tirsdag 15. november 2011

surrete

Til vanlig skjer det nesten ingenn ting i mitt nokså vanlige liv, men eg er svært distré og det kan føre til nokre veldig morosamme situasjonar. Som til dømes i dag. Eg skal fortelje dykk heile historia.

På tysdagar har me alltid gym i siste time og derfor syklar eg heim i gymkleda og skifter heime som regel. Annan kvar tysdag har me noko som heiter K2i kyrkja og ca. ein halvtime etter at eg kjem heim då, må eg sykle opp til kyrkja. (K2 er på ein måte vidareundervisning frå konfåret). Men i dag gjorde eg det same, skulle skifte i frå gymklede og til vanlige. Og eg skifta, skulle pusse tennene, såg meg i spegelen og såg den STOOOOOOOORE tabben eg hadde gjort. Eg hadde tatt på meg den rosa Hello Kitty-nattasen min istaden for dei andre kleda og var så og seie fiks ferdig til å legge meg. Men eg fekk skifta tilbake og det var ut i gangen med riktige klede og pianonoter. (går på piano etter K2) Eg kom meg ut døra og alt var med...pluss litt meir. Akkurat då eg hadde låst døra merka eg at eg hadde hengt på meg skulesekken og den var det ikkje nødvendig å ha med. Dermed måtte eg låse meg inn, legge den i frå meg, gå ut og låse på nytt. Då eg hadde kome halvvegs over grusen framfor huset hugsa eg på noko nytt. Eg hadde gløymt hjelme. Då bar det bort til døra igjen, eg låste opp, henta hjelmen og låste og hadde nå veldig dårlig tid. Å få sykkelen ut av garasjen var ikkje akkurat det vanskeligaste, men kvifor ei retning. Hmmm. Fortauet utanfor gata vår er stengt pga arbeid, men det var der eg skulle til å svinge inn, men innsåg i siste liten at eg hadde sykla feil og måtte sykle tilbake. Til slutt kom eg meg opp og nå sit eg og leir av heile greia.

Og ein ting til. Eg er med på ein konkurranse på Marita sin blogg om å vinne filmane dear john og a walk to remember. 

Mai Lene


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...