mandag 7. november 2011

Tematrio - serier

På bloggen Lyrans noblesser er det kvar veke noko som heiter tematrio der du laga er ei liste på tre ting etter eit tema. Denne veka er temaet seriar.


Før syntes eg det var kjempekjekt å lese seriar, men nå trur eg eg liker meir enkeltståande bøker, men framleis har eg nokre favorittseriar. Sidan (eg trur) eg har hatt veldig mykje om Harry Potter før og sikkert nesten alle veit at det er min absolutt favoirttserie, går me litt vekk i frå den og over på andre seriar.


  1. Eg syntes at Skammarserien var skikkelig bra og fengande. Lene Kaaberbøl skriv verkeleg bra og eg var heilt med gjennom alle bøkene. 
  2. Twilight var ein serie som fenga meg. I byrjinga var det den beste serien eg kunne tenke meg og eg var heilt på hekta på bøkene gjennom heile 7. trinn og mykje av 8. Nå liker eg ikkje twilight like mykje lenger, men eg har tenkt å sjå den siste filmen. 
  3. Den tredje på lista er ein serie som eg ikkje er like glad i nå lenger fordi eg synes ikkje dei er like gode som det eg syntes før, men eg var skikkelig hekta på frk. Detektiv og Nancy Drew. I alle fall dei eldste bøkene. Eg er ikkje like glad i dei nye bøkene som har kome der det er i 1. person Og eg liker ikkje dei som Nancy Drew som ung, fordi dei er for enkle. Nei, den aller beste Nancy Drew boka var den første eg las som eg ikkje hugser kva heiter lenger. =(
Mai Lene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...