tirsdag 29. november 2011

Top ten Tuesday


Har sett på bloggen til Astrid Terese, betraktninger, som har eit topp ti innlegg kvar tysdag. Eg kan ikkje seie at dette blir noko fast, men denne gongen hadde ho eit fint tema: Topp 10 juleønsker.

Bøker er alltid velkomne her til jul, og det har kome mange bøker som eg kunne ønske meg.


  1. Huset du elsket av Tatiana de Rossnay. Eg har lese både Saras nøkkel og Bumerang og eg syntes dei var fantastiske. Nå er eg klar for ei til bok av denne forfattaren. Boka har eit fint omslag som vekker interessa mi, og eg synes at det er ei interessann handling. 
  2. Blodrød vei av Moira Young. Las for første gong om boka på bloggen flukten fra virkeligheten. Verker som ei sterk og god bok. Ei bok som eg kan like. 
  3. Reisen hjem av Lori Lansens. Dette var ei bok eg såg på då eg var på julehandel i Kristiansand i helga. Verka interessant, og eg trur dette er ei bok eg hadde vore klistra til. 
  4. Crossed av Allie Condie er ei bok eg lenge har sikla etter, sjølv om eg må lese henne på englsk. Omslaget er fantastisk og har nesten alt med boka å gjere, og eg likte Matched veldig godt. 
  5. Harry Potter-bøker av J. K. Rowling. Eg har fire av bøkene (to på engelsk og to på norsk) og eg ønsker meg den første, fjerde og sjette på engelsk, sidan eg synes bøkene er best på originalspråket med meir morosame ord og mykje mindre banning. Bøkene heiter på engelsk Harry Potter and the philosopher`s stone, Harry Potter and the goblet of fire and Harry Potter and the order of phoenix.  
  6. De hvite englene av Julia Gregson. Spennande tema synes eg, og det er òg ein fin tittel. 
  7. pretties av Scott Westerfeld. Veldig lenge hatt lyst på denne boka. Eg har blitt meir glad i bøker som handlar om framtida nå enn det eg var, så denne boka er eg spent på. 
  8. Hallo elsk meg da av Johanna Thydell. Denne boka har eg sett på i ca. eit halvt år, og eg synes den verker interessant og håpar at den ikkje er slik som rapport fra et sandkorn. 
  9. En helt overkommelig bibel av Knut Tveitereid. Kunne tenkt meg ei slik andaktsbok sidan eg bare fekk ei til konfirmasjonen, og den boka har ikkje så veldig mange andaktar. Denne har ein for kvar dag i året. 
  10. Bare ikke deg av Katarina von Bredow. Verker som ei god ungdomsbok som eg håpar på å få lese snart. 
Heilt til slutt vil eg bare informere om at Elin på bloggen Elins bok og filmverden skal ha julekalendar. Gå inn å sjå her. 

1 kommentar:

  1. Fine bøker dette. Jeg kunne også tenke meg Blodrød vei, og har ellers akkurat fått Matched. Vil også lese Uglies etterhvert. Tenkte å lage denne listen neste tirsdag, denne uken lagde jeg en annen liste.

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...