torsdag 17. november 2011

julekalendar på NRK og i huset

Kjelde:
I dag hadde eg tentamen og kom i skikkelig julestemning då eg sat og åt mandarin. Og eg har ein gledelig melding. Dette året på barne-tv skulle det vore eit nytt program, julekongen, men det blei ikkje ferdig. På grunn av dette tar dei heller eit kjent og kjært program, nemlig jul i blåfjell. Nå sit det ei skikkelig happy jente her som nynner på "Kom blåne, kon jente kom gutt..."




kjelde:
Og så finnes det nokre kjekke julekalendarar til å ha i huset, nemlig bøker. Alle som vil ha eit tips til ei koselig bok til jul der du les eit kapittel kvar dag bør prøve julemysteriet av Jostein Gaarder. Der blir du kjent med Joakim som får ein merkelig julekalender. Det er verken sjokolade (som i dei moderne julekalendarane) eller trefigurar (som i dei eldre julekalendarane) i lukene, men lappar som fortel historia om Elisabeth si reise til Betlehem for å sjå underet som skjedde der.

Det er ei skikkelig spennande bok, og utgåva det er bilete av her, er det òg bilete i av bileta som er i julekalendaren til Joakim. Me har eit anna eksemplar, men eg har skikkelig lyst på dette med alle dei koselige bileta. Dette året derimot skal me prøve oss på ei ny adventsbok som heiter mysteriet med morgenstjernen. For å sjå litt kva boka handlar om kan du gå inn her og lese første kapitte.


Ei siste bok som er kjekk som julekalendar er Framtidslandet. Det er ikkje nokon spesiell forfattar, men boka byrjar med ei lita forteljing den 30. november og den litle stjerna Jubar (trur den heiter det) som er sjuk og held på å døy. For å redde stjerna må dei andre stjernene reise ned til jorda og for å finne forteljingar til stjerna. For kvar dag i desember og ut til 6. januar er det ei historie i frå jorda som dei har funne til stjerna. Nokre av forteljingane er Bygda som glemte at det var jul, den ganle julesangen og mange andre kjente. Boka er utgitt i 1999 og ser slik ut.

kjelde


Mai Lene








1 kommentar:

  1. Synd de ikke ble ferdig med det som var nytt, men blåfjell er jo veldig fint da:)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...