:

  1. For en spennende tid du har foran deg :) Og tusen takk for de gode ordene hos meg i går, de setter jeg stor pris på! Klem fra Anette :)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...